2 minute read
gav dei nytt liv – og utsikt
Redda frå brann
Det oppstod ei skremande hending ei tid etter at ho byrja leige ut bygga for tre år sidan. Klokka halv to om natta vart ho oppringt av tyske gjester. Det var brann i bygget som tidlegare var Haugen skule.
– Det hadde byrja brenne bak brannmuren. Heldigvis var det stasjonert brannbil og brannvern i Utvik. Det redda bygget. I tillegg til at det gode tømmeret gjorde at det brann sakte. Brannmannskapa fekk tid på seg til å kome og redde bygget , fortel ho.
Då vi var der, var bygget nettopp ferdig restaurert, og klart for ein ny turistsesong. Rønnaug leiger for det meste ut gjennom Airbnb og DanCenter.
Føler seg fri
I oktober pensjonerte ho seg frå jobben som leiar for avdelinga for økonomi og løn hjå Norgesvinduet på Eid.
– Det var ein fantastisk stad å jobbe, der eg var med i ein periode verksemda vaks frå 30 til 160 tilsette, og der eg gjennom åra fekk stadig nye utfordringar. Men eg har vore i ulike system sidan eg var sju år gamal. For første gong sidan då føler eg no på ein fridom. Eg og mannen min brukar stadig meir av tida våre på Juv, sjølv om vi har bustadadresse i Kjølsdalen.
Det er ein spesiell stad, Juv. Vegen mot Tistam er ikkje ein veg ein ferdast slik utan vidare. Ein tek av i krysset i Utvik sentrum og køyrer fem kilometer vestover. Vegen endar på Tistam nokre kilometer lenger ute. På andre sida av fjorden ligg gardane Jevnlid, Rosenlid og Fjellkårstad på Fjelli. Om sommaren skin sola frå tidlig til seint på fine dagar og gjev frodige tilhøve for bær- og fruktdyrking. Vinteren er mørkare.
Står på bersteinar Innmarka er liten og bratt. Å drive tradisjonelt jordbruk her var ikkje å tenkje på. Rønnaug gjev skryt til gravemaskinkøyrar Håvard Lyslo frå Innvik for jobben han har gjort med vegar, tomter og ikkje minst murar. Dei to skulane står på steinføter, bersteinar, i fronten, og heng liksom i lause lufta. Steinane er frå skiferbrotet i bygda.
– Far min hadde dyr i fjøsen fram til 2001. Mor mi hadde allereie starta med utleige av gamlestova på garden før eg overtok. Eg har funne ein motivasjon i å sjå kva som er mogleg å få til på ein slik gard som i utgangspunktet ikkje ser ut til å vere driveverdig.
Det er dokumentert busetnad på garden tilbake til 1200-talet. Familien til Rønnaug har budd her dei siste 100 åra.
Planar for Juvsgjølet
Det er noko med å vere rett person på rett stad. Rønnaug innser at bakgrunnen hennar med talforståing som økonomileiar i ei stor verksemd har vore avgjerande. Ho nemner også at langva- rig politisk engasjement har gjeve henne innsikt i korleis ein kan få hjelp av myndigheitene til å ta vare på gamle bygg og byggje opp ei verksemd.
– Eg har nytta meg av SMIL-midlar og andre stønadsordningar.
Å byggje meir har ho ingen planar om. No skal ho drive det ho har bygd opp, men planlegg stadig nytt innhald i produktet.
– Eg har fått grei beskjed med mannen min om å ikkje byrje med noko nytt før skulane er på plass. Men eg har sjølvsagt planar. Vi har eit gjøl her med ein foss som er veldig fin. Men staden er utilgjengelig. Som barn hugsar eg det var strengt forbode å nærme seg Juvsgjølet. Eg har tenkt at det er veldig synd sidan det er ein så fin stad, så eg er byrja tenkje på å prøve å gjere det meir tilgjengelig med tryggingstiltak og opprusting av den gamle stien.
JØRN-ARNE nordfj@fjt.no
TOMASGARD