6 minute read
BKK
VESTLANDETS STØRSTE FORNYBAR SELSKAP
BKK driv i fornybarnæringa og er ein viktig del av løysinga når samfunnet skal redusera klimautsleppa. I lag med våre samarbeidspartar og styresmaktene jobbar vi mot målet om eit fullelektrisk Noreg.
Advertisement
For å lukkast med dette driv vi mellom anna med vasskraftproduksjon, energiomsetnad og infrastruktur til straum og fiber. I tillegg har vi aktivitetar innan fjernvarme, energimåling, entreprenørtenester, inter- nett og telekom-løysingar.
Ryggrad i energisystemet vårt
Våre omlag 1300 medarbeidarar utviklar, byggjer og held i gang den samfunnsmotoren vi kallar infrastruktur – sjølve ryggrada i energisystemet vårt. Det som gjer at vi kan bu, jobba, gå på skule eller trening, dyrka morellar i Hardanger og kosa oss i julegater med ljos. Til saman har vi nær ein kvart million nettkundar, og så mange som sju av ti store bedrifter brukar våre telekom-løysingar.
Viktig rolle i det grøne skiftet
BKK utvikler og stimulerer løysinger for ulike sektorer når det gjeld å erstatte fossil energi med fornybare energiløysingar. Til dømes byggjer vi no Europas største landstraumanlegg for cruisenæringa, og vi investerer i oppstartsselskap som kan bidra til det grøne skiftet.
Vasskrafta er avgjerande for eit fullelektrisk samfunn. Så mykje som halvparten av den europeiske lagringskapasiteten av fornybar energi er i Noreg. BKK aleine har ein lagringskapasitet som tilsvarer 250 millionar store Tesla-batteri, og vi skal bli størst i Noreg på elektrifisering.
BKK NETT
Etter fusjonen mellom BKK og Etne Elag, Tysnes Kraftlag og Kvinnherad Energi har BKK Nett overtatt nettdelen i selskapa og alle er organisert som eineigen autonom region i BKK Nett.
Det å bli ein del av eit større selskap har gitt tilgang på fleire resursar og betyr at vi kan gjer større investeringar i eigen regi, seier Hermann Skromme som er regionsleiar i BKK nett SØ.
I Etne har BKK Nett til dømes bygd ny linje på Nordstranda. Ei linje som var prosjektert i 1980, men ikkje bygd ut før i 2019 -2022. BKK nett driftar og byggjer ut distribusjonsnettet til sluttkundar.
Totalt er det 13.000 straumkundar i region Sør-Aust, og vi drifter 750 nettstasjonar, 630 km med høgspentnett og 1270 km med lågspentnett, seier Skromme.
Av føremonar denne fusjonen har gitt, er mellom anna at større ressursar er tilgjengeleg både til drift og vedlikehald i delar av området.
For kundane har nettleiga gått ned med mellom 1000 og 6000 kr per år. Samstundes har vi fått auka beredskap, særleg på nordsida av Kvinnherad. Det er høg aktivitet for tida med elektrifisering av ferjesamband i tillegg til anna utbygging og vedlikehald.
HERMANN SKROMME
Ladinga er ferdig installert for ferja på Utåker og Matre. Ein er i sluttfasen med installasjonen på Gjermundshamn, Årsnes og Våge på Tysnes.
BKK Nett er eit selskap i vekst. Vi skal tilsetja 7-9 nye medarbeiderar framover i Kvinnherad med satsing på AUS og linje- bygging, seier ein optimistisk Hermann Skromme til slutt.
BKK BREIBAND
BKK Breiband AS har fiberoptisk kabelnett i heile Tysnes kommune og i store deler av Etne kommune (tidlegare Etne Elektrisitetslag sitt omåde). Etter 2020-utbygginga i Frette og Kyrping har selskapet fiber i alle grender og tettstader i området, og kan tilby lynraskt internett til alle fastbuande. Våren 2021 er 2400 husvære, 300 hytter og 80 bedrifter registrerte som kundar.
INGRID H HAALAND
Breibandsinnhaldet er frå det nasjonale produkthuset Altibox som er bygd opp gjennom samarbeid mellom eigarar av lokale fibernett.
-Vi har levert internett, tv og telefoni frå Altibox sidan 2006 og blir stadig imponert over den raske produktutviklinga for desse tenestene, seier Ingrid Helen Haaland, som er dagleg leiar i BKK Breiband.
-No kan vi levere internett inntil 1000Mbit sek til dei aller fleste kundane våre.
Dei fem tilsette i Etne og Tysnes har kon- takt med kundar kvar dag, og kundane set pris på den gode kommunikasjonen med lokalkontora. -Vi er alltid oppdaterte på kva som føregår i fibernettet og er raske til å omprioritera arbeid for å hjelpa kundane våre, fortel avdelingsleiar i Etne, Torstein Kristiansen.
Badetassen for temperaturmåling vil bli plassert ut av BKK Breiband ca. til påske https://badetassen.no/. Dette er ein del av Altibox si satsing på smart sensornettverk, sjå gjerne meir om dette her, https://www.altibox.no/iot/
-Det er også snart tid for den årlege turkonkurransen vår, SommarTrimTysnes som varer frå mai til ut august, melder Haaland. Denne finn du i mobil-appen Trimpoeng.
STEINAR IVERSEN
BKK ELEKTRIFISERING
I perioden etter fusjon mellom Kvinnherad Energi og BKK vart det sett ut 3 hurtigladestasjonar i Kvinnherad. Desse stasjonane kan klare å lade med inntil 150kW og fleire bilar kan lade samtidig. Alle desse er planlagt og installert av BKK Elektrifisering, avd hurtiglading, seier Steinar Iversen, prosjektutviklar grøn teknologi
Selskapet er lokalisert i Bergen, Oslo, Førde, Hyllestad og Kvinnherad. I Kvinnherad jobbar ein med mange spennande prosjekt som vil vera positive bidragsytarar både lokalt og nasjonalt. Fleire utanlandske aktørar ser også på produktløysingane til BKK elektrifisering, så vi er med på mange ulike grøne prosjekt både til lands og havs i innland og utland.
Mellom saker BKK Elektrifisering har jobba med fyrste året i Kvinnherad, er ladestasjonar for bil. Vi har nemnt hurtigladestasjonar som ein viktig del av elektrifisering. Selskapet har jobba mykje med det som vert kalla Ladeplass, som tilbyr elbil ladeløysingar til burettslag, sameige, og næringsbygg. Dette er smarte laderar slik at fleire personar kan lade samtidig og få utnytta straumen best mogeleg. Frå 1. april 2021 startar ei ny tidsrekning der BKK og Hafslund Eco startar eit nytt selskap somheiter Ladeklar. Det blir frå same dato og namnet på det som fram til no er kalla Ladeplass. Namneendring og namn på selskapet fortel kva dei skal ha fokus på. Den fyrste etablerte Ladeplass i Kvinnherad var ved Mauranger Kro og Vertshus som tilbyr dette til sine kundar og forbipasser- ande. Mauranger Kro og Vertshus melde si interesse for Ladeplass via digital flate. Saman med H2 Elektro gjorde BKK Elektrifisering ei synfaring kor ein fann den beste løysing for Mauranger Kro og Vertshus. Så vart denne installert og er dimensjonert slik at ein kan utvida når dei ser at behovet for slike tenester vert større enn i dag.
Plug, eit dotterselskap av BKK Elektrifisering har ein intensjonsavtale med Eide Fjordbruk for å sjå om det er mogeleg å etablere lade og landsstraum løysingar i hamna i Rosendal til båt(ar) til Eide Fjordbruks storsatsing visingssenteret Salmon Eye utanfor Rosendal. Salmon Eye er eit spennande prosjekt og kunne få levere eit lade-/ landsstraums anlegg i hamna i Rosendal hadde vore flott, seier Steinar Iversen. Kvinnherad kommune har søkt om midlar til landsstraumløysingar for yachts, båtar på opptil 100+ meter. Slike løysingar har Plug/BKK god kunnskap om og vil kunne bidra. Plug har god erfaring med land straum i fleire hamner i Noreg allereie, med Bergen som den største til no. Vi har og kome med innspel til kommunen om Grøn næringspark på Husnes og kommunen sin cruise-strategi. I BKK Elektrifisering opplever vi at næringslivet er positive og nytenkj- ande. Vi ynskjer gjerna å bidra til grøne og smarte løysingar. I den samanheng jobbar vi spesifikt med lading for elbil/ buss, lading/landsstraumløysing innan maritim sektor. Vi ser på mogleg utsleppsfrie byggeplassar, termiske løysingar, solseller og varmegjenvinning i heile regionen, seier Steinar Iversen med ei klart entusiastisk trykk.
Heilt på tampen seier Steinar at ein har starta ein prosess for å tilsetja fleire personar, for framtida har BKK stor tru på også i Kvinnherad.