4 minute read

OLAV LINGA

Next Article
KUNST I EIDFJORD

KUNST I EIDFJORD

KORONA-PANDEMIEN OPNAR FOR EI POSITIV FRAMTID!

Me må leita fram dugnadsanda og sakte men sikkert vakna frå koronadvalen. Det krev eit krafttak frå oss alle. Spør ikkje kva regionen din kan gjera for deg, men kva du kan gjera for regionen din! skriv Olav Linga i ein kronikk i Haugesunds Avis.

Advertisement

Olav Linga, konsernsjef Haugaland Kraft, fødd og oppvaksen i Øystese i Hardanger. Ein torsdag tidleg i juni kom vi, konsernsjefen og eg samstundes til sommarøya Stord. Vi hadde ein avtale om å ta ein prat om korleis vi kan snu heile denne koronakrisa til noko positivt.

Vi må sjå moglegheitene, seier Olav. Alt for mange såg heilt svart på framtida då denne pandemien råka oss. Mange bedrifter permiterte og sa opp folk. Då er du i realiteten i ferd med å avvikla, og i dei fleste tilfelle heilt utan grunn. I same gata finn du dei som seier at nei, no tar vi ikkje inn nye lærlingar. Dette er negative tankar som lett kan vera byrjinga på slutten.

Olav peikar på kor viktig det er å halda hjula i gang. Som døme viser han til fleire aktørar som har brukt korona-utfordringane til å tenkja positivt. Olav nemner Kværner på Stord som har donert både millionar og verneutstyr til helsestyresmaktene på Stord.

Også Haugaland Kraft har teke del i denne dugnaden. I mars, april og mai reduserer vi rekninga til straum- og fiberkundane våre med totalt 30 millionar kroner, og vi har gitt million-lån til flyplassen på Karmøy for å sikra vidare drift.

Dei 30 millionane er eigentleg eit gigantisk marknadsføringstiltak. Ei frisk satsing, fordi vi såg moglegheiter. I dei marknadane vi opererer utan om levering av elektrisk kraft, så har vi aldri hatt meir å gjera. Vi har 50 mann i sving med å etablera fiber. Vi klarar ikkje å levera alt som blir etterspurd. Vi må slutta å syta, og sitja i ro å venta på pengar frå staten. Det er ikkje nok pengar til alle, dei sit ikkje i Oslo heller og trykkjer pengar. Om du får noko i det heile, så er det nokre få tusenlappar. Gløym offentlege tilskot, du må ta initiativ og ansvar sjølv, skal du koma nokon veg.

Krevjande utfordringar er ein del av kvardagen. Nokon bedrifter slit, mange av dei er bedrifter som var på kanten før koronaen kom. Nokre av dei vil gå konkurs, men det er ein del av slik bedriftslivet er. For dei aller fleste vil det vera lurt å sjå på dette som ei utfordring. Sjå på dei moglegheiter framtida etter koronaen gjev.

KVA KAN DU BIDRA MED?

Konsekvensane av koronaepidemien kjem til å følgja oss i lang tid. Samstundes kan vi no skimta lyset i tunnelen, seier konsernsjefen. Etter fleire månader med unntakstilstand ser virusutbrotet ut til å vera på retur, takka vere fellesskapet sin innsats i form av smittevern og sosial distansering. I løpet av dei siste vekene har det blitt rapportert om få smittetilfelle i i vår region, og ingen nye innleggingar på sjukehusa i Haugesund, på Stord og i Odda.

Vi må henta fram optimismen og sakte men sikkert vekkja regionen til live igjen etter koronadvalen. For å låna fritt frå eit velkjend sitat av ein tidlegare amerikansk president – spør ikkje kva regionen din kan gjera for deg, men kva du kan gjera for regionen din! Kan du handla lokalt? Støtta ekstra opp om kulturlivet og reiselivet i regionen ved å bruka feriepengane i heimlege strok? Tilby ei hjelpande hand til det lokale idrettslaget eller ein frivillig organisasjon? Realisera nye prosjekt som bidreg til lokal verdiskaping?

DET ER I MOTBAKKE DET GÅR OPPOVER

Det handlar om å slå ring om alle dei lokale tilboda som bidreg til trivsel og vekst, enten det er kjøpmannen på hjørnet, dei lokale festivalgründerane eller blomebutikken i heimbygda. Det handlar også om å snu utfordringane krisa har ført med seg til framtidig konkurransekraft. Det er i motbakke det går oppover, blir det sagt. Det er no me skapar arbeidsplassane for framtida. Vekstbedrifter kjem til å spela ei sentral rolle for sysselsetjinga og verdiskapinga i åra som kjem -det vil vi bidra til!

Vi må alle våga å ta sjansar, sjå moglegheitene og utnytta dei unike ressursane og den verdifulle kompetansen som finst i Sunnhordland og Hardanger. Å tissa i buksa for å halda varmen er som kjend ein lite langsiktig strategi. Bedrifter som utelukkande responderer på koronakrisa med nedbemanning og kostnadskutt vil få store problem i framtida.

Alle må stilla seg spørsmålet - korleis kan vi koma styrkja ut av denne situasjonen, både som lokalsamfunn, som region og som medmenneske? Kan vi bli meir berekraftige, både som privatpersonar og som bedrifter? Kan vi inngå samarbeid framfor å konkurrera?

La oss leita fram dugnadsanda, spela kvarandre gode og sjå mot lysare tider. Ingen bidrag er for store, ingen for små. Dersom alle brettar opp ermane og gjer sitt, vil regionen langs Hardangerfjorden kunna stå støtt som ein minst like sterk og attraktiv region etter at koronaen har lagt seg, seier ein ekte framtids-optimist.

Olav Linga, takk for at du ville dela dine positive tankar med oss!

GOD SOMMAR FRÅ HAUGALAND KRAFT!

I år blir det kanskje nokre fleire dagar på hytta. Har du straum frå Haugaland Kraft på din private bolig, får du ein ekstra god avtale på straum til hytta.

This article is from: