VI HAR TRU PÅ FRAMTIDA
ETTER ÅRSMØTET I KVINNHERAD MÅLLAG SER DET NYE STYRET SLIK UT: BAK FV KRISTIAN BRINGEDAL, LEIAR, ØYSTEIN SKJÆVELAND, GAUTE LUND, ARNE TORGET (NY). FRAMME ELI ROSETH EIK, 1. VARA, ANNE KARIN FONNELAND.
KVINNHERAD MÅLLAG
- 130 medlemer med tru på framtida for nynorsk
Kvinnherad mållag er eit av to mållag i kommunen. Frå 2014 har Husnes mållag og Kvinnherad mållag vore eit mållag med 130 medlemer og stor aktivitet. Ølve har sitt mållag.
Målforma nynorsk har lange og sterke tradisjonar i Kvinnherad. Fjelberg var den fyrste kommunen i landet med overgang til nynorsk i kommunal styring. Vedtaket om nynorsk tenestemål i Kvinnherad går tilbake til 1922. Overgangen til nynorsk skulemål finn vi alt i 1905 ( Fjelberg ) og 1907 ( Varaldsøy ). Bortsett frå ein periode på 1970 og 1980 talet då det var språkdelte klassar på Husnes ungdomsskule, har det berre vore nynorsk i skulen og barnehagane i Kvinnherad Kyrkjemålet vart nynorsk frå 1920 talet.
Kvinnherad mållag er aktiv og har markert seg med mange gode tiltak den siste tida: • Kvinnherad mållag var aktiv i arbeidet med å få på plass målbruksplan i kommunen. Planen legg føringar for vedtaket om at tenestemålet er nynorsk • Kvinnherad mållag deler kvart år ut ein pris til den beste nynorkbrukaren i avgangsklassane på ungdomsskulane • Kvinnherad mållag oppmoda russen om å bruka nynorsk tekst på slagorda i russedressane. Mållaget dekka kostnadene med dette
• Kvinnherad mållag skriv og sender fråsegner i viktige spørsmål som gjeld bruken av nynorsk og lokale namn og uttrykk, no sist til Skyss for bruken av Hurtigbåt for Snøggbåt. • Kvinnherad mållag har jevnleg møte med verksemder og organisasjonar om bruken av nynorsk, sist med Hydro Husnes, samen med Odda mållag og Ullensvang mållag. • Kvinnherad mållag har eiga Facebookside med mange gode innlegg og ordskifte. Kristian Bringedal leiar
• Kvinnherad mållag hjelper næringslivet med språkvask i lysingar og elles i alt skriftleg tilfang • Kvinnherad mållag deler kvart år ut ein Målblom til ei verksemd som over tid har synt vilje og evne til å bruka nynorsk internt og eksternt mot kundane og brukarane • Kvinnherad mållag var aktiv pådrivar for innføring av nynnorsk opplæring på Vaksenopplæringa
Googla mållaget i din kommune, finn kontaktflater, og meld deg inn. Om ikkje vi, du og eg tek vare på språket vårt, kven er det då som skal gjera det?
HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2020
I
41