2 minute read

HERDE KOMPOSITT

DEI FIRE EIGARANE ARVID SKOGSEIDE, SVENN IDAR NORDTVEIT, KRISTINE MOLDENHAUER BISETH OG KIM RØSSLAND

Advertisement

ELIN HØVISKELAND KLARGJØR FOR VAKUUMSTØPING AV LIVBÅTSKROG

• Herde Kompositt overtok produksjonen på fabrikken i Ølve 1. april 2021. • 4 lokale gründerar starta bedrifta, og overtok med det sin eigen arbeidsplass. • Har 60 tilsette. • På 50 år har livbåtfabrikken på

Ølve hatt fleire eigarar, deriblant

UMOE Schat-Harding og Harding.

Den siste var Palfinger. • Produserer livbåtar for Palfinger,

Egget for Hauge Aqua Solutions og er i dialog med ei rekke andre moglege samarbeidspartnarar. • Les meir om Herde Kompositt og følg produksjonen på www. herdekompositt.no, Facebook og

LinkedIn.

HMS- OG KVALITETS KOORDINATOR RANDI BEATE BJØRGE

Ny satsing på gammal kunnskap

Lokalt eigarskap og lokal satsing på 50 år gamal kunnskap har gitt Herde Kompositt ein pangstart.

Det nye selskapet vil gjere regionen til eit kunnskapssenter for komposittproduksjon.

Namnet Herde Kompositt er nytt, men folka, tradisjonen og kunnskapen har lang fartstid på fabrikken på Ølve. "Made in Hardanger" betyr kvalitet. Det har alltid vore sterk lokal kunnskap mellom fjordane og fjella, og livbåtane som er laga i Ølve dei siste 50 åra, er i verdsteten.

Dei tilsette på fabrikken har jobba her lenge, og veit kva dei driv med. For ikkje lenge sidan bygde dei verdas største livbåt, til bruk på cruiseskip i heilt andre deler av verda. Men livbåtbransjen kan vere krevjande, og glasfiber kan tross alt brukast til så mangt.

Me kan jo bygge nesten kva som helst i glasfiber, og den kompetansen vil me satse vidare på og tenke nytt rundt, seier dagleg leiar i Herde Kompositt, Kim Røssland.

Han er ein av dei fire lokale gründerane som i vinter bestemte seg for å ta over fabrikken dei har jobba for i årevis. Til saman kan dei fire skilte med 110 års fartstid i fabrikken (bransjen). For medan skipsfarten og livbåtindustrien er inne i ein usikker periode, vil Herde Kompositt heller satse, og med det sikre at både arbeidsplassar og kompetansen blir verande i Ølve. Det er fantastisk at fabrikken no er i lokalt eige, folk som veit kva me kan og kjenner oss frå innsida, seier HMS- og kvalitets- koordinator Randi Beate Bjørge.

Herde Kompositt overtok fabrikken frå det internasjonale selskapet Palfinger, og ynskjer å sjå breiare på kva ein kan skape i komposittmateriale. I fyrste omgang betyr det mellom anna å produsere Egget, eit lukka system for fiskeoppdrett, for Hauge Aqua Solutions. Dei enorme støypeform- ene er på plass, i juni er produksjonen allereie i gang. Teknologien skal hamle opp med dei største utfordringane i oppdrettsnæringa, lakselus, forureining og rømming.

Nytenkande og bærekraftig teknologi er stikkord Herde Kompositt heile tida har fokus på. Det og å samarbeide med lokale krefter for å utvikle regionen som eit kunnskapssenter på området. Med god støtte frå Kvinnherad kommune og lokalt næringsliv, har oppstarten gått med vind i ryggen. Me har ei lang rekke prosjekt på blokka, og har blitt møtt med opne armar. Lokalt samarbeid er utruleg viktig for å lukkast, og det er verkeleg mykje gode krefter i sving her i området. Me spelar kvarandre gode, seier Røssland.

Tilsette med fleire tiårs fartstid med glas- fiberproduksjon jubla over lokal overtaking.

Framover vil me styrke staben og den kompetansen me allereie har. Dette er ei satsing både på lokalsamfunnet og ei bærekraftig utvikling, seier Røssland.

TEKST: MARIA PILE SVÅSAND

This article is from: