2 minute read

MIN KAMERAT REMI

Next Article
STORD LUFTHAMN

STORD LUFTHAMN

- Eg er klar!

Er ofta standardsvaret dersom du spør Remi om eit eller anna.

Advertisement

MØT KAMERATEN MIN: REMI

Remi er ein av dei som gjer Rosendal til ein litt kjekkare plass å vera. Han har hatt og har mange viktige jobbar i bygda, Remi driv i ein bransje som du kanskje ikkje merkar så mykje til, før tenestene ikkje er der.

Remi har vore hamnevert og ordna med ulike små godsaker til båtgjestene. På bubilplassen har Remi utført liknande tenester. No det ofte så mange gjester i bygda at Remi har vore tvinga til å effektivisera. Han har no sin eigen faste stand der gjestene sjølv kan finna seg lokalaviser gratis. Kart over stader du kan oppleva i Rosendal, og sjølvsagt sjølve rosina i pølsa, Hardangerfjordmagasinet.

Om onsdagen jobbar Remi på butikken på Seimsfoss og er med å køyrer rundt varer. I Rosendal har Remi no eit nytt prospekt på gang. Folk som ikkje køyrer bil sjølve og synest handleposer er tunge. Dei ringer Remi, som kjem med varesykkelen sin og køyrer heim varene for dei. Ei teneste eg trur har potensiale for å auka på.

Remi er ein positiv kar med eit vinnande vesen, spør du han om eit eller anna, er ofte standarsvaret -Eg er klar! Han er oppteken av å få ting til, at folk skal ha det bra når dei er på besøk, at tenestene hans skal vera gratis. Remi er sosial og utadvent, Rosenborg-fan og høgremann på sin hals. Det er viktig for Remi å fortelja om sin kontakt med ordførarane. Han er stolt av at han saman med den førre ordføraren som og var høgremann, var sentral under snorklyppinga då vinmonopolet opna ny butikk i Rosendal. No jobbar Remi for at Rosendal m.a. skal få apotek. -Eg har møter med ordføraren, seier Remi. Sjølv om han som er ordførar no, ikkje er høgremann, så samarbeider vi bra.

-Eg prøver å ta opp gode høgresaker med Hans Inge, og vi har ein god dialog.

Slik er han, kameraten min, ein konstruktiv kar som er positiv og jovial. Men ikkje la deg lura, om du ikkje spelar med reine kort så kan du få deg ei overrasking, Remi finn seg ikkje i kva som helst. Men Remi er viktig og har sentrale roller i mange samanhengar. Fast flaggberar på 17. mai, godt orientert om kven som har ansvar for kva, er han flink til å gi mange av dei gode råd.

Kjente artistar som vitjar Baroniet får ofte gode råd frå Remi, slik blir konsertane deira gjerne enno litt betre.

Er du i Rosendal i sommar, sjå etter denne karen om du treng gode råd, lokalaviser, eller kanskje berre vil ha ein god prat. Ikkje minst er Remi rett mann om du vil ha Hardangerfjordmagasinet sitt sommarmagasin, der du kan lesa om han. Absolutt ein av dei som gjer Rosendal til ein litt kjekkare plass å vera.

SIGURD

This article is from: