4 minute read
HARDINGFOTBALLEN FØR I TIDA
Me sat ofta bak i brødbilen hans Nils Tveiten på veg til kamp. Eller stabla i Folkevogbussen til Brakanes Hotel. Det var like mange svingar i Hardanger då som no, like mange bråbratte stup ned i fjorden. Men me hadde stabbesteinane og ferjene over fjorden. Dei berga oss frå å verta øre vrak før kampane.
AV: KVITANESEN
Advertisement
Ballen var litt halvrund, gråsliten og vasstung på regnfulle dagar seint i august. Eg hugsar at han Tore fekk eit blinkskot i bakovudet av ei slik blauta kanona frå ein av spelarane på Vines. Han vakna ikkje før me var i land i Kvandal. Verre var det når kula for på fjorden eller hamna i Granvinselva. Då kunne det gå ein halvtime før kampen kom i gang att etter at ein aurefiskar sluka han på land i ein kulp nedafor det gamle kommunehuset i bygda. Og på fjorden var det til å fossro, eller kasta stein på utsida av ballen slik at klysa rak i land før myrkret seig inn og alt vart mørkt.
Ja, banane i Hardanger låg vakkert til krinsa av fonner og fjell, fjorden og fjøra. Det var ikkje mykje meir godt å seia om dei. Verst var det i Ålvik, grusen var svart og seig. Fekk du eit skrubbsår etter ein knokkeltakling der, var du merkt for livet. Eg har framleis ei tatovering på høgre hofta etter eit sleivspark frå ein av selisiumspelarane frå Ålvik. Men verre var det at me ikkje såg over banen der. Røyken låg som i ei middels måstova. Men kom dei eit vindkast inn frå Fykse kunne me kanskje treffa målet. I Eidfjord hadde dei lagt lengdegropa framfor mål. Det visste nok eidførene, men me andre hadde det med å snubla i byggverket når me trudde vegen fram til mål og jubel var kort. Der inne har dei alltid vore sparsame, og me kunne gleda oss over at banen var strøydd med samo og ikkje dyrt krit når me kom inn mellom fjella . Han bles vekk i fyrste omgang! Men det gjorde ingenting, for domarane var far til ein av spelarane på eidfjordlaget og visste kvar sekstenmeteren skulle ha vore.
Det var sjeldan garderobar å oppdriva i Hardanger når me spelte fotball på syttitalet. I Ulvik hadde me tyskarane å takka for ny skule og varmt vatn etter krigen, men elles var det skralt. Når me kom ned frå lasteplanet til bakaren, gjekk turen ut i lyngen til maur og flått for å få på oss bukser og blusar. I pausen kunne me pissa og drita bak naust og nedlagde utløer. I Eidfjord står det enno att store klynger med frisk rabarbra etter oss.
Mange hadde ikkje fotballsko i starten. Johan, gamal langrennsløpar, spelte i beksaumsko og mange dribla seg gjennom med lakkskoa frå fsten dagen før. Etterkvart fekk me oss skruknottar i hardt metall og ispiggar til vinterbruk på stålisen. Dei reiv godt i kjøtet.
Me varma aldri opp før kampane og tøygde aldri ut. Slikt var bortkasta tid. Når eg møter nokre av dei gamle spelarane i dag, kan eg fort sjå at dei har vore aktive i den gamle fjordaserien. Det er lenge sidan dei ved eiga hjelp har knytt skoa, og leggene er stive som gamle brakastaurar. Men me smurde oss rikeleg inn med tjøra før kampen. Det hjelpte i alle fall for kleggen. Om våren blanda lukten seg med jylle frå gardane i bygda og gjorde lufta til eit mildt gasskammer for publikum. Publikum? Ja, eg veit i alle fall at tante Astrid såg fleire kampar.
Eg kan aldri hugsa me tapte på syttitalet. Kanskje minnest eg at oddingane slo oss 2-0 i ein privatkamp sumaren i 72. Men dei var frå ein annan planet, dei snakka eit anna språk og kom rett i frå omnane med voldsom kraft og lite teknikk. Me skulle vunne, det var ikkje rettferd til og me for heim lukkelege for sigeren!
På ferja kunne me få øl til trøyst eller kveik. Når me kom på kaien møtte med dei som hadde forsove seg. Då var dei klare for tur med ferja der det diverre var spiseplikt. Men dei seier at eit smørbrød kunne vara i mange turar.
Det var sjeldan me var elleve mann på laget. Likevel hugsar Vidar at han vart sett ut av laget mot Føyk. Det sit hardt i han framleis, sjølv om han visstnok nesten er professor i psykologi nordpå no.
FOTO: INGVIL SKEIE LJONES Kvitanesen skriv tekstar i avisa Hordaland, har skrive to bøker, har 9000 fylgjarar på Facebook og tek på seg oppdrag for lag og foreiningar. I fem år har han og sonen rodd på Hardangerfjorden og hatt førestellingar ulike stader langs landet. Han med opplesing, sonen med fela. I år skal Mari Skeie Ljones og Kvitanesen på turne i Hardanger.
Hvis du ynskjer å kjøpa ei av bøkene ta kontakt på 93 41 24 12
Kr. 200 pr. bok
KVITANESEN
TORBJØRN LJONES fortel om kva som har hendt i Hardanger
MARI SKEIE LJONES spelar fele og syng
28. juli kl. 19.00 29. juli kl. 19.00 31. juli kl. 19.00 1. august kl. 18.00 2. august kl. 19.00
BILLETT kr. 200
Jaunsen Gjestgjevarstad,Granvin Skredhaugen i Lofthus Grimo trekai, Grimo Frystetjødna, Ulvik Kjepso Maritim, Ålvik