4 minute read

ANDERS VATLE

Next Article
HARALD ALVAVOLL

HARALD ALVAVOLL

BLI KJENT MED ORDFØRAREN I EIDFJORD

Anders Vatle

Advertisement

Hardangervidda Nasjonalpark 40 år. Ein god indikasjon på kor lenge 40 år er, kan vera å sjå på kva som var andre nyhende på den tida Hardangervidda nasjonalpark vart opna i juni 1981. Prins Charles og Lady Diana gifter seg. Norge får verdens første barneombud. Norge vinner over England i VM-kvalifisering i fotball - og Bjørge Lillelien har sin mest kjente kommentatorjobb. Gro Harlem Brundtland blir statsminister for første gang etter langvarig strid i Arbeiderpartiet. Nye demonstrasjonar i Alta - politiet fjerner demonstranter og Alta-utbygginga er i gang.

Når ordførar Anders Vatle i Eidfjord denne haust inviterer til kalas og skal feira at Hardangervidda nasjonalpark er 40 år, så vert det samstundes ein generalprøve på hans eigen 40 års dag til neste år.

Anders Vatle frå SP er Eidfjord sin yngste ordførar, som vart fødd året etter nasjonalparken. Den triveleg karen er like ekte eidfjoring som fjella han bur mellom. Farfaren kom utanfrå, men budde heile livet i Eidfjord. Begge foreldra er frå Eidfjord, så då fyller nok ordføraren dei fleste kriterier for å vera ein ekte innfødd kar.

Då har den unge ordføraren sjølvsagt eit godt grunnlag for å kjenna den kommunen han no er øvste politiske leiar av. Guten vaks opp på eit småbruk på Lægreid, her budde Anders til han i 2002 tok turen til Trondheim for å studera. Alt på denne tida var Anders politisk engasjert og vald inn som vara på SP si liste til kommunestyret.

-Eg var så langt nede på vara-lista at eg aldri vart innkalla, seier Anders, men politikar-gneisten var tent. I Trondheim vart det 5 år med studiar som gav han fagtittelen Ingeniørgeolog. Når du kjem frå Eidfjord er det forståeleg at du blir interessert i og oppteken av fjell. Det den unge Anders hadde i tankane sine var å skaffa seg kunnskap om å ta fjellet i bruk med tunellar og fjellhallar.

I 2007, då han var ferdig med studia, gjekk vegen vidare til Lesja i Gudbrandsdalen. Her fekk Anders jobb som byggjesakshandsamar. Vidare fekk han eit vikariat som teknisk sjef, som etter ei omorganisering i kommunen i tillegg gav Anders ansvar for landbruk, plan og næring i fast stilling. I praksis vart det ein jobb tilsvarande kommunalsjef, men offisiell tittel på stillinga var leiar for forvalting og utvikling.

Etter 6 år, i 2013 vart lengten etter Eidfjord for stor. -Eg ville heim å ta over bruket, så då eg var heldig og fekk jobb i Norconsult så vart det retur over fjellet og heim til Eidfjord.

Sjølv om småbruket ikkje var til å leva av, er dette noko som Anders likevel trivest godt med. -Vi har ei samdrift som driv med Vestlandsk Fjordfe, som vi no skal ta til fjells. Dette er aktivitetar som eg likar. Er oppvaksen med dyr og trivest med å jobba med ting rundt meg som treng ei hand. Kjenner meg nærast privilegert når eg kan driva med slikt arbeid.

Då Anders var komen til heimlege trakter vart det meir politikk og i kommunevalet i 2015 vart han vald inn i kommunestyret. Her sat Anders og i tilsynsutvalet for nasjonalparken og i motorferdsleutvalet. Noko som nok indikerer hans interesse for fjellet. Ei interesse Eidfjord sin ordførar ikkje legg skjul på, og aller mest tilknyting kjenner han til bruket sitt stølsområde i Kvamsdal, på kanten mot Hardangervidda.

Etter valet i 2019 vart Anders vald til ordførar. Då kan vi konstatera at politikargneisten har teke fyr. Guten frå småbruket på Lægreid var blitt Eidfjord sin leiande politikar.

Politisk leiing er blitt jobb, her brukar ordføraren aller mest tid på næringsutvikling, både gjennom å prøva å vera døropnar for små grunderar, og for store prosjekt som Eidfjord Resort, som no langt på veg er klart for oppstart.

Ordføraren er oppteken av å levera gode kommunale tilbod, frå barnehage og skule til helse og sosial. Anders er oppteken av at Eidfjord skal få rusta opp og få ei tiltalande promenade mot fjorden, og ferdigstilla området mellom kai og sjøbua i senturm.

Anders har grunnleggjande empati og omsorg for alle innbyggjarane i Eidfjord, men når den rotekte eidfjordingen skulle finna seg sambuar drog han til nabokommunen Ulvik. Der møtte han sin kjære, Britt Madli Manger. Saman har dei to barn på 2 og 4 år.

Gode tilskot til Eidfjord si framtid som Anders har god tru på. -Dersom vi forvaltar våre ressursar på ein god måte, er eg sikker på at Eidfjord blir ein god kommune å leva og bu i framover og, sluttar Anders.

This article is from: