![](https://assets.isu.pub/document-structure/210621064043-37f14694594639ef899b5ad63e4b751a/v1/d32bc369323f7d09ca04e09093547389.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
2 minute read
USKEDALEN.NO
- 15 ÅR MED 20 000 SAKER
Nettsida uskedalen.no har vore i samanhangande drift sidan sommaren 2016. I tidsperioden fram til dag er det produsert meir enn 20 000 saker. I tillegg kjem alt som ligg som fast informasjon om til dømes attraksjonar, turvegar, utleige, lag og organisasjonar og historisk stoff. Nettsida er ikkje kommersiell og vert driven på frivillig basis. Ingen reknar seg godtgjersle for arbeidet. Inntekta er faste sponsorar som ligg inne med logo og annonse.
Advertisement
OLA MATTI MATHISEN – EIT PRESSEHISTORISK FENOMEN. Tidlegare pressemann på Kongsvinger, Hamar og Lillehammer, Ola Matti Mathisen, flytta som pensjonist til Uskedalen i 2005. Han vart spurt om å ta redaktøransvaret for uskedalen.no noko han gjorde og løyste på ein framifrå måte i 10 år. Han stod for ei streng og profesjonell journalistisk line. Målet var å vera lokal, ikkje noko var for lite og ikkje noko var for stort. Ein skulle halda seg unna personalia (nekrologar, minneord, gratulasjonar) og lesarbrev. Kristian Hosar omtalar Ola Matti Mathisen som eit pressehistorisk fenomen med stor kontaktplate og tillit hos lesarane. Alt 15 år gamal var Mathisen fast tilsett som journalist i full stilling i Østlendingen. Han avslutta sin karriere i Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer ( GD ). Ola Matti døydde i 2021.
DEI SISTE FEM ÅRA Thor Inge Døssland og Kristian Bringedal held så fram arbeidet med uskedalen.no. Saman med Hans Ordin Østebø (teknisk drift) har dei vore med heile tida, men tok eit større ansvar etter Mathisen sin avgang. Nettsida er fornya tre gonger, den siste gongen no i vår. Uskedalen.no har fått ny design og er langt meir dynamisk og brukarvenleg. Interessa for nettsida er stor med om lag 1000 lesarar i døgeret, og det frå heile verda. MÅLET OG FRAMTIDA Den jounalistiske lina i uskedalen.no har sin bakgrunn i desse prisippa:
• Ein prøver å vera nær lesaren i val av tema • Det vert lagt vinn på vera aktuell og at saker og hendingar vert lagt ut omgåande • Det skal til vanleg vera ein positiv tone i det vi skriv • Det vert ikkje praktisert gravejouralistikk som gå utover den enkelte Uskedalen.no skal vera ei talerøyr for lag og organisasjonar
Nettsida skal hjelpa til med å styrka identiteten og fellesskapet i bygda.
Det er sjeldan vi høyrer om ei bygdenettside som over så mange år er like aktuell og som satsar med fornying og tru på framtida. Uskedalen.no er utan tvil det mest markerte tiltaket vi har innan profilering og bygdeutvikling. Skal ein lukkast vidare, må nye krefter stå fram med skriving og uforming av nettsida.
Kristian Bringedal - redaktør
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210621064043-37f14694594639ef899b5ad63e4b751a/v1/9ddbc6c82ba1c6df9c365ec1889ece07.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
USKEDALEN