1 minute read
Har Tår-kioskar i tre turistbygder
Surfeparadisa i Hoddevika og Erviksanden har det. I fjor fekk også Seljesanden ein Tår-kiosk.
Bak Tårkonseptet står fire Dalsbø-karar; brørne William og Ruben, og syskenborna Daniel og Vegard.
Først ut var kiosk ved Erviksanden – med svært gode erfaringar. Seinare utvida dei konseptet, og det kom kiosk både i Hoddevika og på Seljesanden. Tanken er at ein også skal utvide til andre bygder der ein ser behov for det.
Sjølve kiosken har ein spesiell design. Den sjølvbetjente døg- nopne kiosken gjer at du kan kjøpe deg ein pakke med grillpølser, kaffi eller ei tannkremtube når behovet dukkar opp. Alle varene dei sel handlar dei lokalt. Dette er viktig for dei lokale gründerane på Stadlandet. INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no og einaste kvinnelege helgenen i Norge.
Ruinane etter kloster- og helgenanlegget, som framleis står der i dag, imponerer. Det er eit av dei beste bevarte anlegga i landet.
Klosteret blei grunnlagt på 1000-talet. I dag har det lokal, regional og nasjonal verdi. Her kan du vandre i ruinane, med utsikt rett ut mot storhavet.
INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no
KLEMMEKROK: I Eidsgata finn du ein eigen klemmekrok med benk.
Klem i veg
Få stadar kan skilte med å ha sin eigen klemmekrok, men det finn du midt i Eidsgata.
I løpet av året er det mange som tar ein stopp her, og lar seg forevige i linsa. Klemmekroken ha sin eigen klemmebenk, og skiltet «Klemming er sunt, året rundt».