![](https://static.isu.pub/fe/default-story-images/news.jpg?width=720&quality=85%2C50)
3 minute read
HELSE I HARDANGER
HELSE I HARDANGER ER I GANG!
I nært samarbeid med Helse Bergen, Kvam og Voss Herad saman med lokale og nasjonale bruker-organisasjoner er Helse i Hardanger i gang med å utvikla nye konsept for behandling av vår tids største helseutfordringer: Diabetes type 2, Covid-19, ryggplager og angst/ depresjon. Tungpust (kols) starta hausten 20.
Advertisement
- I åra som kjem vil vi sjå ein auke i kroniske lidingar i kombinasjon med færre som er yrkesaktive. Dagens måte å yte hjelp på vil rett og slett ikkje være bærekraftig, sier dagleg leiar Janiche Buanes Heltne. Det vil være heilt naudsynt å tenkje nytt.
HiH vart opphavleg initiert av brukargrupper, eldsjeler og fagpersonar i regionen, og til no er HiH organisert som eit prosjekt der Helse Bergen leiar den fagleg tunge styringsgruppa. Samarbeidsavtaler med Universitetet i Bergen og med Høyskolen i Vestland er også på plass.
Men kva kan dette bety for deg med ein av desse helseplagene? - Det er fantastisk å sjå korleis vår måte og nærma seg utfordringane på, samstundes som vi tenkjer nytt, med ein gong gjev meining både for brukerar og samarbeidspartnerar. No har fagfolka snudd seg rundt og også etablert eit tilbod til dei som har langvarige plager etter Covid-19 infeksjon. All aktivitet er ramma inn av forsking, og viser tiltaka seg å være nyttige og kostnadseffektive er tanken at dei skal bli ein del av ordinære helsetenester, fortel Heltne.
Tiltaka er inspirert av dei gode erfaringane med eit 4-dagers konsentrert handsamingskonsept for personar med tvangslid- ingar.
- For personar som er ramma av kroniske lidingar, til dømes korsryggsmerter, er kvardagslivet gjennomsyra av helseplagene, og pasientane må halda seg til symptom som både kan bli verre eller betre, avhengig av korleis dei sjølve handterer problema, seier kiropraktor og lækjar Øystein Theodor Ødegaard-Olsen som er leiar for fagsøyla for pasientar med ryggplager. - Sjølv om pasientane på eit generelt nivå veit kva dei skal gjera – til dømes auka fysisk aktivitet, trene, ete sunnare, ta medisinar i tråd med det som er skrive ut til dei - kan det vera krevjande å bruke informasjonen på ein slik måte at dei oppnår endringane dei jaktar på, supplerer diabeteslækjar Eirik Søfteland.
- For å unngå at symptoma vert verre kan det henda at ein køyrer seg fast i aktivitetsmønster som i seg sjølv bidrar til fastlåsing, og nokon gangar til forverring av plagane. Ikkje minst er dette tilfellet når den første indikasjonen på betring faktisk kan være at symptoma vert verre, noko som er tilfellet ved auka fysisk aktivitet og trening.
- I ein slik situasjon er det gull verd å få jobbe fokusert med å utfordre mulighetsrom og tålegrenser med tanke på nyttige aktiviteter der fagfolk er tett på for å kunne gi vegleiing, seier lungefysioterapeut Bente Frisk.
Det typiske erogså at den som slit med kroniske helseutfordringer har bruk for spiss- kompetanse frå ei rekke med ulike fagfolk. Den konsentrerte handsaminga vert gitt av eit tverrfagleg team som består av lækjarar, fysioterapeutar, klinisk ernæringsfysiologar, idrettspedagog, kiropraktor, farmasøytar, psykologar/ psykiater og sjukepleiar. Treninga er skreddersydd, samstundes som den vert gitt til grupper med inntil 10 personar der brukarane får jobbe side ved side med andre som går gjennom same type endringsprosjekt. Etterpå vert pasienten fylgd i eit år ved hjelp av ein spesialdesigna mobilapplikasjon. Hovuddelane av handsaminga finn då stad i deltakarane sin eigen kvardag, med støtte frå HiH.
- Vi har samla ein heilt utruleg gjeng med dyktige fagfolk som alle jobbar saman ut frå same endringskonsept, fortel Heltne.
Er du i målgruppa?
Les meir på www.helseihardanger.no – her finn du informasjon om korleis du kan koma til oss.
Helse i Hardanger-konseptet
• Setje i gang handsaminga når personen er klar for endring.
• Fokusere på åtferdsmønster som er med på å vedlikehalda problema, og hjelpa personen til å aktivt identifisera situasjonar der dei kan velja å bryte slike mønster (“mikro-val”).
• Være tett på personar medan dei trenar på å bryte slike mønster. Dette kan til dømes vera sjølve måten dei gjennomfører fysisk trening på, for å “ikkje gjera problema verre”, måten ein går, sit, et, tar medisinar, søv/ døgnrytme, deltar i sosiale aktivitetar eller tar vare på andre.
• Bruke lange sesjonar for å sikre at personen i løpet av den konsentrerte handsaminga kan få erfaring med et breidt utval av situasjonar som byr på slike "mikro-val".
• Gi deltakarane muligheter til å jobbe side ved side med andre som går gjennom tilsvarende endringsprosjekt.
• Klargjere personer for å ta ansvar for å integrere endringane i ordinært kvardagsliv.
• Aktivt bruk av eige utvikla digitalt oppfølgingsverktøy.