2 minute read
KVINNER PÅ RANDEN
Den som ventar på noko godt, venter ikkje forgjeves, heiter i eit gamalt ordtak. Når "kvinner på randen" no er på veg attende for full musikk, er dette ordtaket den fyrste tanken som slår meg.
Dersom eg hevdar at dette har eg tenkt på kvar dag i dei 15 åra som har gått sidan sist vi var saman med kvinnene, er det kanskje å dra strikken litt langt. Likevel er eg ikkje eit sekund i tvil om at dette er godt nytt for svært mange av lesarane våre. Dette vil mange gleda seg til, for kven hugsar ikkje dei sveisne bergens-damene sine spillopper.
Advertisement
Til hausten blir det røyndom , 2. september er det premiere på nytt show og så heldt vi det gåande ut heile hausten, seier Kjersti Berge. Ho er heime hos meg, på teams då må vita slik tida er om dagen, for å snakka om at kvinnene på randen, igjen har funne saman, funne melodien og kjemien.
Koronaen har gitt oss mange utfordringar, ikkje minst i kulturlivet. Det var krise for Ole Bull Scene i Bergen og kvinnene vart samde om at dei ville stilla opp for å gjera ein innsats for denne kulturinstitusjonen, og hadde såleis sommaren 2020 fire konsertar.
Det gjekk ikkje lang tid før vi kjente at den gamle kjemien låg på lur og vi merka snart at dette var kjekt. Det gamle samspelet som bygger på kjemi og at vi forstår kvar- andre, dukka opp og gjorde dette til ei svært god oppleving for oss alle tre.
For å gjera ein lang historie kort, så avlyste eller sette vi på vent alle planane og jobb- ane vi hadde, for å gjera dette showet saman til hausten. Vi har jubileum, det er 25 år sidan vi begynte, og det er 15 år sidan vi gjekk kvar vår veg. Då har vi opptrett saman i 10 år. Fortenar litt fest dette til hausten, saman med vårt kjære publikum! Til det nye showet har vi grove fram gamalt stoff heilt frå starten i 1996, på den Stundesløse. Det blir innslag i god gamal kvinner på randen stil, men og nytt materiell.
Du er hjarteleg velkomen, seier Kjersti, som kjenner godt området rundt Hardangerfjorden. Gift med ein frå Sveio midt i leio. Saman går dei kvar sommar på fjellturar i Rosendal. Sjølv stammar dama frå Strandebarm.
Vi gler oss enormt, og vonar fru Fortuna og alle andre gode krefter bidrar, slik at vi kan samla folk til gledesstunder på Ole Bull Scene. Vi vonar å sjå mange av lesarane til Hardangerfjordmagasinet i Bergen til hausten.