2 minute read

KVINNHERAD MÅLLAG

Next Article
KUNST I EIDFJORD

KUNST I EIDFJORD

VI HAR TRU PÅ FRAMTIDA

ETTER ÅRSMØTET I KVINNHERAD MÅLLAG SER DET NYE STYRET SLIK UT: BAK FV KRISTIAN BRINGEDAL, LEIAR, ØYSTEIN SKJÆVELAND, GAUTE LUND, ARNE TORGET (NY). FRAMME ELI ROSETH EIK, 1. VARA, ANNE KARIN FONNELAND.

Advertisement

- 130 medlemer med tru på framtida for nynorsk

Kvinnherad mållag er eit av to mållag i kommunen. Frå 2014 har Husnes mållag og Kvinnherad mållag vore eit mållag med 130 medlemer og stor aktivitet. Ølve har sitt mållag.

Målforma nynorsk har lange og sterke tradisjonar i Kvinnherad. Fjelberg var den fyrste kommunen i landet med overgang til nynorsk i kommunal styring. Vedtaket om nynorsk tenestemål i Kvinnherad går tilbake til 1922. Overgangen til nynorsk skulemål finn vi alt i 1905 ( Fjelberg ) og 1907 ( Varaldsøy ). Bortsett frå ein periode på 1970 og 1980 talet då det var språkdelte klassar på Husnes ungdomsskule, har det berre vore nynorsk i skulen og barnehagane i Kvinnherad Kyrkjemålet vart nynorsk frå 1920 talet. Kvinnherad mållag er aktiv og har markert seg med mange gode tiltak den siste tida:

• Kvinnherad mållag var aktiv i arbeidet med å få på plass målbruksplan i kommunen. Planen legg føringar for vedtaket om at tenestemålet er nynorsk

• Kvinnherad mållag deler kvart år ut ein pris til den beste nynorkbrukaren i avgangsklassane på ungdomsskulane

• Kvinnherad mållag oppmoda russen om å bruka nynorsk tekst på slagorda i russedressane. Mållaget dekka kostnadene med dette

• Kvinnherad mållag hjelper næringslivet med språkvask i lysingar og elles i alt skriftleg tilfang

• Kvinnherad mållag deler kvart år ut ein Målblom til ei verksemd som over tid har synt vilje og evne til å bruka nynorsk internt og eksternt mot kundane og brukarane

• Kvinnherad mållag var aktiv pådrivar for innføring av nynnorsk opplæring på Vaksenopplæringa • Kvinnherad mållag skriv og sender fråsegner i viktige spørsmål som gjeld bruken av nynorsk og lokale namn og uttrykk, no sist til Skyss for bruken av Hurtigbåt for Snøggbåt.

• Kvinnherad mållag har jevnleg møte med verksemder og organisasjonar om bruken av nynorsk, sist med Hydro Husnes, samen med Odda mållag og Ullensvang mållag.

• Kvinnherad mållag har eiga Facebookside med mange gode innlegg og ordskifte.

Kristian Bringedal

leiar

Googla mållaget i din kommune, finn kontaktflater, og meld deg inn.

Om ikkje vi, du og eg tek vare på språket vårt, kven er det då som skal gjera det?

This article is from: