![](https://assets.isu.pub/document-structure/210318083450-f871dbe2582e25326afe83f041cbeb42/v1/09ae2d68894ef88e9439d6bb00302794.jpg?width=720&quality=85%2C50)
6 minute read
STATKRAFT
Noreg har spesielt gode naturgitte føresetnader for vasskraft. Eit landareal med ei gjennomsnittleg høgde på 400 meter over havet og stadvis svært mykje nedbør gjer landet vårt svært godt eigna for vasskraft. På Vestlandet ligg fjella høgt og terrenget er bratt, noko som legg til rette for stor fallhøgde og effektiv utnytting av vassfallet. Fleire av Noreg sine største vasskraftanlegg ligg difor naturleg nok på Vestlandet. Det gjeld og mange av Statkraft sine vasskraftanlegg.
TEKST: VIDAR RIBER
Advertisement
125 år med historie
Statkraft har meir enn 170 heileigde vasskraftverk fordelt over store delar av Noreg frå nord til sør. Dei største kraftverka finn vi på Vestlandet frå Rogaland til Møre og Romsdal. Ulla Førre anlegget, som produserer vasskraft m.a. frå fleirårsmagasinet Blåsjø, er det største i Noreg og NordEuropa med ein årsproduksjon på 4,5 TWh, som svarer til om lag halvparten av Oslo sitt årsforbruk. Statkraft kraftverksgruppe Hardanger som har anlegg i 5 Hardangerkommuner produserer i eit gjennomsnittleg år ca. 7 TWh.
Ikkje overraskande utgjer nettopp vasskrafta Statkraft si ryggrad. Eventyret starta for 125 år sidan då staten gjorde sitt fyrste oppkjøp av fossefallet Paulenfossen i Agder i 1895. I dag produserer Statkraft fornybar energi i Noreg både frå vass- og vindkraft.
Den unike vasskrafta
Vasskraft er heilt spesiell fordi vi kan magasinera vatnet og gjera produksjonen regulerbar i motsetnad til annan fornybar energi som vind og sol. Med vasskrafta kan vi produsera når vi vil og treng det mest. Det er ein unik eigenskap vasskrafta er åleine om. Krafta er både fornybar og kan regulerast etter etterspurnaden i marknaden.
I Noreg jobbar Statkraft kontinuerlig med å ruste opp og utvide vasskraftanlegga for at dei skal vare i nye 50 år og auka produksjonen. Ofte vert det gjort ei utviding i samband med ei opprusting, til dømes ved at det vert etablert ein ny kraftstasjon i en vassveg mellom to vassmagasin. Storlia kraftverk i Eidfjord er eit slikt prosjekt som utnyttar eit allereie utbygd kraftanlegg på ein smart og miljøvennleg god måte.
Nye investeringar er 100% fornybar
Statkraft er i dag Noreg sin største kraftprodusent og dessutan størst i Europa på fornybar energi. Selskapet sin visjon er å bli verdsleiande på fornybar energi. Statkraft nyttar posisjonen som Europas største produsent av fornybar kraft til å understreke sitt engasjement for ei grøn framtid. 100 prosent av selskapet sine investeringar gjekk til vekst innanfor fornybar energi, og selskapet tok ei leiande rolle i det grøne skiftet.
Statkraft Energi AS – Kraftverksgruppe Hardanger
Saman med kraftstasjonane i Tyssedal, Ålvik og Eidfjord er Folgefonn kraftverk ein del av kraftverksgruppe Hardanger, den største kraftverksgruppa i Statkraft. Kraftverka vert fjernstyrt i frå ein driftssentral som ligg i Sauda. Den installerte effekten på dei 21 aggregata i Folgefonn,
Eidfjord, Tyssedal og Bjølvo er ca. 2100 MW. Den årlege middelproduksjonen -7000 GWh, noko som utgjer ca 7% av samla kraftproduksjon i Noreg
Folgefonn kraftverk
Folgefonn kraftverk ligg på vestsida av Folgefonnhalvøya i Kvinnherad kommune. Dei to kraftstasjonane - Jukla og Mauranger nyttar elvar, bekker og vatn på vestsida av fonna frå Bondhusbreen i sør til Storelvi i Herand i nord. Eit komplisert takrennesystem og eit inntak 170 meter under isen på Bondhusbreen 900 m over havet, er med på å gjera Folgefonna til produsent av 1.350 GWh. I eit normalår produserer Jukla og Mauranger kraftstasjonar nok straum til 65.000 husstandar.
Fallrettane i Folgefonn overtok Statskraftverka omkring 1970 etter makeskifte med Skiensfjorden kommunale kraftselskap (SKK). I byte fekk SKK ein del av rettane i Sira-Kvina og Flom-vassdraget som sidan vart verna av Stortinget. Etter avtale blei SKK medeigar i Folgefonn med ein eigardel på 15%.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210318083450-f871dbe2582e25326afe83f041cbeb42/v1/1ac940132cb933b02929628024c5275d.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Samfunna
Før Statskraftverka byrja kraftutbygginga i området i 1968, var jordbruk og fiske dei viktigaste levevegane for folk i grendene inst i Maurangerfjorden. Dei små bygdesamfunna i Sundal, Austre-pollen, Nordrepollen og Gjetingsdalen hadde til saman omlag 200 innbyggjarar og var utan vegsamband med omverda.
I 1969 gav Stortinget konsesjon for kraftutbygging, men arbeidet med den 25,6 km lange vegen frå Ænes til Nordrepollen hadde Statkraft starta opp med året før. Alt i 1970 hadde Mauranger med unnatak av Gjetingsdalen, fått vegutløysing.
Anleggsarbeidet
Anleggsarbeidet starta tidleg på sommaren 1968 med diverse rigging, oppsetting av bustader, brakker og messer i tillegg til vegbygginga. Så snart Stortinget hadde sagt ja til Folgefonnutbygginga, blei det fart i anleggsarbeidet i fjellet. På det meste i 1972 var 750 personar i arbeid i eit av dei mest utilgjengelege fjellområda i Noreg.
DAM SVARTEDALEN UNDER REHABILITERING 2019. OTO: ANDERS SKAARER
Dam Svartedalen under rehabilitering 2019..Foto: Anders Skaarer
DAM SVARTEDALEN HØSTEN 2020 FOTO: ANDERS SKAARER
Dam Svartedalen høsten 2020 Foto: Anders Skaarer Då anleggsarbeidet vart avslutta i 1974, var tre delen av vatnet mens magasinet ligg frå tilsigsområda i sør opp i Juklavatnet. det bygd 50 km veg, 50 km vasstunnellar, på kote 1060 når det er fullt. Magasina Vinterstid blir vatnet foredla til elektrisk 6 større fyllingsdammar og 2 kraftstasjo- blir bundne saman av eit 50 km langt kraft gjennom begge kraftstasjonane. Som nar. Etter 6 hektiske år med anleggsdrift, tunnelsystem frå Bondhus-inntaket i sør til generator kan aggregatet i Jukla maksifall bygdesamfunna i Maurangerfjorden Kvanngrøvatnet i nord. malt yta 40 MW. I eit normalår bruker ein til ro. Folketalet stabiliserte seg på nivået 50 GWh til pumping og 100 GWh til enerfør kraftutbygginga, og om lag 20 per- Mauranger kraftstasjon giproduksjon. Jukla pumpekraftverk var det sonar fekk arbeid på kraftverket i byrjinga 5. mars 1974 kom kraft frå aggregat 1 i første i verda med 2 turtal som turbin og og var eiga kraftverksgruppe. I 2001 vart Mauranger kraftstasjon på nettet for første pumpe. Kraftverksgruppa utvida med Statkraft sitt gong. Til saman produserer dei to aggreanlegg i Tyssedal til ei større gruppe. I gata som ligg inni fjellet i Austrepollen Seinare er anlegga i Mauranger utvi2005 vart kraftverksgruppene Folgefonn 1250 GWh årleg. Den installerte effekten da med Markjelke pumpestasjon (2009) og Eidfjord slegne saman til kraftverks- er 125 MW i kvar generator. Fallhøgda som pumpar vatn i frå Markjelkevatnet gruppe Hardanger, med ein total arbeids- frå Mysevatnet til dei to vertikalt stilte og inn på tunellsystemet mellom Jukla og styrke på nær 50 personar, 5 – 6 av desse Peltonturbinane er maksimalt 838,5 meter. Svartedalsvatnet. har sin faste oppmøteplass i Austrepollen i Mauranger. Ein spesialitet i Mauranger er at den vanle- Anlegga i Mauranger har i snart 60 år proge kuleventilen er erstatta av rettløps sten- dusert rein og miljøvenleg energi til landet. Dammar og magasin geventilar framfor kvar av dei seks dysene. For å kunne levere energi når det trengs Mauranger og Jukla kraftstasjonar har Dette var med å gjera det utsprengde så må utstyr og maskinar vedlikehaldast, ikkje berre eit komplisert tilløpssystem, men volumet mindre, kraftstasjonshallen er liten til dagleg vert dette utført av personalet og mange til dels sterkt regulerte maga- samanlikna til dømes med Kvilldal og Sima. som er lokalisert i Austrepollen. Elles er det sin. I Kvanngrøvatnet er skilnaden mel- Maskinsalen er 42,8 meter lang, 16,8 meter inni mellom naudsynt med større og meir lom høgaste og lågaste regulerte vass- brei og 14,55 meter høg. kostbare rehabiliteringar for å sikre at stand berre 32 meter. Men for dei andre generatorane i Mauranger også i framtida seks magasina er regulerings-høgda mel- Jukla pumpekraftverk skal kunne produsere rein og miljøvenleg lom 70 og 110 meter. Jukla-vatnet som er Den modifiserte Francisturbinen i Jukla energi frå fjella kring Folgefonna, når samhovudmagasinet for Jukla kraftstasjon, har kraftstasjon verkar som pumpe når han funnet treng det. den mest omfattande reguleringa. Lågaste blir sett i revers. I sommarhalvåret kan regulerte vasstand er her 950 m.o.h. i aus- denne turbinen pumpe store vassmengder
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210318083450-f871dbe2582e25326afe83f041cbeb42/v1/7d54a46ec65a526c6af3058b95ce5631.jpg?width=720&quality=85%2C50)