3 minute read

SJUSETE SKISENTER

Sjusete Skisenter er plassert på på 310 moh. mellom dei to bygdene Norheimsund og Øystese.

• Sjusete Skisenter er ein langrennsarena med komplett skiskytaranlegg med 22 blinkar. • Lypenettet har både ljosløyper, treningsløyper og turløyper. • Lysløypa har sløyver på 1 km, 1,8 km, 3 km og 5 km. • Turløypene er: Allkleiv på 6,1 km,

Advertisement

Kjosåsløypa på 4,9 km og Nystølsløypa på 7,6 km.

Sjusete Skisenter er heimearena for klubben Kvam Langrenn og Skiskytter klubb (Kvam LSK). Anlegget vert I tillegg flittig nytta av både bygdafolk og andre frå regionen.

Både Sjusete Skisenter og Kvam LSK er frivillige lag og organisasjonar. Inntektskjeldene er sal av løype- og parkeringskort (Dagsparkering 100 kr og sesongkort 1000 kr). Sponsorinntekter er den andre store inntektskjelda.

-Me er svært takksame for all økonomsisk støtte frå våre sponsorar, seier Jan Tore Tveit. Utan desse viktige samarbeidspartnerane på laget, hadde me ikkje kunna utvikla Sjusete til det området er blitt i dag.

Skihytta var det første bygget som vart sett opp, den stod ferdig rundt år 2000. Etter skihytta er det kome mange bygg på Sjusete. Grindabygg på stadion, fleire bygg og tribune på skiskytararenaen, garasje for trakkemaskin og anna utstyr. I 2019/2020 sesongen var nytt minirenseanlegg innstallert og nye vassklosett både i Skihytta og på skiskytararenaen kunne opnast. Dette var eit stort løft for heile anlegget.

Dugnadsviljen på Sjusete er veldig god. Men utan Geir Børve, Sigve Mo og Leif Mo hadde nok ikkje skiskytararenaen stått fram slik den gjer i dag. Dei har stått på både seint og tidlig heilt frå starten til anlegget I dag står ferdig som eit av dei flottaste I Hordaland Skikrets.

Til årets sesong var ei splitter ny trakkemaskin på plass, dette er ei invistering på rundt 2.5 mill. Utan gode sponsorar hadde heller ikkje denne investeringa vore mogleg. Ei spesiell takk til Sparebanken Vest, Lingalaks og Botnen Etreprenør som løyvde ekstra midlar til maskina og såleis sikra seg permanent reklameplass på det nye gliset, seier Jan Tore.

Me vil fortsetja utvikling av anlegget på Sjusete inn i framtida. Hovudfokus dei neste åra vert utvikling og vedlikehald av løypenett, komplett skilting av løyper med lengder og høgdeprofilar, vedlikehald av skihytte og bygningar elles.

Me ynskjer å få til sommaraktivitetar som gjer anlegget meir populært sommarstid. Sykkelløyper, hinder/klatreløyper er døme på

Sjusete Skisenter er leiar Jan Tore Tveit og 3 styremedlemer, Eivind Dyrøy, Lars Hogne Berge og Sjurd Eknes. Kvam LSK er leiar Frode Måkestad, Silje Laupsa Mo, Elisabet Aarekol, Sara Marie Klyve. Felles kasserer Tore Dolvik. aktivitetar som er aktuelt å utvikla framover. Sesongen 2020/2021 har vore svært god med flotte stabile forhold som brått tok slutt då me fekk regn og mange plussgrader. Håpet er at vinteren kjem attende med litt påfyll av snø, slik at me får fine forhold til påske.

Ein vanleg skisesong på Sjusete går frå rundt juletider til etter påske, men me har også hatt gode skiforhold frå midten av oktober, sjølv om dette kanskje er unntaket.

Dei to siste sesongane på Sjusete har også våre påvirka av Corona. Sjølve anlegget og løypenett har vore ope heile tida, men renn, trening og skileiksaktivitetar har vore negativt påvirka. Det er ein fare for at pandemien vil påvirka rekrutering og interesse framover, men me vil gjera så godt me kan for å auka aktiviteten att når tilhøva tilseier det, seier ein positive og optimistisk leiar for skisenteret på Sjusete. Ein oase for skiglede, som kvemmingane har god grunn til å vera stolte over.

www.tecno.no

This article is from: