2 minute read
Flytta skulehusa og gav
Skulebygga på Haugen og Rygg i Hornindal stod til nedfalls etter at skulane vart lagt ned på 1960-talet. Rønnaug
Berge Leite kjøpte dei og flytta dei til Juv ved
Tistam. Der skin dei gamle skulane som no er til utleige for turistar.
Garden på Juv var lenge eit dilemma for Rønnaug Berge Leite. Ho var fødd og oppvaksen på garden, men etablert med mann og born i Kjølsdalen. Foreldra vart eldre. Etter kvart stod valet mellom å selje den 2.000 mål store eigedomen, eller at ho overtok med den enorme arbeidsinnsatsen ho innsåg måtte til for å halde garden i hevd. Ho bestemte seg for det siste. I 1996 overtok ho det ho i dag innser er blitt livsverket hennar.
Uvissa fram til ho overtok prega garden og bygningane, det var mykje å ta tak i.
Når vi i dag gjestar garden, er alt på stell. I autentisk stil der det gamle er ivareteke, kan vi ikkje sjå eit einaste lite flass av måling. Vi kan berre tenkje oss til kva arbeid som ligg bak å ta ned to gamle tømmerbygningar i Indre Hornindal, frakte dei hit, byggje dei opp att og få dei til å skine på denne måten. På toppen driv også Rønnaug med lokal- matproduksjon. Merkevaren Juv med saft og sylte av bringebær og eple frå garden er til sals på lokalmatutsal i Nordfjord. Ho fortel at ho lagar alt sjølv. – Eg brukar dei 24 timane i døgnet godt.
Vurderte glasbygg
I dag er det fire utleigeeiningar på garden Rønnaug og mannen Paul Rune driv. Ho var i stuss då ho skulle utvikle reiselivsproduktet med fleire bygningar. – Ei stund tenkte eg på glasbygg. Eg var og såg på Juvet i Valldal, og fekk ein arkitekt til å teikne eit utkast med glasbygg. Men då tankane modna, innsåg eg at det ikkje var rett her. Ein annan arkitekt teikna ei løysing med grindebygg. Men eg følte ikkje det var rett heller. Ein dag kom mor mi med Fjordingen og viste meg ein annonse der to skulebygg i Indre Hornindal var lyst ut for sal. Eg reiste og såg på dei, og dei traff meg, fortel ho. Dette var kring 2015.
Kjøpt for 5001 kroner
Rygg skule baud ho ei krone for og fekk tilslaget. Haugen skule fekk ho kjøpe for 5.000 kroner. Ho meiner det var det bygga var verd i marknaden. – Eg såg på kva det ville koste å ta dei ned, flytte dei og gje dei den standarden eg ville. Alternativet var kanskje å ta ei gravemaskin og rive dei. Det ville vore for gale. Tømmeret er veldig fint. Det er ikkje mott-ete eller skada på anna vis. Men det var berre eit tidsspørsmål, for taka byrja bli dårlige.
I romma der det var undervisning er det no opphaldsrom med kjøken. Dei står på fantastiske utsiktstomter med panoramautsikt over fjorden frå alle glas i stova. På kammerset til læraren er det no soverom. Loftet nytta skulen til lager, også her er det no soverom. Haugen skule er sett opp i Gamletunet oppe i bakkane, Rygg skule står på den gamle husmannsplassen Juvsøyna nede ved fjorden.
NYTT LIV: Rygg og Haugen skular stod tett inntil rv. 60 i Indre Hornindal. No står bygga her på Juv. Haugen skule er det øvste, Rygg skule ligg nede ved fjorden.
SKULESTOVA: Rønnaug Berge Leite i det som tidligare var undervisningsrommet på Haugen skule. Dei antikke møblane er svigerdottera sine, laga av møbelfirmaet Chr. Knag i
LÆRARKAMMERSET: I dag er det gamle lærarrommet på Haugen skule soverom for turistar på Juv.
ORIGINALE LYSKUPLAR: Dei runde lampane er originale lampar frå Rygg skule. Biletet er frå opphaldsrommet, der det før var undervisning.
BERSTEINAR: Gravemaskinførar Håvard Lyslo har utført arbeidet med dei spesielle steinføtene som bygga heng på i fronten. Steinane er frå skiferbrotet på Tistam.