2 minute read
lengst vest
Vandring gjennom Sagaløypa
Du kan sjølv utforske historia til Nordfjordeid gjennom å gå Sagaløypa.
Dette er ein flott tur som tar deg med gjennom bygda si kulturhistorie. Sagaløypa har fokus på vikingtid og tidleg mellomalder.
Løypa går frå ppplevingssenteret Sagastad, via Eid kyrkje, gjennom Eidsgata og Tverrgata, forbi gravhaugane og gardstuna på Myklebust, og endar opp på toppen av Lunden – ei lita høgde med flott utsikt over Nordfjordeid. Frå start til slutt er Sagaløypa om lag 1,5 kilometer i lett terreng. Undervegs i løypa er det sett opp sju skilt med informasjon om dei ulike kulturminna. Kulturmiljøa frå nyare og eldre tid gir Nordfjordeid eit spesielt særpreg. Også i dag er kulturopplevingar viktig for livet i bygda mellom anna med Malakoff Rockfestival, Operahuset, Opera Nordfjord og Sagastad.
INGEBJØRG NILSEN ins@fjordabladet.no
TREHYTTER: No vert det trehytter på Vestkapp, der du kan overnatte. F.v. Kristina Myrseth, Olav Aabrekk og Marius Tenden frå Gloppa AS. FOTO: INGEBJØRG NILSEN
– Det er ein grunn til at vi har to hytter og ikkje 20. Her skal ein kunne få eit avbrekk i kvardagen og nyte naturen som vi er så heldige å ha rundt oss, seier gründeren.
Utvikling har vore i full gang i det siste. Målet var at hyttene skulle stå ferdig til bruk til 12. juni. Tidsramma heldt.
Ho drøymer om å få heilårsdrift på Vestkapp.
– Vi arbeider med ein heilheiltleg plan for utvikling av tomta på Kjerringa. Det tar tid å få noko permanent. Hyttene vi no set opp er mellombelse tiltak for to år. Då får vi testa marknaden for overnatting på Vestkapp, fortel Myrseth.
Arkitekt Todd Saunders har utarbeidd eit skisseprosjekt som viser korleis ein ønskjer å utvikle området, og som spelar på lag med naturen og landskapskvalitetane.
– Vi vil ikkje ha noko stort og ruvande, påpeikar Myrseth.
– Når prosjektet er over og hyttene blir tatt bort blir det ikkje mogleg å sjå at dei har stått her om ein ikkje veit det, meiner Aabrekk.
Mykje i Nordfjord
Mange turistar tek turen til Vestkapp for å oppleve spektakulært landskap eller skiftande vêr.
Sjølv tek ikkje Myrseth ferie på sommaren.
– For kokkar er det full jobbing i sommar, og vi tek ferie når det passar, fortel ho.
– Men kva vil du råde andre til å få med seg i nordfjord når dei er her?
– Sagastad på nordfjordeid er verdt eit besøk. Det same er Seljesanden, Hoddevik, Refviksanden og Knutholmen. Og så har vi alle dagsturhyttene rundt omkring. Ein kan finne mange fine turar, meiner Myrseth.
– Det er litt for ei kvar gruppe, meiner ho.
INGEBJØRG NILSEN STOKKENES ins@fjordabladet.no
No er ho glad for samarbeidet med Gloppa hytter som lagar trehyttene.
– Hyttene er 2,5x5 meter, og med glas i front, så ein får nyte utsikta, fortel Olav Aabrekk i Gloppa hytter.
Arbeidet med å sette opp hyttene
Sjøgata 101, Nordfjordeid Email: post@bankjellaren.no
KAFE, RESTAURANT OG UTELIV VED SAGAPARKEN OG FJORDEN.
BESØK OGSÅ BAREN VÅR I EIDSGATA 10 «BANKKJELLAREN»
Selskapslokale og catering-levering
Ta kontakt: 477 86 771
VASKEKJERRINGAR: Nokon måtte vaske dei lange underbuksene til alle soldatane som kom til Nordfjordeid. Det var jekteholkjerringane fordi dei vaska kleda i Jektehola ved Eidselva.
LEIAR FOR MUSIKKEN: Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo stiller også dette året opp som Samuel Kjøsnes, leiar for Kjøsnesmusikken.
FOR NIANDE GONG: Elskhug og eksis blei for første gong sett opp i 2005, og har vore spelt annakvart år sidan. På grunn av korona har det vore pause i tre år sidan 2019. Men om berre ti dagar blir det igjen drilltropp, barnekor, vaskekjerringar og hornmusikk på den tidlegare eksersisplassen på Nordfjordeid. ALLE FOTO: ARKIV