Hardangerfjordmagasinet nr 1 2020

Page 34

Frå brislingfiskar til ordførar i Bømlo:

BLI KJENT MED

SAMMY OLSEN Som liten gut, fødd og oppvaksen på Svortland, vart Sammy Olsen vitne til at det nye rådhuset på Bømlo blei bygd i nærområdet hans. Lite viste han då, at om lag 60 år seinare skulle han sitja på kontor her og vera den politisk valde ordføraren, for den nye kommunen, som såg dagens ljos etter samanslåinga i 1963. Då vart Bremnes, Bømlo og Moster ein kommune og administrasjonen for heile øya samla under felles tak.

TEKST: SIGURD VIKØREN

Sammy vaks opp på eit lite småbruk som den eldste av 10 born, der 8 vaks opp. Å veksa opp på eit småbruk var ikkje mykje luksus, men eg ville aldri vore det for utan, seier Sammy. Eit spesielt miljø, der det lokalt var 8 bruk som leverte mjølka si på krakkjen. Der samlast leverandørane frå kl. 08.00 til 08.30 om morgonen og løyste verdsproblem. Mjølkebonden kan stå som eit døme på korleis landbruket på Bømlo har endra seg. På det meste var det 120-30 som leverte mjølk, i dag er det berre 2-3, men dei leverar like mykje mjølk. Då Sammy var ung reiste dei med sauene på båt til Kvinnherad og køyrde vegen opp Omvikdalen. Her hadde dei sauene på sommarbeite i Matre-fjella. Der har eg vore mykje, seier fiskaren frå Bømlo. 34

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2020

Yrkeskarrieren starta på brislingbåt, der det frå Bømlo var 15 - 16 bruk som fiska i Sunnhordlandsbassenget og inn Hardangerfjorden, heilt til Eidfjord. Så mange som 40 halvstyvingar, gutar på 15 -16 år var med på dette sommarfisket her frå Bømlo, seier den nyvalde ordføraren. Eg synest det er fasinerande å tenkja attende i dag på den enorme aktiviteten dette fisket gav. Alle brislingfabrikkane og kvinnearbeidsplassar som dette fisket genererte. Synd at vi ikkje klarte forvalta denne ressursen på ein så god måte at vi kunne nytta ressursen framleis, på ein langt meir omfattande måte enn det som er i dag. For meg vart dette starten på eit langt liv som fiskar. Utanom eit par år på folkehøgskule har mitt liv vore mykje fiske. Har

fiska i nærområdet med eigen sjark, men har og vore på store fiskebåtar, både i Barentshavet, på Island, Færøyane og mange stader rundt i verda. Fiskaryrket på ein sjark kan bli surt, når du må ut kvar dag for å overleva. Men, etter at fiskeri vart konsesjonsbelagt er det ikkje enkelt å få seg jobb innan fiskeri. Du må ha 5-6 års utdanning retta mot fiske og navigasjon, pluss ein god CV. Etterspurnad etter jobb innan fiske har snudd heilt. I dag er dette attraktive arbeidsplassar, om bord i flotte båtar, med gode fasilitetar og arbeidsforhold. Attraktive jobbar med god løn, som ungdomen etterspør. Eg vart svært interessert i fiske og begynte difor aktivt i fiskarlaget. Vart formann i Bremnes Fiskarlag og seinare i Hordaland Fiskarlag. Ei stund var eg nestformann i


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

KUNST I EIDFJORD

1min
pages 75-76

GALLERI N. BERGSLIEN

1min
page 77

SIGURD PÅ EIN TYSDAG

7min
pages 80-84

VISIT SUNNHORDLAND

2min
pages 71-74

FONNAFJORD NÆRINGSPARK

3min
pages 66-67

LYSGLIMT I EI UTFORDRANDE TID

1min
page 58

HARDANGER HAR MYKJE Å BY PÅ

2min
pages 59-60

IVAR ANDREAS BASTE

5min
pages 64-65

EIDFJORD

2min
pages 56-57

SALMON EYE

7min
pages 52-55

KVINNHERAD ELEKTRO

9min
pages 48-51

ARNE TORGET

1min
page 42

KVINNHERAD MÅLLAG

2min
page 41

NYNORSKRUSSEN SYNNE

1min
page 40

OLAV LINGA

4min
pages 38-39

ESPEVÆR

2min
pages 36-37

BRATTABØKONGEN

4min
pages 32-33

HARDINGFOTBALLEN FØR I TIDA

4min
pages 28-31

BRYNJULF MÅKESTAD

4min
pages 22-23

DET VAKRE FJELLET

9min
pages 16-21

EIT VÅGESPEL PÅ LIV OG DØD

9min
pages 12-15

SAMMY OLSEN

8min
pages 34-35

VESTLAND, VESTLAND

0
page 9

FJORDFRUKT

4min
pages 10-11
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.