2 minute read
Godt arbeid er viktigare for
Godt innarbeid som TV-elektrikar i TV2programmet Tid for hjem hoppa Gunnar Fjellestad av og flytta heim til Sandane. Ute av rampelyset blomstrar verksemda hans
GF Design vidare.
Om han har hatt nokon stor effekt av TV-programmet etter at han flytta heim, er vanskeleg å måle, synst han. – Då er det langt viktigare å gjere skikkeleg arbeid på oppdraga eg har til ei kvar tid. Det er det du blir målt på. Her i bygda kjenner alle kvarandre uansett. Men det er klart det er positivt at folk veit kven eg er. Slik sett var det veldig bra å vere med i Tid for hjem, seier Gunnar Fjellestad (42).
Tok elektro
Han gjekk elektrolina ved Eid vidaregåande skule, tok fagbrev heime på Sandane og teknisk fagskule i Førde, før han fann ut at han ville ut av Nordfjord og «lufte seg». Valet fall på Bergen, der han fekk jobb hjå Service Elektrikeren AS. Det var gjennom dette selskapet han kom inn i produksjonsmiljøet som laga Tid for hjem. Konseptet i programmet som nyleg vart nedlagt, var å ta eit hus med behov for fornying, og totalforvandle det i løpet av eit TV-program. Etter kvart dukka det opp ein kar med velklingande nordfjorddialekt i programmet – Gunnar Fjellestad.
– Eg var involvert i programmet i til saman elleve år. Først i kulissane, så meir framfor kamera. Det var ei spanande og kjekk tid.
Flytta med seg firmaet – Eg jobba som installatør i Bergen i 11 år, det siste året jobba eg mest med TVproduksjonen.
Parallelt med han gjekk over til å jobbe nærmast heiltid med TV, slutta han i elektrikarfirmaet han hadde jobba for, og starta sitt eige firma. GF Design AS vart etablert som eit einmannsfirma i Bergen i 2016. Gunnar tok med seg firmaet då han flytta heim i 2017, etter 12 år i Bergen. Ei stund heldt han fram samarbeidet med TV-produksjonen med base på Sandane.
– Både eg og kona mi Marianne er herifrå. Vi har to søner, på 5 og 8 år. Det var naturleg å flytte heim til familie og vener, seier han.
– Korleis var det som sjølvstendig næringsdrivande å flytte frå den store marknaden i Bergen til ein mindre marknad på Sandane?
– Eg vil seie det er mykje likt. Det har vore fullt trykk med arbeid frå dag ein her også. Det har vore meir enn nok å ta tak i. Men som sjølvstendig med ansvar for to tilsette blir det uansett slik at du kanskje ei veke lurer på om du har nok, så tek du på deg oppdrag og neste veke har du kanskje for mykje, seier han. Sjølv om det ligg i firmanamnet at han er oppteken av lysdesign, at lys skal inngå i interiøret i eit hus i kombinasjon med fargar og arkitektur, driv han eit reint elektrikarfirma.
– Vi tek på oss alt av oppdrag, frå bustader til næring, industri og landbruk.