4 minute read

KNUDSEN DØRFABRIKK

Ei dør er ikkje berre ei plate med hengsler og lås på. Dører skal tilfredsstilla haugevis med krav. Det er krav om branntryggleik, lydreduksjon, røyktettleik, rømming, automatisk opning, automatisk lukking, samt utsjånad/design. Nokre dører skal vera høge, andre breie. Nokon skal vera spesielle og andre heilt vanlege. Uansett, så er det stor skilnad på ei skikkelg dør – og ei simpel "pappdør."

Midt i Skånevik, litt trekt attende, litt oppe i bygda ligg Knudsen Dørfabrikk. Ikkje sikkert du har observert fabrikken om du berre hastar på land frå ferja.

Advertisement

Sidan 1946 har Knudsen Dørfabrikk produsert dører til private hus og til kontorbygg. Det var Ragnar Knudsen, bestefar til dagleg leiar i dag, som starta fabrikken. Frå 1988 til 2007 var det Eivind, son til Ragnar som leia bedrifta.

Roar Knudsen har vore leiar sidan 2007, og er i dag leiar for ei bedrift i solid framgong. Når fabrikken i desse dagar rundar 75 år, ser framtida for dei neste 75 ljos ut. Sjølv om vi står midt i ein pandemi, så vonar eg at vi skal få til noko gøy i løpet av året, seier Roar.

Den joviale leiaren har både ambisjonar og er visjonær om framtida. Han er oppteken av å byggja ei berekraftig verksemd og rekruttera flinke folk til å vera med på å utvikla bedrifta.

Vi sel veldig bra, seier Roar. Vi tilsette nett fyrste dama i produksjonen sidan 80-talet. Vi har og ein nytilsett mann. Snart skal den tredje nye få jobb hos oss.

Vi ynskjer å vera ei bedrift for begge kjønn. Har litt svulstige mål om å nå FN sine berkraftsmål når det gjeld likestilling. Vi har 17 tilsette i dag, tre er kvinner. Så vi har ein veg å gå men vi er målretta mot kvar vi vil. Vi oppmodar begge kjønn om å søkja på jobb hos oss, men kvoterer ikkje. Vi tilset alltid den vi trur mest på.

Knudsen Dørfabrikk har investert i ny monteringsavdeling i fabrikken, eit anlegg som er i ferd med å bli installert i desse dagar. Anlegget skal vera i produksjon i løpet av april. I arbeidet med å rigga oss for framtida er investeringa gjort for å auka kapasiteten, samt for å fjerna alle tunge løft for dei tilsette.

Fabrikken har nyleg også investert i oppgradering av lakkanlegget, for å betra kapasitet og kvalitet – og leggja til rette for den beste HMS for våre tilsette, som i dag kjem frå Skånevik og Etne, samt Utåker og Husnes i Kvinnherad Kommune. Knudsen Dørfabrikk produserer og sel dører på to heilt ulike frontar. Salet til privat sektor føregår mykje over ulike sosiale flater, der private finn våre tilbod på dører utan lister, som passar perfekt i moderne bustader. Når det gjeld yrkesbygg så skjer marknadsføring og sal på heilt andre vilkår. Her driv vi med oppsøkjande verksemd mot interessante firma. Slik finn vi gjennom dialog svaret på om vi kan ha eit rikt samarbeidspotensiale.

Heilt ulike typar kundar – og ulik produksjon, noko som gjer det heile meir interessant. I tillegg så gjev det oss to bein å stå på. Vi ynskjer å vera ein god leverandør, som er flink på det vi tilbyr. I tillegg er vi svært obs på å rydda opp etter oss om noko går feil.

Med tanke på framtida ser vi mot utvikling som vil gjera oss betre og interessante for folk vi etterspør. Vi meinar trivsel er viktig, å ha eit omdøme som er bra, eit godt rykte vil vera attraktivt for dei folka vi etterspør. Difor planlegg vi no ny kantine og nye fellesrom.

4

Vi planlegg 8 – 10 år fram i tid, med utvikling av produkt, system, økonomisk vekst og investeringar.

Knudsen Dørfabrikk ynskjer å tilsetja ambisiøse folk i tråd med dette.

Vi jobbar heile tida med utfordringar og forbetringar. Noko som vi vurderer er nøkkel til suksess.

Vi jobbar aldri ei heil veke med "berre" å produsera. Knudsen Dørfabrikk har nyleg gjennomført eit prosjekt som var delfinansiert av Inovasjon Norge. Dette handla om innføring av LEAN som arbeidsverktøy i heile bedrifta. SINTEF bidrog med kompetanse, og engasjementet var stort. Vi har fått enno betre orden og struktur, og arbeidar no på ein annan måte enn før. Vi ynskjer å gi dei tilsette meir makt i arbeidet med å få til forbetringar. Vi har i dag tre ulike team i sving med å utøva større inflytelse på framtida sine prosessar. av Inovasjon Norge ser vi på utvikling av smartare innedørar. Vi skal jobba med dette over eit par år, og det inneheld mange aspekt. Ein del av dette vil vera å presentera dørane i 3D-modellar, slik at byggherre/entreprenør kan sjå produktet før bygging.

Knudsen Dørfabrikk ser på ei spennande framtid, der vi saman med våre tilsette ynskjer å utvikla oss på alle områder. Det skal vera interessant og kjekt å jobba hos oss, seier dagleg leiar Roar Knudsen.

This article is from: