![](https://assets.isu.pub/document-structure/210621064043-37f14694594639ef899b5ad63e4b751a/v1/0a9b2d9adcfce801c17ffe6c59898626.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
4 minute read
AUSEKARANE
Eg har aldri sagt dette før, difor gjentar eg det no. Sjauogspel med Bjørn Jensen og Tor Endresen hadde avtale med Sigurd redaktør om å laga ei sak til Hardangerfjordmagasinet, om Ausekarane sin konsert på Riks Teater i haust. Desse 3 karane er akkurat 200 år til saman, og hadde avtale om å treffast på Teams.
Det kunne sjølvsagt aldri gå bra. Som redaktør sit eg på bukta og begge endane, og kan fordela skuld nett slik eg vil, difor let eg det vera. Utan å gå for mykje i detalj ordna det meste seg etter kvart, sjølv om vi mista litt bilete og alle snakka litt mykje samstundes. Men detaljane ordna seg og stemninga var god.
Advertisement
Ausekarane er klar med sitt show nummer. 14, seier Toren. -Nei, er du galen, e da so gale, seier Bjørn, og ristar på den flotte sveisen. -Då må da bli det største comeback sidan Lasarus!
Når vi etter kvart fekk avklart at det ikkje var ausekarane sin turne med "ferjo" i sommar vi skulle promotera, men dei same karane sitt show på Riks teater, når det haustar litt, då gjekk alt veldig mykje betre.
Ausegutane såg no slutten på det dei kalla ein traurig periode og såg fram til å møta publiken. Vi har "spikka" på låtar og er sjølvsagt spente på responsen. Klare til fest og vaksinert mot hepatitt og korona og allslags faenskap.
Ausekarane har ikkje fått på plass noko namn på det nye showet, men vi jobbar med saken, forsikrar Tor. -Vi kan kanskje gjera som då eg døypte siste ungen min, seier Bjørn. Har ganske mange då veit du, så då presten spurde. "Hva skal barnet hete?" spurde eg beint presten -Kan ikkje du berre finna på noko?
Kanskje vi kan bruka ein liknande taktikk no og. I alle høve blir det nye ting, i tillegg må vi sjølvsagt servera ein god medley, slik at folk kan syngja med og får ausedansa litt. Men sjølv om vi har ein del nytt stoff, vil vi framleis profilera desse kystkulturgreiene. Difor har vi laga ein song med sterke meiningar om denne ubåten på Fedje. Så har vi ein sterk song om "steppene på Manger." Det blir duell om kvar merkesteinane skal stå. Vi er glade i Irsk musikk og lagar gjerne norske tekstar til dei kjende og kjære irske melodiane. No har vi klar ein som vi likar godt, som heiter "Sigla heim!"
Kva var det Ivar Medaas sa? Eg e ikkje så god te å symja, men eg e ein resar te å vassa! Ja, nei elles så er vi glad i Johannes Kleppevik. Ikkje mange som har fått så mange akterutsegla folk til å lengta heim.
Alt er med det same gamla. God stemning, mykje lått og løye. Eg er ikkje ein sekund i tvil, det er berre å blinka seg ut Riks teater i Bergen frå 2. september – 30. oktober.
Hugs å ta med ausekar, musikk og stemning fiksar Tor, Bjørn og resten av gjengen. Takk for no gutar! Må de læra dåke å bruka teams til neste gong.
Sigurd
KRIM ER ALLER BEST
PÅ NYNORSK! - Ingen tvil om det.
SIGURD VIKØREN
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210621064043-37f14694594639ef899b5ad63e4b751a/v1/13f816c1d4eb833c913748302e0ff57d.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210621064043-37f14694594639ef899b5ad63e4b751a/v1/e7332007adf85497dedf1f0cbec6886e.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
BLOD ER J KARE ENN ATN! T UK V
![](https://assets.isu.pub/document-structure/210621064043-37f14694594639ef899b5ad63e4b751a/v1/7022fec0811057f35397571f31480cb5.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
SITAT FRÅ BOKA: For ei dame med strålande IQ, vakker utsjånad, og totalt fråverande empati, vil dette sjølvsagt vera det ultimate mål….. ………. Journalisten i meg kjenner lukta av blod Eg kjende det som å stå midt ute på eit stort vatn, heilt åleina. Isen var så glatt og tynn i alle retningar at eg kunne tryna å gå gjennom på kvart einaste steg.
BLOD ER TJUKKARE ENN VATN!
Eit liv skal levast. Kva gjer dette livet med deg? Har lagnaden du møter kraft i seg til å flytta på grenser i din etikk og dine haldningar? Vil samvitet ditt lettare akseptera at du flytter grenser når du innser at blod er tjukkare enn vatn?
DETTE ER EIN KRIM THRILLER
Ein spenningsroman om livet, kjærleik og vanskelege val. Ein historie om oss, deg og meg. Om liv og død, fellesskap, lagnad og samhald. Om dop, smugling og dobbelmoral. På vestlandet, i London, Stockholm og Bergen.
BOKBADET TIL SIGURD - PÅ FACEBOOK Bli med i Bokbadet til Sigurd og ta del i diskusjonar, les kva dei som har lest boka meiner.
Mange spør kva tid oppfylgjaren, neste bok kjem? I august kan du lesa i Bokbadet til Sigurd kva som skjer.
Sigurd Vikøren har skrive boka. - 50 år i grafisk bransje, typograf og redaktør. - Eit liv med fotball og vassdragsvern. - Fjellet sin ven.
KJØPA BOK!
Vipps kr. 349,- til 982 98 301 så dukkar boka opp i postkassen din fraktfritt. Langs Hardangerfjorden får du boka i bokhandelen og i mange daglegvarebutikkar. Du kan tinga boka på kolofon.no