3 minute read

EIDE FJORDBRUK

Advertisement

Eide Fjordbruk sin logo og firmanamn har dukka opp i mange samanhengar og i aukande grad, difor ville vi gjerne finna ut av kven dette er og kva dei tenkjer om laks og fjord, om matproduksjon og i det heile.

FOTO: ANDERS BERLAND

FISK – FOLK – FJORD – FRAMTID skriv Eide Fjordbruk om på si heimeside

FISK

I tre generasjonar har me i Eide produsert kvalitetsmat i vestnorske fjordar. Me er sikre på at fisk som har det bra, er fisk som også smakar godt.

FOLK

Våre medarbeidarar og lokalsamfunna der me driv er heltane i historia om Eide Fjordbruk.

FJORD

Me ser det som vår oppgåve å bidra til langsiktig og berekraftig utvikling av lokalmiljøet, både for folk, fisk og natur.

FRAMTID

Naturen, hardtarbeidande menneske og teknologisk innovasjon har brakt oss dit me er i dag. Og, det er dette som skal ta oss inn i framtida. Sondre Eide er tredje generasjon fiskeoppdrettar, og dagleg leiar som har klare meiningar om mykje kring matproduksjon av fisk, lukka anlegg, om å spela på lag med villfisken og gode synergieffektar med lokale aktørar inn i framtida.

Han er dagleg leiar i eit selskap som er på veg til å få på plass det spektakulære visingssenteret Salmon Eye i fjorden utanfor Snilstveitøy og Rosendal. Eide Fjordbruk samarbeidar med Kvinnherad kommune og BKK om ladestasjon for landstraum til maritim sektor. I tillegg er Eide Fjordbruk ein av dei som etablerer Ænes Inkubator, saman med to andre lokale aktørar, Tombre Fiskeanlegg og Lingalaks.

Hardangerfjorden har stort potensiale med gode naturgjevne forhold for oppdrett av laks, og Eide Fjordbruk vart i 2020 sertifisert som verdas fyrste karbonnøytrale lakseoppdrettar. Laksen er svært energieffektiv, seier Sondre og presiserer at produksjon av oppdrettslaks gir lågare CO2-utslepp enn det aller meste av annan kjøttproduksjon. Størsteparten av CO2-utsleppa knytt til produksjon av oppdrettslaks er relatert til verdikjeda i fôrproduksjonen. På dette området må ein jobbe for å senke miljøavtrykket enda meir. Matproduksjon i sjø må i framtida vera integrert og berekraftig.

I framtida må vi spela på lag og sjå etter synergieffektar. Eg er sikker på at til dømes slam frå smoltproduksjonen på Ænes i framtida vil vere god gjødsel for landbruket. I delar av verda er det også svært intensiv landbruksdrift og mange stader er matjorda i ferd med å verte utarma. Kanskje kan slam frå matproduksjon i sjø i framtida bli ein viktig ressurs for å ivareta viktig matjord på land. Lukka anlegg flytande i sjø trur vi vil vere ein viktig del av framtidas produksjon i fjordane og langs kysten. Å flytta produksjonen av matfisk på land til landbaserte anlegg vil vere mykje meir kostbart enn lukka anlegg i sjø. Matfiskproduksjon på land krev eit høgare energiforbruk og vil vere omfattande naturinngep i strandsona. Eit lukka anlegg på sjø er tross alt eit reversibelt tiltak som ein kan ryddast vekk utan å setje varige spor. I lukka anlegg flytande på sjø kan vi også dra fordel av dei naturgitte positive forholda vi har, ikkje minst gjeld dette i Hardangerfjorden.

Fisk som må ha ferskvatn, som smoltproduksjon, kan vera på land, det er vel naturleg. Men å bandleggja store areal i strandsona for produksjon av matfisk på land er heilt urealistisk, seier Sondre Eide, meir enn middels engasjert. Det er ingen logikk i å ha desse oppdrettsanlegga på land her i Norge. Slike anlegg er kanskje meir logisk i andre delar av verda der laksen ikkje har så gode naturgitte forhold som her i Norge.

Oppdrettsbransjen må samarbeida med villfiskinteressene og villaksen. Villaksen er sjølve dokumentasjonen på at laks frå nærmiljøet vårt og kysten vår er rett fisk på rett plass. Dersom vi gjer dette på ein rett og berekraftig måte, vil det tena oss alle.

Eg ser på utvikling av synergiar for framtida, det er berre våre eigen tanke som set grenser for kva som kan utviklast.

Mat frå Hardanger, laks frå Hardangerfjorden. Det høyrest ut som ein framtidsretta El-bil frå Mercedes, avsluttar Sondre.

Framtida treng mat, framtida treng laks, og at vi finn gode løysingar på samarbeid i lokalmiljøet.

This article is from: