Noreg har spesielt gode naturgitte føresetnader for vasskraft. Eit landareal med ei gjennomsnittleg høgde på 400 meter over havet og stadvis svært mykje nedbør gjer landet vårt svært godt eigna for vasskraft. På Vestlandet ligg fjella høgt og terrenget er bratt, noko som legg til rette for stor fallhøgde og effektiv utnytting av vassfallet. Fleire av Noreg sine største vasskraftanlegg ligg difor naturleg nok på Vestlandet. Det gjeld og mange av Statkraft sine vasskraftanlegg.
TEKST: VIDAR RIBER
125 år med historie Statkraft har meir enn 170 heileigde vasskraftverk fordelt over store delar av Noreg frå nord til sør. Dei største kraftverka finn vi på Vestlandet frå Rogaland til Møre og Romsdal. Ulla Førre anlegget, som produserer vasskraft m.a. frå fleirårsmagasinet Blåsjø, er det største i Noreg og NordEuropa med ein årsproduksjon på 4,5 TWh, som svarer til om lag halvparten av Oslo sitt årsforbruk. Statkraft kraftverksgruppe Hardanger som har anlegg i 5 Hardangerkommuner produserer i eit gjennomsnittleg år ca. 7 TWh. Ikkje overraskande utgjer nettopp vasskrafta Statkraft si ryggrad. Eventyret starta for 125 år sidan då staten gjorde sitt fyrste oppkjøp av fossefallet Paulenfossen i Agder i 1895. I dag produserer Statkraft fornybar energi i Noreg både frå vass- og vindkraft.
74
I
HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2021
Den unike vasskrafta Vasskraft er heilt spesiell fordi vi kan magasinera vatnet og gjera produksjonen regulerbar i motsetnad til annan fornybar energi som vind og sol. Med vasskrafta kan vi produsera når vi vil og treng det mest. Det er ein unik eigenskap vasskrafta er åleine om. Krafta er både fornybar og kan regulerast etter etterspurnaden i marknaden. I Noreg jobbar Statkraft kontinuerlig med å ruste opp og utvide vasskraftanlegga for at dei skal vare i nye 50 år og auka produksjonen. Ofte vert det gjort ei utviding i samband med ei opprusting, til dømes ved at det vert etablert ein ny kraftstasjon i en vassveg mellom to vassmagasin. Storlia kraftverk i Eidfjord er eit slikt prosjekt som utnyttar eit allereie utbygd kraftanlegg på ein smart og miljøvennleg god måte.
Nye investeringar er 100% fornybar Statkraft er i dag Noreg sin største kraftprodusent og dessutan størst i Europa på fornybar energi. Selskapet sin visjon er å bli verdsleiande på fornybar energi. Statkraft nyttar posisjonen som Europas største produsent av fornybar kraft til å understreke sitt engasjement for ei grøn framtid. 100 prosent av selskapet sine investeringar gjekk til vekst innanfor fornybar energi, og selskapet tok ei leiande rolle i det grøne skiftet. Statkraft Energi AS – Kraftverksgruppe Hardanger Saman med kraftstasjonane i Tyssedal, Ålvik og Eidfjord er Folgefonn kraftverk ein del av kraftverksgruppe Hardanger, den største kraftverksgruppa i Statkraft. Kraftverka vert fjernstyrt i frå ein driftssentral som ligg i Sauda. Den installerte effekten på dei 21 aggregata i Folgefonn,