8 minute read

SAMMY OLSEN

Next Article
KUNST I EIDFJORD

KUNST I EIDFJORD

Frå brislingfiskar til ordførar i Bømlo:

BLI KJENT MED SAMMY OLSEN

Advertisement

Som liten gut, fødd og oppvaksen på Svortland, vart Sammy Olsen vitne til at det nye rådhuset på Bømlo blei bygd i nærområdet hans. Lite viste han då, at om lag 60 år seinare skulle han sitja på kontor her og vera den politisk valde ordføraren, for den nye kommunen, som såg dagens ljos etter samanslåinga i 1963. Då vart Bremnes, Bømlo og Moster ein kommune og administrasjonen for heile øya samla under felles tak.

TEKST: SIGURD VIKØREN

Sammy vaks opp på eit lite småbruk som den eldste av 10 born, der 8 vaks opp. Å veksa opp på eit småbruk var ikkje mykje luksus, men eg ville aldri vore det for utan, seier Sammy.

Eit spesielt miljø, der det lokalt var 8 bruk som leverte mjølka si på krakkjen. Der samlast leverandørane frå kl. 08.00 til 08.30 om morgonen og løyste verdsproblem. Mjølkebonden kan stå som eit døme på korleis landbruket på Bømlo har endra seg. På det meste var det 120-30 som leverte mjølk, i dag er det berre 2-3, men dei leverar like mykje mjølk.

Då Sammy var ung reiste dei med sauene på båt til Kvinnherad og køyrde vegen opp Omvikdalen. Her hadde dei sauene på sommarbeite i Matre-fjella. Der har eg vore mykje, seier fiskaren frå Bømlo. Yrkeskarrieren starta på brislingbåt, der det frå Bømlo var 15 - 16 bruk som fiska i Sunnhordlandsbassenget og inn Hardangerfjorden, heilt til Eidfjord. Så mange som 40 halvstyvingar, gutar på 15 -16 år var med på dette sommarfisket her frå Bømlo, seier den nyvalde ordføraren.

Eg synest det er fasinerande å tenkja attende i dag på den enorme aktiviteten dette fisket gav. Alle brislingfabrikkane og kvinnearbeidsplassar som dette fisket genererte. Synd at vi ikkje klarte forvalta denne ressursen på ein så god måte at vi kunne nytta ressursen framleis, på ein langt meir omfattande måte enn det som er i dag.

For meg vart dette starten på eit langt liv som fiskar. Utanom eit par år på folkehøgskule har mitt liv vore mykje fiske. Har fiska i nærområdet med eigen sjark, men har og vore på store fiskebåtar, både i Barentshavet, på Island, Færøyane og mange stader rundt i verda.

Fiskaryrket på ein sjark kan bli surt, når du må ut kvar dag for å overleva. Men, etter at fiskeri vart konsesjonsbelagt er det ikkje enkelt å få seg jobb innan fiskeri. Du må ha 5-6 års utdanning retta mot fiske og navigasjon, pluss ein god CV. Etterspurnad etter jobb innan fiske har snudd heilt. I dag er dette attraktive arbeidsplassar, om bord i flotte båtar, med gode fasilitetar og arbeidsforhold. Attraktive jobbar med god løn, som ungdomen etterspør.

Eg vart svært interessert i fiske og begynte difor aktivt i fiskarlaget. Vart formann i Bremnes Fiskarlag og seinare i Hordaland Fiskarlag. Ei stund var eg nestformann i

Noregs Fiskarlag, var og aktiv i salslaget. Politisk var eg fyrste gong valt inn i kommunestyret i Bømlo i 1979, for Høgre. Etter det har eg vore i kommunestyret heile tida. I Høgre og i SP, om lag like lenge i kvart parti. Folk driv gjøn med meg om dette og spør kva parti eg stiller for i år?

Sanninga er at eg har berre representert H og SP, med eit lite unnatak for den hausten eg melde meg ut av Høgre. Dagen etter stod Steinar Bastesen på trappa, han var ein gamal kjenning av meg. Eg veit ikkje om han hadde lukta at eg hadde meldt meg ut av H, eller kva det var. Dermed hamna eg på lista til kystpartiet, men det var det.

Meir enn 40 år i kommunestyret for Høgre og SP. Men, eg har ikkje endra politisk ståstad, eg meiner det eg alltid har meint. Men, partia har skifta standpunkt. No trivest eg godt i SP, der det blir drive mykje god politikk som passar meg.

At eg no etter så lang fartstid i lokalpolitikken vart vald til ordførar synest eg var kjekt, sjølv om eg eigentleg hadde tenkt å trappa litt ned og gjera andre ting. Men, eg hadde sagt ja til å vera ordførarkandidat. Når eg då vart vald, så var det sjølvsagt ikkje aktuelt å takka nei.

Som fiskar manglar eg sjølvsagt litt av den kunnskapen folk som sit på kontor har. Men, med god hjelp har svake sider ein fiskar måtte ha i ein slik posisjon, fått hjelp. Det er med ei viss gleda eg konstaterer at eg etter kvart handterer pc og digitale flater på ein heilt ok måte. Sjølv om det vart mykje no i koronatider, både med teams, skype og det meste. Samstundes så skal alt no streamast.

Mykje å læra og hugsa av ulike kodar, men til slutt går det, du må berre ha vilje, sterk vilje. For eit eller anna, truleg 12 år sidan, så skulle alt papir vekk og vi skulle bruka pc. Då såg eg svart på det, men i dag er eg veldig glad for at det vart slik. Det har gitt meg grunnlaget til at eg no får med meg det meste. Du veit vi klarar ikkje stoppa utviklinga, verda går vidare. Du kan kanskje sinka einskilde ting, men du klarar ikkje å stoppa det. Nokon hoppar av, men skal du vera med, så må du berre ta utfordringane.

"MAKRELLSTENG" ORDFØRAREN SAMAN MED MATROSANE FREDRIK OG OLE.

Noreg som land har ein økonomi som gjer at mange milliardar vert mata inn i ulike system for at vi skal halda hjula i gong. Andre land har det verre, der må dei kanskje låna pengar for å koma seg gjennom krisa. Men, vi er avhengig av kvarandre. Fiskaren skal selja 95 % av fisken til utlandet, og då må dei ha pengar til å betala med. Korleis ser framtida ut med Sammy Olsen sine auger? Bømlo har styrkje i ein god samansetning med industri, olja, fiske og bønder. Går det smått i ei næring kan vi kompensera gjennom andre. Vi får ny fiskerihamn som vert viktig. Vi har store fiskebåtar som fiskar ute, og leverer råstoff til Europa. Flinke fiskerar som leverer råstoff andre stader enn heime på Bømlo. Vi må bli flinkare til å foredla råstoffet her heime, slik vi har klart det med laksen. Fiskerihamna vil hjelpa oss med det.

Eg ser eit stort potensiale i havet, vi har berre så vidt sett starten. Havet har langt fleire ting enn fisk å by på. Mellom anna blåskjel og tang av mange sortar. Når vi no ser mot slutten av olja, må vi kanskje sjå litt annleis mot grønare og fornybare ressursar. Vi lever av mat og ikkje av vindmøller, vi må ikkje gløyma det.

Alginat frå tare, særleg frå stortare og grisetare i Noreg, vert brukt på over 600 ulike måtar i forskjellige produkt. Tang og tare har eit enormt potensiale, og det skal bli spennande å fylgja utviklinga.

Det ser ut til at vi har ei grøn rørsle over heile fjøla. Inneber det at vi vil kjøpa mat frå Noreg, sjølv om den skulle vera dyrare? Eg betalar i alle høve gladeleg meir for eit eple frå Hardanger, enn eit frå utlandet, som er sprøyta så mange gonger at eg ikkje får tenna gjennom skalet.

Kva trur du om oppdrett av andre fiskeartar? Vanskeleg å seie, torsk har vi enorme stammer av i Barentshavet. Stammer som blir forvalta på ein god måte. Kveite oppdrett har det vore drive eksperiment med i mange år. Vi må løysa dette med at fisk et protein, fisk et fisk for å bli fisk. Mest alle typar fisk er etande. Eg hugsar at det likevel var slik at steinbit gav vi til besto, ho kokte dei og gav det til hønso. Det var den gongen vi hadde verkeleg frittgåande høns. Breiflabb måtte vi gøyma, hiva på sjøen, vi trudde ikkje vi kunne eta noko så stygt.

Kva med Bømlo og regionen vår? I dag skal alt vera, eller bli så stort for at alt skal bli bra. Eg er ikkje heilt der, eg er skeptisk til at berre du vert stor nok så er det halleluja! Eg ser sjølvsagt at vi må ha ein viss storleik. T.d. må skulane vera store nok til å få eit miljø og god kompetanse. Dei store bygdene på Bømlo vil klara seg alle, trur eg, så lenge dei har butikken.

Folk flyttar til sentrum. Har du to born, så har du nok med å køyra dei på ulike aktivitetar, aktivitetane er i sentrum. Kommunen har heller ikkje råd til god infrastruktur, reint vatn, gang og sykkelsti i alle grisegrente strøk. Slike områder blir for meir spesielt interesserte. Alle som får til å bu slike stader, ynskjer eg alt vel.

Det var dette med store einingar. Eg var positiv til det nye Vestland, samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Eg trudde at då kunne du i alle høve rasjonalisera ein administrasjon. No vart det ikkje heilt slik samanslåing, så noko rasjonaliseringsvinst har det ikkje vorte. Då må vi kanskje vurdera om det vi har gjort er heilt feil?

I fiskeri vil det vera slik at slår du to bruk saman til eit, så får du rasjonaliseringsvinst på eit mannskap. Slik ser det ikkje ut til at det er i politikk og offentleg forvalting.

Bømlo vil klara seg bra, med den samansetning eg har vist til at vi har. Slike kommunar med ei sterk samansetning og innbyggjartal på 10 – 15.000 vil klara seg bra framover, trur eg, seier den nye ordføraren på Bømlo. Ein som har ei langt over middels ballast med seg, og vil vera ein god ordførar for øykommunen langt mot vest!

This article is from: