6 minute read

NÆRT VILLE DYR

Advertisement

Det er veldig viktig for meg at augo til dyra er med på bileta på eit eller anna vis. Det er kanskje en klisjé, men auga er sjela sin spegel. Det er her du ser dyret sin personlegdom på eit djupare nivå.

NÆRT

VILLE DYR

Eg føler det er lettare å kommunisera med nokon når du kan sjå dei inn i augo. Det gjer det lettare å få ei kjensle av kven dei er og deira "state of mind." Om nokon er sinna ser du det i augo, er dei lei seg eller glad vert det tydeleg i augo. På eit av bileta skjuler skuggen augo på ein alfahann gorilla, men augo er fortsatt essensielle. På eit anna bilete er det ein gorilla som har lukka augo og det gir eit inntrykk av sjelefred. Augo skapar med andre ord eit uttrykk også når dei ikkje er der. Men augo spelar på lag med kroppsspråket, som også er viktig for bileta mine.

Når du tar bilete kjem du veldig nær farlige, ville dyr.

KARL KRISTIAN JAHNSEN HUS

Har du spørsmål eller ynskjer å kjøpa bilete, ta kontakt med Karl Kristian.

E-POST: Contact@Karl-KristianJahnsenHus.com

INSTAGRAM: Tales_by_Nature

HEIMESIDE: karl-kristianjahnsenhus.com

HEIMESIDE: karl-kristianjahnsenhus.com

Stig Nilsson skreiv på vegne av Kolofon forlag om redaktøren Sigurd Vikøren.

74-ÅRING

GIR LIKSÅ GODT UT TO BØKER NÅR HAN FØRST GJER DET

Skal det vere, så skal det vere, tenkjer visst fotballprofilen og naturforkjemparen Sigurd Vikøren (74), og slår til med to bøker fram mot påske.

SIGURD VIKØREN

SIGURD VIKØREN

BLOD ER J KARE ENN ATN! T UK V

"Blod er tjukkare ennn vatn" kan bestilles på kolofon.no eller i en bokhandel nær deg.

MITT LIV PÅ LAG MED HATTEBERGVASSDRAGET Folgefonna Nasjonalpark

I vakre Rosendal, på heile Haugalandet, i delar av Hardanger og traktene der omkring, er han kjend for litt av kvart, ikkje minst for eit heilt liv som fotballgalen, men også som rebell - protesterande framfor politiet for å bidra til å skaffe Noreg ein nasjonalpark.

ROMAN FOR FØRSTE GONG

Påske og krim høyrer jo saman, og Sigurd Vikøren har tenkt å blande seg i selskapet med sin aller første roman. "Blod er tjukkare enn vatn" heiter boka, som kjem ut på Kolofon Forlag fredag 19. mars.

– Kvifor gjekk det 74 år før du fekk ferdig det første skjønnlitterære verket ditt?

– Eg veit ikkje heilt. Det var så mykje anna eg måtte få gjort unna, seier Sigurd Vikøren. Og han kan vise til litt av ei arbeidsøkt:

Snart 50 år som drivar og eigar av Prinfo Media, leverandør av mange slag trykk- saker og artiklar, og ikkje minst som redaktør og utgjevar av Kvinnheradmagasinet, som seinare vart til Hardangerfjord-magasinet. Sistnemnde har Vikøren i 15 år sendt ut til folk i heile regionen han bur i, med eit opplag på 50.000 eksemplar. No skal snart ein digital kanal òg lanserast, for å auke tilgangen til magasininnhaldet enda meir.

Vikøren er også velkjend i regionen for sitt fotballengasjement. Han har vore både spelar, trenar og administrator gjennom så godt som heile livet.

SKAFFA NASJONALPARK

Saman med ein heil gjeng entusiastar måtte han sloss i 40 år, i første rekkje mot politikarar og utbyggjarar, som leiar i Informasjonsnemnda for Hattebergvassdraget. Resultatet vart Folgefonna nasjonalpark, og vern av fleire vassdrag i eit viktig naturområde.

– Meiner du at du var så galen at du dreiv og lenka deg fast, slik dei gjorde i Alta og andre stader?

– Eg kjende godt til mange av dei som lenka seg fast rundt omkring i Noreg, men vi gjorde aldri det. Det var like vel alvorleg nok. Vi fekk politiet til å stansa utbyggjar- ane sine maskiner, ved å protestera. Det er godt å tenkje tilbake på at vi vann fram den gongen, og å ha vore med på å hindre øydelegging av eit vakkert stykke Noreg. No er det berga, på vegne av generasjonar som kjem, seier han.

Sigurd Vikøren si første bok dreier seg då også om 40 år i kamp for naturen han var så gled i. Når påska i 2021 kjem, kan den som vil lese faktaboka om jobben han og gode hjelparar har gjort gjennom 40 år. Dei ville ikkje gje seg, og no er kulturlandskapet til Noregs einaste baroni freda, inkludert livsnervane som høyrer til: elvane og fossane, i eit spektakulært område mot Folgefonna.

BLADFYK OG LIVSVAL

Romanen "Blod er tjukkare enn vatn" gjer Sigurd Vikøren meir spent enn han elles er. – Eg er då ikkje nokon forfattar i slik forstand som dette, og spaninga ligg sjølvsagt i om nokon vil lesa ein roman frå ein slik ein som meg, som kanskje ikkje heilt veit korleis slikt skal skrivast, seier han, lun og blygsam, men òg både lattermild og uvanleg omgjengeleg å vere saman med.

– Du tør like vel vere framfus nok til å tenkje "stort" når det gjeld di framtid som skjønnlitterær forfattar?

– Jo … eg har faktisk tenkt at dette skal bli en trilogi til slutt, og eg må vedkjenne meg at eg allereie går rundt og kladdar litt på oppfølgjaren. Førebels berre i tankane … Er det berre 37 som kjøper boka, så får eg heller skrive om noko anna. -Om du skulle avsløra litt av essensen i boka, kva ville du då seie om det?

– Når du går gjennom livet, blir jo ofte spørsmålet kva det er som har kraft nok i seg til at du endrar dine etiske normer, oppfatningar som du var heilt sikker på du ikkje kom til å gjere nok med. For meg har det vore interessant å filosofere over kva lagnad som skal til for at du tør å endre på noko av det du før var heilt sikker på, seier den 74 år gamle bokdebutanten.

HAR KONTROLL SJØLV

– Kvifor Kolofon, Noregs største forlag for dei som vil gje ut boka si sjølve?

– Eg har jo halde på med mi eiga media-verksemd i snart 50 år, og eg likar å ha kontroll over det eg gjer. Gir du ut bøker på Kolofon, får du òg alle inntektene av salet. Og eg er særs nøgd med valet. Forlaget er profesjonelt, folka der er flinke til å følgje opp forfattarane sine, og for pengane det kostar å gje ut boka får du mykje god og verdifull bistand frå mange gode hjelparar, meiner Sigurd Vikøren.

KORLEIS DU FÅR KJØPT BOKA?

I ein lokal bokhandel nær deg, eller du kan gå inn på Kolofon.no. Når du kjem inn der, så kan du klikke på fana som heiter bokhandel. Der kan du søkja opp Sigurd Vikøren, då vert du rettleia gjennom prosessen, og boka vert sendt heim til deg fraktfritt.

Når du les magasinet så er det eit bokbad med forfattaren lagt ut på Youtube. Går du inn på facebooksida til Sigurd Vikøren, eller på Bokbadet til Sigurd, så finn du ein link du berre kan trykkja på

Boka "Mitt liv med Hattebergvassdraget, Folgefonna Nasjonalpark". Får du i ein bokhandel nær deg. Alternativt kan du tinga den hos: sigurd@vikorenmedia.no

God lesnad.

Sigurd

REDAKTØR: HARDANGERFJORD-MAGASINET ER NO 15 ÅR GAMALT, OG FRÅ HEIMEKONTORET SITT I ROSENDAL SENDER REDAKTØR SIGURD VIKØREN (74) UT FLEIRE UTGÅVER I ÅRET, KVAR AV DEI TIL 50.000 HUSSTANDAR. (FOTO: KOLOFON FORLAG AS.)

This article is from: