2 minute read

ODDA ENERGI

Next Article
STATKRAFT

STATKRAFT

Advertisement

Ullensvang kommune

100 %

Energiselskapet Odda AS

DET GRØNE SKIFTET!

Straum er eit av dei viktigaste elementa i skiftet og er med for elektrifisering av Noreg. Vi er på mange måtar godt i gang med utfordringane. Dette å finna økonomiske og miljøvennlege smarte løysingar.

Bak eit ynskje om å bli grønare har vi i Noreg vore eit føregangsland når det gjeld bruk av el-bil og bygging av naudsynt infrastruktur for at bilane skal fungera.

Det heilt sikkert har tenkt mindre på er kva utfordringar nettet vårt får gjennom auka straumbruk. Særleg om våre vanar med å bruka straumen når det passar oss skal halda fram. Då får vi ei utfordring me å byggja eit robust nok nett.

Om det er slik at toppen av straumforbruket er lokalisert innan ein time eller to, så må vi investera i eit dyrare nett enn vi treng dei andre over 20 timane av døgeret. Kan vi flata ut forbruket vårt, så kan vi kanskje gjera nettleiga billegare?

Eit godt døme kan vera fjellbygda Røldal. Jamt og stabilt forbruk gjennom veka. På fredags kvelden kjem alle hyttefolka. Samstundes skal dei varma opp hytta, laga mat og lada bilen. Då går forbruket høgt ein periode. Noko som set store krav til nettet.

Vi er van med at straumen er der, når vi slår på brytaren. Det vil han nok vera i framtida og, men det kan snart bli ein langt høgare nettleie. Dersom vi ikkje evnar å spreia forbruket vårt meir over døgnet.

Alt no og enno meir i nær framtid vil det vera mange ulike tekniske dupedittar, teknisk smarte tekniske anretningar som styrer straumforbruket for deg. Så kan du sitja i skitrekket å kontrollera straumuttaket i notid på ein liten app.

Men for at framtida skal bli elektrisk og leveransen trygg så må vi ha robuste nett som kan takla toppane. Då blir det både lurt og lønsamt å spreie forbruket sitt.

Det er eit kvalitetsstempel at vi aldri går rundt og engstar oss for at straumen blir vekke. Nettselskapa har stort sett ein plan B om noko skulle skje, så kan vi ta inn straum frå ein annan kant. Denne oppgåva jobbar vi i Odda Energi Nett med kontinuerleg.

Odda Energi har ein historie som går over 100 år attende i tid. Dei største kundane våre er den kraftkrevjande Industrien i Ullensvang kommune. Her fordelar vi straumen frå sentralnettet via vårt regional- og distribusjonsnett.

Vi har og ansvar for at straumen som blir produsert i vår region har nett og kjem vidare inn på vårt nett og vidare ut til straumbrukaren.

I Odda Kraft AS sel vi straumen som er i nettet. Saman med to andre selskap har vi etablert Lokalkrafta, der vi sel straum under merkevareplattforma om å handla lokalt og stø lokale arbeidsplassar.

Gjennom Energiselskapet Odda AS blir det levert leiing og administrative tenester for alle i konsernet Odda Energi.

100 % 100 %

Odda Energi Nett AS Odda Kraft AS

FOTO: VISIT HARDANGERFJORD

This article is from: