1 minute read

ROSENDAL HAMN

mellom favorittane til å bli mest populær på vestlandet

Ei kåring utført av Båtsans har Rosendal Hamn inne mellom dei 10 mest populære i vest.

Advertisement

FOTO: BJARNE ØYMYR

Styreleiar i Rosendal Hamn, Jan Ove Mælen synest det er veldig kjekt at hamna er populær. Han fortel at dei nok er godt kjent mellom brukarane. Fleirtalet av dei kjem frå området mellom Rogaland og opp til nord-vestlandet, og mange av dei har vore her ofte.

Vi får mange gode attendemeldingar, seier Jan Ove. I år skal vi ta i bruk eit nytt betalingssystem som heiter Go marina, ein app der du ordnar med betaling, straum, dusj, vaskemaskin, heile servicetilbodet. Ei ordning vi har god tru på. I fjor investerte vi i hamnevertar som ytte gjestene våre god service på mange felt. Dette var noko som hausta stor fagnad, så den suksessen vil vi gjenta i år, seier styreformannen.

Rosendal Hamn driftar også drivstoffanlegget ved hamna, der du får kjøpt bensin og diesel. I tillegg samarbeidar hamna med BKK med tanke på landstraum til båtar som etter kvart vil etterspørja meir straum.

Ein av grunnane til at hamna er svært populært, trur Jan Ove, er at butikkar, galleri, steinparken og baroniet er innanfor gå-avstand. Dessutan er det ingen tvil om at tilbodet om alle typar turar frå rusletur med barnevogna langs elva til fjellklatring er populært.

Mange legg båten i Rosendal Hamn og reiser til Bergen på jobb med snøggbåten, medan resten av familien brukar båten som hytte, sluttar ein blid styreformann, som gler seg over at Rosendal Hamn er ein suksess.

FOTO: ERLEND HELLINGSRUD, ROSENDAL NATUR

This article is from: