4 minute read

HARALD ALVAVOLL

Next Article
JOHS A. HJELMELAND

JOHS A. HJELMELAND

Du finn dei langs heile Hardangerfjorden, både i fjæra og på fjelltoppane, alle dei som tar eit tak for at friluftslivet kan levast og nytast av alle oss andre. Tilrettelegging og merking av stiar, med informasjonar og kart. Bygging av vardar, hytter, gapahukar, grindbygg og bruer. Trappestigar over gjerder og anlegg for passering av myrer.

Det er så mange ting som er og blir gjort at det er heilt uråd å ramsa det opp, men du veit det sjølv kor bra og triveleg dette er for at friluftslivet skal kunna levast året rundt. Vi kjennar alle nokon. Ein av dei som bidreg i Ullensvang er Harald Alvavoll. Møt han og les om litt av hans bidrag til friluftslivet og korleis dette samhandlar med Harald sin profesjon som fruktbonde og reiselivsaktør.

Advertisement

MØT EIN KREATIV FRILUFTSMANN, FRUKTBONDE OG SIDERPRODUSENT Bli kjent med Harald Alvavoll!

Harald var som mange av venene og andre som veks opp i små bygder, ute å skaffa seg utdanning. Seinare valde han å gjera slik mange ynskjer at fleire skal gjera, å flytta attende til bygda han kom frå.

I 2004 starta Harald saman med ein kamerat Ivar Tveito Eidnes med friluftstilrettelegging heime på Lofthus. Då dei kom heim såg dei trongen for å leggja til rette. -Vi starta med Hardanger fruktsti, fortsette med Hardanger fosse sti og Hardanger fjellsit.

Dette er stiar som vi seinare har rusta opp på nytt. Vi så og at å vandra på ein sti og oppleva fruktdyrkinga på nært hald var interessant i eit reiselivskonsept. Vi ordna med informasjonsmateriell på fleire språk, slik at informasjonen nådde fram til fleire.

Harald har i tillegg til å overta garden heime, drive m sjenkestove på Lofthus og litt i turismen si ånd, før han gjekk "solo" og starta med sider og reiselivskonsept på Alavoll Frukt- og sidergard. I tillegg, seier Harald driv vi med fjordhestar og kløvjar opp på vidda. Slik såg vi og behov for opprusting av stien opp til vidda, slik at den kunne bli trygg for hestar. Då var eg kanskje den som tok hovudinitiativ til å rusta opp stien i Munketreppene. Gjennom ei lokal stifting reiste vi privat lokal kapital og fekk etter kvart tilskot frå ulike stiftingar.

Gjennom prospekta våre har vi vore heldige og fått litt dra-hjelp frå Dronning Sonja som var her og kasta glans over opninga av Rukan bru. I jobben med det som har fått namnet Dronningstien sør har vi og fått rusta opp Kråkestien som er nedfarten frå Dronningstien sør. Vi har jobba med dette kontinuerleg sidan 2015 og investert 4,3 millionar kroner.

DRONNING SONJA OG HARALD PÅ OPNINGA AV RJUKAN BRU I 2018

STEINTREPPENE SNIRKLAR SEG OPPØVE I KRÅKESTIEN

HARALD ALVAVOLL

UTSIKT FRÅ GRINDVERKET PÅ STUASET

HJEMMET EGMONT

HARALD ALVAVOLL

RJUKAN BRU KNYT SAMAN DRONNINGSTIEN SØR OG NORD

Vi prøver å spela på dei strengene vi har og etablera eit bærekraftig reiseliv, hand i hand med eit godt friluftsliv både for fastbuande og tilreisande. Vi er ganske stolte over at vi har fått rusta opp dette stinettet til eit bra nivå, heilt frå null. Det har kosta litt arbeid og ikkje belasta nokon offentlege budsjett. Dette er noko eg verkeleg brenne for.

Å koma frå ein god fottur, gjerne i høgda og ned gjennom store veldrivne frukthagar, til prøvesmaking av sider og mat om du vil. Det endar som regel med gode og koselege stunder med topp stemning. -Eg er veldig oppteken av at vi må halda på det genuint ekte med dette konseptet vi no utviklar.

Sideropplevingar og Pomologi, læra om fruktdyrking må vera knytt til gardane og vera konseptforankra i ekte fagkunnskap både mot frukt og vidareforedling med siderproduksjon.

Lofthus er ei flott bygd og her er mykje å oppleva. Gode kafear, sjenkestove og bakeri, der du kan nyta lokale tilbod hos rause hardingar.

Vi har store veldrivne fruktgardar og mange veldig flinke bønder som legg si æra i å dyrka fram frukt med den gode Hardanger-smaken. I dag må eg ofte forklara for turistane at slett ikkje alle epler går i fruktpressa og blir til sider. Dyrking av klasse 1 epler vil framleis vera prioritert, konsumproduksjon vil klart vera bærebjelken. Men fordi vi er store produsentar vil det framleis vera mykje råvarer til den beste sideren.

JOHS EIDNES

Elvane møtest, frå kvar sitt fjell. Grip kvarandre i hendene. Blandar sin song og sitt blod. Held fram einige, sterkare, snåvar ikkje so lett i steinane: Turrskodd skal ingen vassa oss no!

Olav H. Hauge

HEGE GRANE HISDAL/REISEMÅL HARDANGER FJORD

This article is from: