![](https://assets.isu.pub/document-structure/210318083450-f871dbe2582e25326afe83f041cbeb42/v1/1a1b95949ef163e8a1cb5fbcb8dd7ccf.jpg?width=720&quality=85%2C50)
18 minute read
VIDAR EIDE - LANDETS ELDSTE MANN
Han har budd 106 år
i same huset!
Advertisement
AV VILHELM GRAVDAL
LANDETS ELDSTE MANN
Vidar Eide i Tørvikbygd fylte 3. juli 2020 den høge alderen 106 år. Sjølv om det framleis er i underkant av 10 kvinner som er eldre enn han, er han no landets eldste mann. Det vart han då den siste mannen som var fødd tidlegare på året i 1914, Alf Oscar Olsen frå Stavanger, døydde 14. mars 2020.
- Det er heilt utruleg, seier rekordhaldaren sjølv som framleis bur heime i huset sitt på Eide i Tørvikbygd. Huset som er frå 1887, har vorte forandra på fleire gonger, men i dette huset vart han fødd, og her har han budd sidan, berre avbrote av eit halvt-årig småbrukarkurs i ungdommen! Å bu i same hus i 106 år er ein rekord som ikkje blir god for andre å slå.
Sjølv om det er registrert eit par personar fødde i Kvam som har blitt eldre enn Vidar Eide, er han også den som har blitt eldst i Kvam herad etter at han sjølv vart fødd. Men truleg går rekorden mykje lenger tilbake.
- Du får koma inn og setja deg i sofaen seier Vidar. Å prata har eg no god tid til.
FOTO: VILHELM GRAVDAL
VIDAR EIDE ER FRAMLEIS AKTIV I VERKSTADEN SIN. HER BRUKAR HAN SOM 100-ÅRING BANDSAGA HAN SJØLV LAGA SOM 18-19-ÅRING. (FOTO: ØYVINN BRUCE)
Fyrste verdskrigen
Det byrjar å minka på dei som kan fortelja om hendingane under 2. verdskrig, men Vidar er fødd før 1. verdskrig. Han fortel sjølv: - Eg vart døypt den dagen 1. verdskrig braut ut. Då vart det panikk. Måndagen etterpå vart kalla Galne-måndagen. Folk hamstra som galne. Bankkasserar Ugletveit i Strandebarm sparebank kom denne dagen og skulle henta farbror min som skulle vera dreng hos han. Og på kvar butikk dei drog forbi var dei innom og kjøpte mjøl. Folk spurde han om kva han ville gjera når alle dei andre hadde svolte ihel og han var att åleine, humrar 106-åringen. - Det vart ikkje slik panikk då 2. verdskrig braut ut. Då var det allereie bestemt rasjonering. Men i 1914 var det ingen som tenkte på at det skulle verta krig. Eg hugsar at rasjoneringskorta låg i skuffa her i mange år. Det var rasjoneringa som var det verste for oss nordmenn under 1. verdskrigen. - Under 1. verdskrigen vart bøndene pålagde å dyrka korn og poteter, husmennene og. Eg hugsar endå ein husmann her på Eide som vart pålagd å dyrka eit halvt mål korn. Han vart så fornærma fordi han trudde han hadde dyrka eit halvt mål korn, men då kontrollørane kom, fann dei ut at det var altfor lite. Eit mål skulle vera eit visst tal alner i kvar retning, og han hadde då rekna at halvparten av dette talet vart eit halvt mål. Far måtte teikna det opp til han før han forstod at han hadde berre dyrka eit fjerdedels mål. - Dei hadde eit mobilt treskjeverk som dei reiste rundt med og treskte kornet. Det var truleg innkjøpt under fyrste verdskrigen. Under 2. verdskrigen vart det kjøpt inn eit nytt. Men eg hugsar og at nokon brukte tusten, to trepinnar som dei slo kornet ut av akset med. Det var her på Vollen, eit lite småbruk. Dei hadde korn og eg såg dei treskte med tust. Så eg har faktisk sett at det har vore gjort; det var då eg var ein liten gutunge. - Men det var strengt med pålegget om korndyrking og potetdyrking og slikt. Og når treskjeverket gjekk rundt, passa kontrollørane nøye på. Og eg hugsar far fortalde at her på Eide konkurrerte far og Per Eide om kven som hadde dyrka mest korn. Og så viste det seg eit år under krigen at far hadde litt meir korn enn Per Eide. Skal eg, skal eg, sa Per Eide, og så gjekk han og drog fram ein sekk til med korn som han hadde gøymt unna i høylageret. - Men eg hadde no ein sekk i høylageret eg og, humra far min, minnest Vidar. - Sjølv var eg no berre ein liten gut under fyrste verdskrigen. Men eg hugsar at besten min som var poststyrar og handelsmann i Skutevik, fekk ein heil del brosjyrar med bilete frå krigen, og dei sende han ut til meg. Det var vel bilete og slikt som var sendt ut som propaganda antakeleg. Heldigvis så forstod eg ikkje så mykje av det då.
Hugsar både Spanskesykja og Koronapandemien
Vidar Eide er ein av dei ytterst få i landet som har levd både under Spanskesykja og Korona-pandemien. Me spør han: Hugsar du noko frå Spanskesykja? - Ja, eg hugsar naboguten her oppe, han Ola Eide, han var vel rundt 20 år, han døydde i Spanskesykja. Han var kadett i Horten og vart smitta der. Han kom heim i kiste. Me høyrde om at det var ein inni Kvam einkvan plass og, som kom heim i kiste. Dei inne i Kvam hadde opna kista, dei ville sjå liket. Men dei fekk Spanskesykja heile familien. Her oppe tok dei ikkje kista heim eingong, dei gravla han utan å opna kista, og det gjekk godt. - Litt sjuke vart dei no overalt, meir eller mindre. Eg hugsar far vart no send heim til Kolltveit, dei låg i Spanskesykja heile huset. Han måtte ut og hjelpa dei, men det vart ikkje noko dødsfall der då. Det var nok uvanleg mykje dødsfall det året, men det hugsar ikkje eg så mykje meir om. Og Korona-pandemien har han fått merka blant anna ved at det ikkje vart noko feiring på låven av 106-årsdagen hans i år. - Men dei fleste i familien har no vore innom likevel, legg han til.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210318083450-f871dbe2582e25326afe83f041cbeb42/v1/c22ad9d210baf05add8ea7b80aa6d54a.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Skulegang
Skulegongen fekk Vidar i det gamle skulehuset i Tørvikbygd. - Gjekk du meir på skulen etter at du var ferdig med grunnskulen her i Tørvikbygd? - Nei, eg hadde eit småbrukarkurs på
Halsnøy i 1934. Det varde eit halvt år. Der hadde eg ein voldsomt flink faglærar, Nikolai Svoen, særleg var han flink med grønsaker. Men elles kunne nok sikkert den skulen vore betre. - Og det var det du fekk av skulegang? - Ja, bortsett frå eit par månaders framhaldsskule lokalt her i bygda og ein tilsvar- ande "sløydskule". Då kom det lærarar til bygda og heldt skule ulike stader med nokre års mellomrom. - Men du var vel gjerne i det militære? - Nei det var eg ikkje. Eg vart ikkje godteken der. Eg var vel liten og utmagra etter at eg hadde arbeidd hardt heime på garden. - Du må eta rjomegraut, sa dei med meg. Dermed vart eg innrullert i Sivilforsvaret, men eg vart aldri innkalla. Og det passa meg i grunnen godt.
Nydyrking og dei harde 30-åra
- Eg gjekk for fullt inn i arbeidet på garden, då, fortel Vidar vidare, med nydyrking og slikt. Her vart eg med far min på båtbygging. Og så bygde eg no båtar sjølv og, etter ei stund. - Og så opplevde du dei såkalla harde 30-åra? - Ja, det gjorde eg. Men me byrja no faktisk å arbeida oss litt opp me då. Syskena mine og eg var vortne vaksne, så me slapp å leiga folk. Det vart tid for jorddyrking. Før gjekk me jo og slo på alt smågraset, og hadde kyrne oppi fjellet på sommaren. Det fyrste eg slutta med, det var å slå smågras og logga på lauvkjerv og slikt. Eg sa at no skal me heller bruka den tida på å dyrka opp jord og å dyrka noko opp til kulturbeite. Og det var sikkert lurt.
Det vart ei slags gradvis overtaking av garden som han dreiv saman med faren ei stund.
- Eg minnest dei hadde berre fem båsar i gamlefloren, sidan utvida dei til seks. Etterpå vart det å stappa inn til dess det ikkje gjekk lenger, og då måtte dei byggja ny flor. Nybygget vart sett opp ved sida av den gamle, slik at dei slapp avbrekk i produksjonen. I nybygget vart det 12 båsar. Og så hadde me kalvar i gamlefloren ei stund. Sidan tok me heile den gamle løa og til flor. Og slik vart det bygd ut litt om litt.
- No er det også vorte trongt att i floren. Og i tillegg har dei kravet om lausdrift hengjande over seg. Det er veldig uheldig. Det øydelegg mange gardar. Når ein ser på bygda her, så er det mest slutt, berre ein to-tre stykke til utanom garden her produserer mjølk. Eg er bekymra for det korleis jordbruket vert øydelagt her i distriktet, og elles i landet no. Eg trur det kjem til å hemna seg ein gong, det der; ja det trur eg.
Traktor i 1954
- Den fyrste som fekk traktor her i bygda, det var Jakob Drage, mimrar Vidar. Eg kjøpte den fyrste traktoren i 1954. Før den tid vart garden driven med hest. Det var stor framgang å få traktor på garden. Den fyrste traktoren var ein Fergusson Gråtass. Den var bensindriven. Men eg fann no snart ut at bensinen var for dyr, så då kjøpte eg ein ny Massey Fergusson i 1960. Og den går enno, fortel han.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210318083450-f871dbe2582e25326afe83f041cbeb42/v1/0014901c8baaaa7ff1e4ca27d1809a18.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Han brukar han ikkje lenger sjølv, det vart det brått slutt på det då han braut lårhalsen. Han var då i slutten av 90-åra.
- Men du har ikkje hatt bil og bil-sertifikat? - Nei det har eg ikkje, seier 106-åringen. Nei, du veit, bil og ferie har eg aldri hatt. Tørvikbygd bondelag – jordbrukskurs - Og så var du engasjert i bondelaget her i Tørvikbygd? - Ja, eg prøvde no å få i gang noko. Me hadde jordbrukskurs og ei stund. - Kor lenge varde dei? - Nei, det var berre ei vekes tid. Folk frå Landbruksselskapet, frå Stend og forskjellige stader hadde ei rettleiing. Men det var utruleg kor mange som møtte fram då, særleg i starten.
- Men var det du som starta opp bondelaget her, eller var det eit lag her frå før? - Det var no eit gammalt landmandslag som vart drive ei stund. Det hadde visst vorte til rundt hundreårsskiftet, og det ser ut for at dei hadde drive ganske godt. Dei hadde hatt feavlslag og veraringar og hadde utstillingar. Så då har det tydelgvis vore ei blomstringstid. Sidan dovna det av. - Så var det ein, Jon Kjosås var det visst han heitte, som ivra for at ein skulle få i gang bondelag. Då melde eg meg inn. Ein mann til melde seg inn i bondelaget og me gjekk i gang med å få skipa bondelaget på nytt igjen. Men etter ei stund vart det no heller slapt, det og. Eg kunne ikkje ofra så mykje tid på det.
Vidar Eide har lenge vore eldste medlemen i Noregs bondelag og er utnemnd til æresmedlem i Tørvikbygd bondelag etter å ha fungert som leiar i fleire tiår lokalt i Tørvikbygd.
- Men eg har no ikkje så mykje å skryta av det arbeidet mitt der, seier Vidar smålåten. Eg skulle nok ha gjort mykje meir, men eg makta det ikkje.
Panel frå sjølvplanta skog
- I Ungdomslaget arbeidde eg mykje for å få i gang skogplanting. Ungdomslaget dreiv på og bestilte på planter til folk i bygda. Og me hadde plantedagar sjølve. Då kom det opp ein god del med granskog. Me rekna med at dette skulle verta ei god hjelp for desse småbruka. Men no kjem dei med store skogsmaskiner og høgg ned og eksporterer til Tyskland. Og tredjeparten går til entrepenørane, seier
KAKA VIDAR EIDE FEKK FRÅ NOREGS BONDELAG PÅ 105-ÅRSDAGEN. (FOTO: VILHELM GRAVDAL)
BÅTBYGGJAREN BYGDE TO TREBÅTAR ETTER FYLTE 100 ÅR. (FOTO: ØYVINN BRUCE) DENNE SCOOTEREN KJØPTE HAN SEG FLEIRE ÅR ETTER AT HAN FYLTE 100. (FOTO: VILHELM GRAVDAL)
dei, og så er det ein 80-90-100 år til neste gong dei får hausta. Så eg har byrja å lura på om eg gjorde rett då eg fekk skogplantinga i gang.
- Eg planta no til det me kunne her på garden. No kan ein dyrka det opp til dyrkajord att. Men den skogen eg planta, hjelpte mykje til her, slik som nede på låven. Der er heile panelinga frå skog eg planta sjølv. Når ein feller tømmeret sjølv, skjer det sjølv og foredlar det sjølv, så vert no pengane verande på garden.
Engasjert i meieriet
Vidar Eide var i mange år med i meieri-styret, fyrst i meieriet i Tørvikbygd. Då han slutta kom dei visst fram til at han hadde vore med i 22 år til saman, fortel han. Meieriet i Tørvikbygd var der som Handelslaget er no. Seinare gjekk det over til å vera Vikøy og Norheimsund meieri, og så han var med på å leggja dei ned og. Det vart mykje plunder då dei skulle over til Norheimsund. Blant anna ville nokre heller til Strandebarm. Og det vart ein fæla sjau då dei ville inn i Bergens-meieriet. Det vart no rettsaker og forskjellig då. Så det er vel best å ikkje gå inn på det, ler han.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210318083450-f871dbe2582e25326afe83f041cbeb42/v1/f68396d20c34176959bff58a333bf1a3.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Men noko av det han er mest glad for å ha vore med på, var å få både Norheimsundbøndene og Øystese-bøndene med på å få i gang Hardanger Meieri i Øystese.
Båtbygging - Har bygd to båtar etter fyllte 100 år
Som nemnt tidlegare lærde Vidar Eide tidleg å byggja båtar. Det var båtbygginga som berga garden den fyrste tida, meiner Vidar. Han har ei mengd noteringar om det som er nokså eineståande. HellandHansen, som har skrive ei stor bok om båtbygginga i området, var og fekk kopiert ein heil masse av det.
- Far min noterte svært mykje. Etter at han vart gift i 1912, har han ført opp kvar einaste båt med pris, kven som har kjøpt dei, og kva spikar og all slags materiale han hadde brukt, aldeles nøyaktig. Eg trur det var eitt år han førde opp 24 båtar på eitt år. Eg har vel knapt bygd så mange båtar på 100 år. Det vart no slik at det var garden som tok mest av mi arbeidstid.
- Men det vart ikkje mykje pengar av båtbygginga, hevdar Vidar. Far fortalde at han hadde vore med far sin og rodd ein båt over fjorden og seld han. Dei hadde fått 19 kroner for han. Han hadde vel vore i beit for pengar og måtte selja han billeg for å skaffa seg nokre kroner. Det var ofte vanskeleg om pengar.
- Eg såg no i nokre papir eg fann etter besten. Der fann eg blant anna ein blankett over obligasjonslån frå banken. Han var ikkje utfylt, men besten hadde skrive på han: "Slike har jeg måttet bruke mange ganger, men heldigvis, alt betalt". Det fortel litt, kommenterer Vidar.
- Men stemmer det som eg har høyrt at du har bygd to båtar etter at du fylte 100 år? - Ja, det stemmer nok, stadfestar den gamle båtbyggjaren.
Framleis i arbeid – lagar skoskeier
- Men no har du vel slutta å byggja båtar? - Ja, no er det ikkje mykje eg kan gjera. Det er å laga skoskeier eg driv med no. Men det er helsebot for meg, det, å ha dette å arbeida med.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210318083450-f871dbe2582e25326afe83f041cbeb42/v1/b8feb181bb38fc9578d00a7848f285f0.jpg?width=720&quality=85%2C50)
Og skoskeiene er blitt litt av eit kjennemerke etter at han slutta med å byggja båtar. Dei er spreidde utover i heile kommunen og vidare utover. Han fortel at han truleg har laga over 1000 skoskeier. Han formar lange skoskeier fint til i tre og til slutt brukar han svijarn og formar ulike vakre mønster på skoskeiene.
- Dei kan du ta med deg, seier Vidar og retter meg to skoskeier. - Eg har gjort dei ferdige i dag.
Intervjuaren må berre måpa og takkar så hjarteleg for dei flotte skoskeiene, reine klenodia. Dei er signerte med det som var tømmermerket til bestefaren, VE og så årstalet 2020. Han forklarer at besten hans merkte tømmerstokkane sine med det merket.
- Eg gav og ein heil del skoskeier til museet i Tørvikbygd. Dei skulle selja ut. Elles er det no så mange som har fått. Borna mine får no stundom med seg heile fang med skoskeier til å dela ut.
Vidar må fyrst skjera til materialen, så høvla dei. Han skjer gjerne opp ein 20 stykke på ein gong, og så går det fleire dagar til å hevla ut og skjera dei til igjen og svi på mønster.
Dotter hans hadde hatt med seg nokre skoskeier og delt ut, blant anna til ei frå Danmark. Så fekk han helsing frå Danmark, fortel han. Ho takka så mykje for skojernet ho hadde fått, og ser humoren i det danske ordet for skoskei. - Eg kunne sikkert ha tent litt pengar på dei, men det vert best når eg gir dei vekk. Det er no godt å ha noko å gje vekk.
Ingen har drukke like mykje mjølk
Ved sida av TV-en har han montert eit trø-apparat til trening for føtene. Eg spør: - Trenar du mykje for å halda deg i form? - Ja, eg lyt no prøva å mykja meg opp kvar dag. Eg har vore mykje stiv no desse dagane. Eg ligg no og arbeider med føtene både dag og natt. Det som plagar meg mest no er dei stive lårmusklane. Men det er no godt å verta gammal no, i forhold til kva det var før i tida, legg han til.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210318083450-f871dbe2582e25326afe83f041cbeb42/v1/4e8e57e0c4d13333129c80bc99e27f06.jpg?width=720&quality=85%2C50)
- Korleis gjer du det med matstellet no? - Ja, brødmaten steller eg no med sjølv. Svigerdottera Sigrun kokar graut til meg og kjem opp med til kveldsmat. Og middag får eg nede hos Jakob. Så det går no bra det. Eg har ein god familie, dei passar godt på meg.
- Kva et og drikk du til dagleg? - Det går mykje i brød og mjølk. Det er vel neppe nokon i landet som har drukke så mykje mjølk som eg har gjort i mine dagar.
- Så du har drukke mjølk heile livet, og ikkje kaffi? - Ja, heile livet. Og ikkje kaffi. Og ikkje har eg røykt heller.
- Og det er ikkje lettmjølk du drikk? - Nei. Eg får henne direkte frå tanken. Og så tek eg litt kulturmjølk av og til, og stundom litt eplesaft. - Trur du mjølkedrikkinga har hatt noko å seia for at du har oppnådd så høg alder, då? - Ja, det trur eg, kjem det kontant og overtydande. Eg trur absolutt det.
Gjennmsnittsalder på over 100.
Vidar har opplevd eit veldig omskifte på nær sagt alle område i samfunnet. Men eitt område trekkjer han fram.
- Det var mange born og unge som døydde tidlegare. Eg har sett tilbake i mi eiga slekt, og då trur eg at borna mine er fyrste generasjonen der alle har levd opp og nådd fram til vaksen alder. Elles har det vore barnedød eller at ungdommar har døydd. Eldste bror min døydde berre nokre dagar gammal, og yngste syster mi vart berre 11 år
- Men er det andre i slekta som har vorte mykje gamle? - Ja, syster mi, Anna, ho vart no 100 og den andre syster mi Sigrid, vart vel 95.
Dei tre søskena spøkte med at dei ville konkurrera om å bli eldst. No har det vist seg kven som vann den konkurransen. Men likevel, ein gjennomsnittsalder på dei tre søskena som voks opp på over 100 år, er slett ikkje vanleg. Det viser seg og at ein tremening til far til Vidar, Randolf Hapnes (1905-2007) og kona Marie Hapnes (19042008) i si tid utgjorde landets eldste ektepar. Dei var begge over 102 år før Randolf døydde etter over 75 års ekteskap.
Biblioteket
På veg ut passerer me forbi det nye biblioteket til Vidar. Det har sonen Jakob og barnebarnet Britt laga til han sist vinter.
Vidar synest det var greitt å få samla bøkene på ein stad og ikkje ha dei plasserte i hyller overalt rundt omkring. Leselysta og den boklege interessa har han etter mora, fortel han. Og morbroren var ingen ringare enn bygdebokskrivaren Olav Kolltveit, som skreiv bygdebøker for store delar av Hardanger.
Og Vidar er sjølv og skrivefør. Blant anna har han skrive dikt. Men no tykkjer han ikkje handskrifta hans duger lenger.
Køyrer scooter
Vidar Eide har som nemnt aldri køyrd bil, men då han var omkring 102 år, fekk han seg scooter. Den er til god hjelp for å koma seg mellom husa her når føret og veret er godt, fortel han. Og han syntest ikkje han kunne venta på at det offentlege skulle gje han eit slikt framkomstmiddel, så han kjøpte like godt ein scooter sjølv. Det blir og sagt at det fyrste han gjorde etter at han fekk han var å laga til eit feste for krykkene, slik at han også fekk dei med seg.
Eg bed om å få ta bilete av han ute på tunet framfor huset han har budd i så lenge. Då tek han krykkene fatt, går ut og set krykkene i krykkehaldaren, og tek plass i setet på scooteren. Han ryggar ut med stø hand, og køyrer rundt på nedsida av huset.
Og farten er upåklageleg. Underteikna må springa for å halda følgje med han, men greier det likevel ikkje. Eg får teke bileta, og 106-åringen køyrer oppatt og parkerer scooteren med stor presisjon tett inntil husveggen. Ikkje til å undrast over at denne karen framleis kan vera å sjå ute i trafikken langs hovudvegen!
106-ÅRING PÅ SCOOTER. (FOTO: VILHELM GRAVDAL)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210318083450-f871dbe2582e25326afe83f041cbeb42/v1/74886f04fb839543c03795de35b3167d.jpg?width=720&quality=85%2C50)
HARDANGERFJORD
MAGASINET