4 minute read

Her fekk Bente alt ho ynskte seg

Bente Flore fekk fast jobb i Loen og ville kjøpe si første leilegheit. Valet fall på Hool

Panorama i Stryn. Det angrar ho ikkje på.

Ho hadde vore på utkikk etter å kjøpe noko lenge.

– Eg hadde ein liste med ynske for kva eg ville ha. Det måtte vere mykje sol, kort ved til skog og mark, garasje, stort vaskerom og gangavstand til sentrum. Ho eg snakka med i banken meinte eg kanskje kom til å måtte fire på ein del av krava, men denne leilegheita kryssar faktisk av på det meste, seier Bente Flore og smiler.

Ho er glad for at ho punga ut 2,7 millionar kroner og kjøpte sin første sjølveigde bustad i 2019. Då hadde nokon andre budd der i tre år, men det var i praksis nytt.

Etter å ha jobba både på Eid og Reed og opplevd nedbemanning, ville ho flytte til Stryn.

– Eg fekk jobb ganske raskt som butikksjef på Fjord Shop nede på Loen Skylift. I starten leigde eg bustad slik eg alltid hadde gjort. Men med fast jobb fann eg etter kvart ut at eg ville kjøpe mitt eige. Eg har ikkje angra, seier ho, og røper at i mai/juni kjem ein møring og flyttar inn.

– Vi treftest på countryfestival i Skjåk. Han likar seg i Stryn og er positivt innstilt til å flytte hit. Vi er fire søstrer, og no bur alle i Stryn. Så det er kjekt. Eine søstera mi har overte- ke garden i Markane der også foreldra våre bur, så vi er samla.

Leilegheita Flore eig er ei av fire i eit av leilegheitsbygga i bakre rekkje i Hool Panorama. Her er to soverom, stort vaskerom, ganske stort bad og open løysing mellom stove og kjøken. Totalt er leilegheita 78 kvadratmeter. I fronten er det stor, delvis overbygd, terrasse. Sjølv om det er bygg framanfor, ser ho eit gløtt av fjorden. Under er det felles parkeringskjellar.

Byggjetrinn 2 på vent

Entreprenøren Asbjørn Fure i Stryn Eiendom AS var initiativtakar til Hool Panorama og har også stått for utbygginga. Han seier utbyggingsselskapet Hool Invest AS eig resten av tomta og at området er ferdig regulert til eit byggetrinn 2, men at dei ikkje har konkrete planar om vidare utbygging.

– Tomta var i utgangspunktet om lag 12 dekar, det vil seie at om lag seks dekar står att. Vi har ferdig godkjent reguleringsplan for 29 bueiningar til, men har ikkje umiddelbare planar om å gå i gang. Det er stor usikkerheit for tida som følgje av inflasjon, auka rente og krig, og vi har nettopp vore gjennom covid. Finansane må henge i hop både for oss og bustadkjøparane, så vi må sjå ting an. Økonomien i første byggjesteg ser ryddig og grei ut, det ruslar og går, seier Fure.

Dei har bygd to tomannsbustader med til saman fire bustader, tre hus med fire leilegheiter i kvart og tre hus med fem leilegheiter i kvart.

– 26 er selde, medan vi leiger ut fem. Dei små leilegheitene har vore enklast å selje. Vi vurderer om vi skal selje dei siste ut etter kvart.

Dei har bygd framanfrå og bakover, slik at det er området bak som står att.

– Vi diskuterer ulike løysingar for tomta som står att. Eit alternativ kan vere at samarbeidspartnarane som har vore involvert i første byggjetrinn held fram, eller at selskapet vårt, Stryn Eiendom, kjøper ut tomta. Det kan også vere aktuelt å selje den eksternt.

Sanerte gamal husmorskule

Det er Hool Invest AS som står bak prosjektet med til saman 31 bueiningar i byggjetrinn 1 som er ferdig utbygd. I tillegg til selskapet Stryn Eiendom AS der Fure og sambuar Anita Vinsrygg er eigarar, er selskapa Isco AS, KR A Vik AS og Frasko Invest AS med på eigarsida i utbyggingsselskapet. Kjente næringslivsfolk frå Stryn står bak desse selskapa. Isco er eigd av familien Sandbakk med bakgrunn i Miljøservice, KR A Vik er ei røyrleggar- og eigedomsverksemd med Kristian Vik som majoritetseigar, medan Frank Skogstad, medeigar i klesprodusenten Skogstad Sport i Innvik, står bak Frasko.

Hool Invest AS vart etablert i 2011. Ifølgje Fure vart dei siste bustadene i første byggetrinn innflytta i 2019.

Han fortel at han som utbyggjar såg potensialet i tomta der den gamle husmorskulen i Vik stod til nedfalls.

– Det var ei stor solrik utsiktstomt sentralt i Stryn der eg skjønte det kunne vere råd å få til noko. Då eigedomen kom for sal, var der andre interessentar og det vart bodrunde. Prisen kom etter kvart opp på eit nivå der eg måtte ha med andre. Kristian Vik tente på prosjektet, han fekk med Frank Skogstad, og Malvin Sandbakk vart med.

Prisen for den gamle husmorskulen med tomt var om lag 6,5 millionar kroner, ifølgje Fure.

– Gratis økonomiutdanning Fure omtalar prosjektet som «mykje gratis økonomiutdanning». Dei måtte ha kontroll på store pengesummar inn og ut, til rett tid, og heile tida sørgje for å vere godt finansiert. Erfaringa frå andre stader viser at nettopp dette kan vere utfordrande og eit risikomoment i samband med eigedomsutvikling. Kundane vegrar seg for å kjøpe bustad på prospekt om dei ikkje kjenner seg trygge på dei som står bak. Men oppsida kan vere eit høve til å tene pengar for utbyggjar, og bustadkjøparen kan få moderne bustader på gode tomter, og også gode moglegheiter til økonomisk vinst når prosjektet er ferdig.

Asbjørn Fure er nøgd med Hool Panorama slik det er blitt. Han mei- ner det var rett å rive den gamle husmorskulen, og at ein må våge å ta diskusjonen om sanering av utbrukte bygg som del av debatten om sentrumsutvikling.

– Det skal helst ikkje snakkast høgt om. Dei fleste gamle bygg har ingen verneverdi, og vi må overlate spørsmål om vern til fagfolk i staden for at folk flest skal meine mykje om det. Etter mitt syn er det i mange tilfelle betre å rive for å gje plass til nye bygg når vi snakkar om sentrumsutvikling.

JØRN-ARNE TOMASGARD nordfj@fjt.no

This article is from: