9 minute read

DET VAKRE FJELLET

Next Article
KUNST I EIDFJORD

KUNST I EIDFJORD

FOTO: ROSENDALNATUR ��

FRÅ SKARD, MOT TRØSTEHØLEN OG PRESTAVATNET. BAK SKEISFJELL OG TIL VENSTRE DAURMÅLSHAUGEN.

Advertisement

FRÅ BJØRNDALSTRAVERSEN MOT BJØRNDAL, MED ØYRAVATN, STØLSVATN, ISORVATN OG PRESTAVATN. I BAKGRUNNEN USKEDALSFJELLA OG TIL VENSTRE, ÅKRAFJORDEN, MATRESFJORDEN.

FOTO: ROSENDALNATUR

Du finn ei velsigna ro der oppe over tregrensa, ei ro som gjev fred i sjela. Likevel er fjellet fullt av liv, der ulike dagar gjev varierande D e t v a k r e f j e l l e t ! oppleving. Ljos, mørke, varme, kulde, sol, regn, vind – gjev store kontrastar, men alltid råma inn av ein eventyrleg natur! Fjellet gjev deg mange lukter frå vegetasjon, stundom av knust stein, av sveitte, appelsin, og kaffi. Lyden av vind og rennande vatn, lyden av natur. Rypesteggen sin fasinerande kommunikasjon, i mange vakre variantar.

TEKST: SIGURD VIKØREN

Fjellet si gåve til augo, til synet, er grenselaus. Fargane, endringane, årstider, blomar, vatn! Det finnest ingen grenser for fjellet sine gåver til augo. Saman med opplevinga til dei andre sansane er fjellet sitt bidrag til den gode kjensla heilt enorm, i alle høve for meg.

Arv og miljø er to grunnleggjande faktorar, for kven du er og kva du blir, både på godt og vondt. Eg vaks opp i Rosendals-fjella og er merkt for livet av det.

Både arv og miljø var nok viktige bidrag til at eg alt frå fireårs-alderen og i aukande grad, brukte mykje tid over tregrensa. Fann stor glede i slike turar og utvikla snart ein evig kjærleik til fjellet.

Store delar av desse fjella kjenner eg som mi eiga bukselomme; formasjonar, steinar, bekker, blomar, utsiktspunkt. Kvar beste fiskeplassen er, kvar det ofte er ryper, kvar snøfonna ligg lenge. Veit om snarvegar, eller kvar du lett går deg skårfast. Kjenner til stader med ekko, og bortgøymde myrer med molter. Fjellet har mange løyndomar, som fjellet likevel delar med gode vener når dei kjem på vitjing. I fjellet opplever eg fasinerande dømer på at når lysta til liv er stor nok, finn ein løysing på det meste, også der ingen skulle tru at…. Ei fjellbjørk i kanten på eit vatn er trykt ned av snø og is, slik at ho ikkje kan veksa i høgda, i staden veks ho utover i breidda. Bjørka er likevel frisk og oser av livskraft. Ein rogn har funne livsgrunnlag i snaufjellet på 1180 meter, fleire hundre meter over tregrensa. Imponerande vakker, står ho der, på ein liten lun plass langt inne i snaufjellet, med Folgefonna som ein mektig nabo. Slike optimistar reknar eg som gode vener, og må alltid vitja dei når eg er i nærleiken. Eit samvær på berre minuttar, gjev meg stor inspirasjon.

Eg kjenner meg absolutt heime i desse sjarmerande fjella. Har vore her i sydaust vind i alle varianter, i torevêr og snøstorm. Når det er blikk stille, i strålande sol, og i regn og skodde. Lege på rygg i mørke natta og kikka på stjernene og tenkt store tankar. Har vore iskald og våt, gått i shorts langt ut i oktober, Vore på Graasåta (inn mot fonnakanten) den 5. november 1967, i t-skjorte!

Utanom fisking i alle vatn, har nok dei aller fleste

FOTO: JAN RABBEN turane vore til Skeisfjell, aller mest på rypejakt. Eit makalaust fjell heile året, eit fjell du blir glad i, kanskje aller mest om hausten. Ei synsing får meg til å tru at eg kanskje har vore 500 gonger i Rosendals-fjella gjennom 70 år. Har aldri ført statistikk, men, mange av turane på Skeisfjell har vore lange dagsturar, andre gonger har vi overnatta. Kanskje har eg til saman vore i desse fjella eit heilt år?

1100 meteren er høgaste punktet på Skeisfjell (1104 m). Her er ofte samlingsstad mellom vener på rypejakt. Ein kjær stad, med flott utsikt og god livd om det bles. Her har vi hatt mange store opplevingar. Feira 7-årsdag, der vi koste oss med bløtkake med ljos på, eit heilt magisk minne.

Ein gong vi låg i "livd" for vind rett under toppen, landa ein ravn ein meter frå meg. Eller kanskje det er meir rett å seie at krompen hadde tenkt å landa.

FOTO: KÅRE EIK FOTO: ROSENDALNATUR

FRÅ ANDERSFJELL MOT SKEISFJELL.

FOTO: JAN RABBEN

FOTO: ØYSTEIN SKAALA

HATTEBERGVASSDRAGET MED PRESTAVATN OG RINGERIKSFOSSEN

ORRELEIK

Då eg var i militæret, i LVA (Luftvern-artilleriet), på Bardufoss Flystasjon, låg vi i bunkers og skaut med mitraljøse på jetflya, som kom inn og var så vidt nedpå rullebana. Trur flya i 1970, heitte Fridom fighter, og det dei dreiv med i "kuleregnet" vårt, kalla vi "Tuch and go!"

Slik var det med ravnen på 1100-meteren og, ein retteleg "fridom fighter," han subba så vidt nedpå. Sjølv om krompen ikkje vart utsett for noko "kuleregn," kunne det sjå ut som han ikkje lika selskapet han plutselig var i ferd med å bli ein del av. Den svarte fuglen ante nok fred og ingen fare då han gjekk inn for landing. Truleg fekk han sjokk, og var heilt på grensa til å få infarkt, då han oppdaga at "LVA" var i fjellet. Corvus corax, ein vaksen ravn, kan ha eit vengespenn på over 1,3 meter. Når du kjem så tett på han, verkar han imponerande stor.

Ein strålande dag i slutten av oktober med over 20 grader, låg eg oppunder same toppen åleine og koste meg med kaffi og den vakre utsikten. I ryggsekken låg det tre ryper, så humøret var langt over middels.

I eit område av fjellet, rundt toppen, ligg det masse små lause steinar/heller. Når nokon trør på dette underlaget, så høyrer du at det kjem folk.

Denne dagen hadde eg ikkje sett folk, men, høyrde no at nokon kom, kanskje det var kjensfolk? Før eg hadde tenkt ferdig om kven eg trudde det kunne vera, så var det ein heilt annan luring som runda haugen. Truleg den største kronhjorten eg har sett, i lett trav, med hovudet høgt heva. Han bles i nasa og sprang gjennom nokre grunne regnvasspyttar så vatnet skvatt, for eit syn! Du kan bli religiøs av mindre, det var berre fantastisk vakkert. På Skeisfjell har eg i meir enn 50 år jakta ryper og ein og annan hare. Her har eg møtt mange andre som trivest i fjellet; Lemen, mus, røysekatt, rev, kongeørn, fjellvåk, orrfugl, ikkje minst karakterfuglen steinskvett og mange andre trekkfuglar. Møtt ufatteleg store flokkar med trast, og sett opp til 5-6 gaukar i flokk. Observert mange spennande spor, trur sjølv eg har sett spor etter både gaupe og jerv.

Til avslutting på fjellturen vår, vil eg gjerne dela ei søt lita historie med deg. Ein haust det var mykje lemen i fjellet, hadde eg teke ein liten pause for å eta niste. Sat på sida av ein liten dam med regnvatn, under eit lite berg med grasgangar i. Plutselig dukka det fram ein staseleg liten kar, han fant seg nokre strå til å kosa seg med, måtte ha litt niste han og.

I grenseland av korona-avstand, var det meir enn triveleg å studera typen og aktiviteten. Han hadde ikkje oppdaga kven han var saman med, så då eg halvhøgt spurde han "- da går fint?" Kvakk han til, fekk meg i fokus. Hoppa rett opp, mista fotfeste, sklei ned berget og ut i dammen. Sømde over, og forsvann som ein rakett retning Folgefonna! Heller ikkje denne karen ville ha noko nærkontakt med meg.

Likevel har det vakre fjellet gitt meg inspirasjon og glede gjennom snart 70 år. At vi fekk Folgefonna nasjonalpark med kringliggjande landskapsvern, saman med varig verna vassdrag, gjev von om at komande generasjonar også skal få oppleva gleda med dei vakre fjella! Det er ikkje mykje i denne verda som gler meg meir.

5

6 ROSENDAL

- Ferskvareavdeling med det du treng til ein perfekt dag med til dømes grilling

- Nysteikte bakervarerfrå tidleg morgon

- Fristande frukt & grønt-diskar BILETET ER FRÅ JUKLAVASSKRUNA MOT - Velsmakande rettari varmedisken BJØRNDAL, MED ØYRAVATN, STØLSVATN, ISORVATN OG PRESTAVATN.

HEILT OPPE I BILETET KAN DU SKIMTA ÅKRAFJORDEN/MATRESFJORDEN. SJÅ WWW.SPAR.NO

Måndag –Fredag 07–22 / Laurdag 08 –20

Sundag 12 –17

/ Gjeld ut august 2019

- Ferskvareavdeling med det du treng VI HAR ÅPENT: til ein perfekt dag med til dømes grilling måndag - fredag 7.00 - 22.00 - Nysteikte bakervarer frå tidleg morgon lørdag 8.00 - 20.00 - Fristande frukt & grønt-diskar søndag 12.00 - 17.00

Besøksadresse: - Velsmakande rettar i varmedisken Skålagato 37, 5486 Rosendal (gjeld ut september 2020) Tlf: 53 48 11 05, rosendal.sport@sport1.no - min butikk- Rosendal Sport Besøkoss på Facebook: Rosendal SportAS

SIGURD VIKØREN

BLOD ER J KARE ENN ATN! T UK V

BLOD ER TJUKKARE ENN VATN!

Dette er ein historie om oss, deg og meg. Om liv og død, kjærleik, dop, smugling og dobbelmoral! På vestlandet, i London, Stockhom og Bergen.

Spenningsroman om haldningar, grenser, lagnad, samvit. Vår vilje og evne til å endra grunnleggjande etikk, når vi kjenner at blod er tjukkare enn vatn!

Ikkje i alle idrettsgreiner du kan debutera i ein alder av + 70! men, er sjakk idrett, så er det å vera forfattar også idrett.

Idrett, sjakk og forfattarskap kan utøvast på mange nivå.

Du kan førehandstinga boka om du vil, på sigurd@vikorenmedia.no så tar vi kontakt når boka er klar for levering i god tid før jul.

Teigen Bygg & Trelast AS, 5460 Husnes Tlf. 53 47 59 10 info@teigen.byggern.no

Opningstider: Månd.-fred.: 07.00–18.00 Laurdag: 09.00–15.00

SNAKK MED OSS OM HUSDRAUMEN DIN! Iver A. Blokkum, Lars Trygve Tveit & Thomas Viken står klare til å hjelpa deg med din husdraum! Kontakt oss: Iver, tlf. 53 47 59 11 Lars, tlf. 53 47 59 17 Thomas, tlf. 53 47 59 18

– DU KAN STOLA PÅ FAGFOLK

This article is from: