1 minute read
TASTE HARDANGER
SIDERKLYNGJA PRESENTERAR
Møt dei som foredlar dråpane heime på gardane, sjå heimesida og møt folk bak godsaker frå Hardanger.
Advertisement
Velkomen til Taste Hardanger!
Taste Hardanger er eit prosjekt fremja av Siderklynga Hardanger. Me har samla informasjon om produsentar, aktivitetar og opplevingar knytt til frukt og sider. Taste Hardanger er ein informasjons- og bookingkanal for sider- og fruktopplevingar i Hardanger.
Gjennom dei siste åra har talet på siderprodusentar og vidareforedlarar av epler skote fart. Fleire har oppdaga det store mangfaldet og den høge kvaliteten på sidaren. Taste Hardanger er den perfekte stad for å bli oppdatert på kva som skjer i siderverda i Hardanger.
Du vil snart sjå at du ikkje treng å reisa til vingardar på kontinentet. I Hardanger får du servert eit reiselivsprodukt i verdsklasse. Taste Hardanger gjeld heile Hardanger, med Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. Vi vil byggja heilskapen, merkevara Hardanger. I tillegg vil vi gjerne utvikla ein god link mot Rosendal og Sunnhordland, seier Kjetil Raaen Widding, dagleg leiar av siderklynga i Hardanger. Vi må spela kvarandre gode, slik at folk gjerne blir her ei veke, og gjerne kjem att. I fjor opplevde vi at nordmenn var fantastisk kjekke turistar å få på besøk. Dei visste alt mykje omsider og det var givande å fortelja meir, seier Olav Bleie.
Sidersafari i Sørfjorden
Frå 10. mai til ut august kan du dra på sidersafari, eit heilt unikt fjordcruise på Sørfjorden med besøk på sidergardar.
Velkomen til å smake på Hardanger!
tastehardanger.com
FOTO: ØYSTEIN GRUTLE HAARA FOTO: SVERRE HJØRNEVIK
FOTO: UTNE HOTEL FOTO: ØYSTEIN GRUTLE HAARA FOTO: ØYSTEIN GRUTLE HAARA