2 minute read
Bygde om smia frå 1870
Mange kjenner seg nok igjen i følelsen av at ein berre skal fikse litt her og der, og så blir det gjerne meir enn ein hadde trudd. John Terje Hamre frå Selje kan i alle høgaste grad bekrefte det.
Iden gamle smia på familiegarden er det i dag nemleg lite som minner om det bygget oldefaren bygde for 153 år sidan.
– Smia er det oldefaren min som har bygd. Han kom opphavleg frå Oppstryn, men han kom til Selje med tømme- ret dei brukte til å bygge kyrkja vi har i bygda i dag. Då møtte han ei jente frå Liset, og seinare fekk han kjøpe jorda her smia står, og endra etternamnet til namnet på hovudbruket, Hamre, fortel John-Terje Hamre. Oldefaren bygde eit hus, ei lita lade og smia.
– Der starta han som smed, noko han var heile si tid. Etter det, då bestefaren min tok over, hadde han det som verkstad til lastebilane sine. Etter det stod det tomt, og eigentleg til nedfalls.
Tok av
Det er likevel mangt eit gardsbygg som har møtt ein verre skjebne enn bygget som står på Hamre i dag. Å rive det var ikkje eit alternativ, og då ein orkan tok bølgeblekktaket for nokre år sidan fekk han det sparket i baken han trengde for å gjere noko med det.
SNART I MÅL: Det blei meir arbeid enn Hamre hadde tenkt, men fint blei det. FOTO: BJØRN ERIK DRABLØS
Men at det skulle ta sånn av hadde han ikkje planlagt.
– Eg måtte berre gjere noko då taket fór. Det første eg gjorde var å legge nytt tak, men så fann eg ut at eg måtte gjere noko inne også, og då balla det på seg. Mildt sagt.
Golv blei støypt, skifer blei lagt og snart hadde han på plass både straum og vatn i det gamle uthuset. Og då begynte det kanskje etter kvart å bli klart kva bygget ville ende opp som.
– Ja, det har blitt eit festlokale. Ein plass der eg kan ha besøk av venner til grillfestar og liknande. Der er langbord, fullt utstyrt kjøken og alt ein treng. Det einaste eg manglar, og som eg tenker er greitt å få på plass også, er toalett, smiler han.
John-Terje Hamre
Har tatt vare på det gamle Bruksområdet har dermed endra seg frå då oldefaren ville satse på eit liv som smed. På garden i dag er det lite som minner om slitet orfedrane gjekk gjennom, men enkelte spor kan ein framleis sjå etter smeden Hamre.
– Eg har tatt vare på mange av gjenstandane som var igjen på garden etter smia han hadde, og det har eg brukt til å dekorere veggane.
I taket heng det også ei lampe som har ei artig historie.
– Det er ikkje ofte eg er med på auksjonar, men denne lampa såg eg på ei kjøpe- og seljeside på Facebook. Eg synst den var fin og at den kunne passe godt inn i smia. Eg vann bodrunden, og då eg då tok kontakt med seljarane viste det seg å vere slekta vår i Ålesund.
Men det sluttar ikkje der.
– Dei sa at dei hadde vore mykje her på garden, og at eg ikkje skulle sjå vekk ifrå at lampen faktisk høyrde til her i utgangspunktet. Så verda er ikkje stor!
BJØRN ERIK DRABLØS bjorn@fjt.no