2 minute read

Forventar at salet aukar

Etter ein litt tregare vinter reknar lokale eigedomsmeklarar med at det livnar i lundar også for bustadmarknaden.

Fleire hus blir no gjort klare for sal.

Mange bustader skal ut på marknaden no til våren og sommaren, fortel eigedomsmeklar Henriette Holter i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Ho har ansvar for bustadsal i Ytre Nordfjord.

Det har vore ein stille vinter, ifølge eigedomsmeklaren. Det kan skyldast fleire ting. Ho trekker blant anna fram rentehevingar og auka kostnader generelt.

– Det gjer sjølvsagt at folk har mindre pengar å rutte med. Sjølv om betalingsviljen er der, får ein heller ikkje like mykje lån som tidlegare. Samtidig er det naturleg at det er litt rolegare på vinteren, seier Holter.

Meklaren meiner likevel det vil stabilisere seg etter kvart.

– Porteføljen eg sit på viser i alle fall at det kjem mykje meir til sals nå. Så får vi håpe kjøparane er der også.

Gode sommarmånadar Partner i Advaco, Synnøve Berg Svarstad, som sit i Måløy, meiner den lokale bustadmarknaden ikkje er prega av nedgang. Ho opplever likevel at folk har vore meir avventande den siste tida.

– Det har jo vore ei tid med noko usikkerheit knytt til rente, straumprisar og andre faste kostnader som har auka. Mange har kanskje ville sjå an korleis det utviklar seg, seier Berg Svarstad. tidlegare år har vore ein litt rolegare månad på grunn av ferie, har det dei siste åra faktisk vist seg å vere ein ganske god månad for eigedomssal, seier Berg Svarstad.

I tillegg spelar vintervêret ei rolle. Det er både vanskeleg å ta bilde og vanskeleg å gjennomføre gode visningar når mykje av eigedommen er dekt av snø.

HEITT: Det er selt tre hytter på Silda dei siste månadene.

Det har gjerne hatt samanheng med at nordmenn har vore mindre på ferie i utlandet dei siste åra og meir tilgjengelege for visningar også i sommarmånadane.

• I vårt område er nok areal og parkering på eigedommen viktig for mange, sjølvsagt i tillegg til plassering.

Synnøve Berg Svarstad

Bil og plassering viktigast

I Måløy-området er det få nybygg frå 90-talet og utover, ifølge Berg Svarstad. Det er underskot på ledige tomter, og generelt ein ganske stor eldre bustadmasse.

– Det gjer at vi har hatt og får ein del renoveringsobjekt for sal, seier Berg Svarstad. Ettersom det er færre nye bygg å velje mellom, er det andre faktorar som blir viktige for kjøparane.

– I vårt område er nok eigedomsareal og parkering på eigedommen viktig for mange, ettersom det er avgrensa med offentleg transportmoglegheiter her. Og sjølvsagt plassering. Veldig mykje anna kan ein gjere noko med, seier Berg Svarstad.

Folk er derfor opptatt av å ha areal nok på eigedommen, til å kunne bygge for eksempel garasje eller biloppstillingsplassar på uteområdet.

Berg Svarstad meiner folk gjerne bruker påska til å spekulere litt, før dei slår til mot vår og sommar.

– Då vaknar marknaden endå litt meir til liv igjen. Det er gode månader å selje bustad på. Sjølv om juli månad

– Folk sine behov har endra seg ganske mykje frå 70-talet. Garasjane frå den tida er små og ikkje like brukande til dagens bilar. Men dersom det er tilrettelagt til at ein kan gjere noko med dette sjølv, blir salet lettare. Dersom det er ein kurant eigedom med god plassering, og ein har areal nok til å lage til det man ønsker seg sjølv, går slike eigedommar ganske fort likevel, seier Berg Svarstad.

LOUISE NYGAARD louise.nygaard@fjt.no

This article is from: