1 minute read
BONDEKOMPANIET
Nytt Felleskjøp bygg i Kvinnherad Rett etter påske, onsdag 7. april opnar Felleskjøpet Rogaland Agder sin nye lokasjon i Kvinnherad.
Her skal BondeKompaniet i Kvinnherad ha sin nye butikk og lager. Med eit bygg på rundt 1600 m2, og ei tomt på omlag 5500 m2, vil vi vera rusta til å møta både profesjonelle og private kundar på ein best mogeleg måte, seier dagleg leiar Stein Olav Ølvestveit.
Advertisement
Her vert eit stort og oversikteleg butikk- lokale, verkstad, varmt og kaldt lager. Stor parkeringsplass og lagring under tak på to sider av bygget. Dei tilsette i Kvinnherad gler seg til å visa fram nybygget til både gamle og nye kundar.
FK-butikken skiftar namn til Bonde Kompaniet
I mars vil 21 FK-Butikker i Rogaland, Agder og sørlige del av Vestland skifta namn til BondeKompaniet. Nettbutikken vil og skifta namn til BondeKompaniet.
Hovedårsaka til namneskiftet er at Felleskjøpet Rogaland Agder sine butikkar blir forveksla med Felleskjøpet Agri sine butikkar. Felleskjøpet Rogaland Agder brukar i dag namnet FK-Butikken, mens Felleskjøpet Agri bruker kun navnet Felleskjøpet på sine butikkar.
Nå skiftar FK-Butikken namn til BondeKompaniet for å unngå misforståelsar og dårlege kundeopplevingar.
– Det er en tid for alt, og i vår digitale tidsalder der meir og meir vert handla på nett så opplever vi ofte mistyding i høve til butikkar og namn. Vi må byggje ein tydelegere identitet og har difor bestemt oss for å skifte namn på nettbutikk og våre 21 butikkar til BondeKompaniet, seier maskin- direktør Einar Bent Jensen i Felleskjøpet Rogaland Agder.
BondeKompaniet er bonden sin eigen butikk, eigd av bønder i Rogaland og Agder.
På same tid er dette ein butikk for alle. Butikken har eit breitt utval av produkt til alle med prosjekt i eller nær naturen.
– BondeKompaniet fortel kva vi er - eit kompani bygde på verdfull kunnskap frå generasjonar av skapande og hardt arbeidande bønder. Dette ligg i vår ryggmarg, samtidig som vi føl med i tida når det kjem til produktmiks og ny teknologi. Vår butikk har kvalitetsprodukt innan hus, hage, landbruk og kjæledyr, seier Stein Olav Ølvestveit.
Opningen av den nye butikker med nytt namn er 7. mars.
Du er hjarteleg velkomen!
Helsing Stein Olav Ølvestveit