5 minute read

Finnfag med ny app

Foto: Kristian Risanger

Advertisement

Prosjektleiar for app-utvikling i Omega Design, Bente Bakke, med prototypen for finnfag-appen, som skal lanserast på nyåret.

LANSERER LÆRLING-APP

Fikse Næringsforening lanserer over nyttår Finnfag-appen som skal gjere det endå enklare å kople bedrifter saman med aktuelle lærlingar.

Bjørn Johannessen er dagleg leiar i Haugaland Opplæringskontor. Han er ein av aktørane som arbeidar tett saman med Fikse Næringsforening i arbeidet med Finnfag.no, som blei lansert i 2018. Han gler seg over den planlagde appen som skal gjere det endå enklare for lærlingar å finne attraktive læreplassar. – Noko av det viktigaste med appen er at ein kan få såkalla Me ser at me fekk fleire søkjarar på læreplassar “ frå Karmøy og Haugesund «push-varslar» dersom det er ledige læreplassar som truleg etter at denne nettportalen vil interessere ein, slik klarer vart lansert ein å halde full kontroll heile tida, meiner Bjørn Johannessen. Tanken bak Finnfag.no er Gunnlaug Habbestad, Westcon at elevar som søkjer læreplass eller praksisplass får god oversikt over potensielle bedrifter som har læreplassar, slik at dei slepp å leite rundt på diverse nettsider, den nye appen skal forsterke dette arbeidet. – Dette er eit verktøy der lærebedriftene har ei eiga profilside og får presentert seg til dei som skal søkje læreplass. Nettsidene til bedriftene er ofte retta mot kundar, og ofte er språket engelsk, då treng ein som lærling ein annan stad å hente informasjon i tillegg, legg han til.

Appen blir utvikla av Omega Design, som og sto for utviklinga av læreportalen finnfag.no for Fikse i 2018. – Draumen er å få alle opplæringskontor, kommunar og bedrifter med lærling- og praksisplasser til å bruke Finnfag, seier dagleg leiar i Fikse Næringsforening Nils Einar Steinstø Då vil elevane frå alle skular finne alt i ein app.

Bente Bakke som er prosjektleiar for app-utvikling i Omega Design viser til at det er eit mål om å lansere appen i App Store og Google Play Store over nyttår, i god tid før søknadsfristane går ut. – Appen har som mål å treffe ungdommen «der dei er», og gjere relevant og oppdatert informasjon lett tilgjengeleg. Ein kan lagre ulike søkekriterier, slik at ein alltid vil få siste nytt direkte i appen, fortel Bente Bakke som er prosjektleiar for app-utvikling i Omega Design. Appen vil tilby funksjonalitet som gjer det enkelt å søkje på ledige stillingar, få informasjon om ulike bedrifter og få varsel om nye praksis- og læreplassar.

FINNFAG.no

Læreportalen Finnfag.no blei lansert av Fikse Næringsforening i 2018. Målet med portalen er å kople lærlingar saman med aktuelle lærebedrifter og gjera det lett å finne aktuelle praksis- og læreplassar. På nyåret er planen å lansere Finnfag-appen, for å gjera det lettare å finne relevant informasjon. Push-varslar i appen vil bidra til at ein lett får melding om nye aktuelle læreplassar for dei som har lasta ned appen og registrert seg.

Westcon Yards er ei av bedriftene som brukar Finnfag.no i dag. HR-leiar Gunnlaug Habbestad meiner portalen er oversiktleg. – Me ser at me fekk fleire søkjarar på læreplassar frå Karmøy og Haugesund etter at denne nettportalen vart lansert, meiner Habbestad og viser til at den digitale treffstaden for lærlingar og bedrifter ser ut til å fungere veldig bra. – Lærlingane våre er det viktigaste rekrutteringstiltaket me har, me prøver å ta inn lærlingar heile tida, også gjennom korona-perioden som har regjert den siste tida. Dei aller fleste som søkjer og får læreplass blir verande her i bedrifta, og eg trur at dei som har gått læretida hjå oss har fått god oppfølging og er flinke folk.

Westcon Yards har læreplassar som industrimekanikar, industrirøyrleggar, og innan sveisefaget, platearbeidar og IKT- serviceteknikar. Trass i at dei lenge har ynskt seg fleire kokkelærlingar ser det ut til å bli ei lang ventetid, det er særs få unge som tek kokkeutdanning.

Også Vindafjord kommune er godt nøgd med læreportalen. Dei har læreplassar i Kontor- og administrasjonsfaget, Institusjonskokkfaget, Helsearbeidarfaget og Barne-og ungdomsarbeidarfaget.

– Lærlingar betyr mykje for rekruttering til kommunen, dei får eit unikt innblikk i korleis ein kommune jobbar og blir kjent med oss. Då er sjansen større for at dei blir, meiner personalrådgjevar og lærling-kontakt i kommunen, Marit Særsten. – Me ser jo at dei fleste lærlingane som kjem til oss har ein form for kontakt til kommunen eller regionen.

Talet på ledige læreplassar blir stadig oppdatert, nett no er det 56 ledige læreplassar i 69 bedrifter. Av desse bedriftene er 17 i Etne, og 21 i Vindafjord. – For at læreperioden skal bli ein suksess er det viktig at ein jobbar godt på førehand, slik at lærlingen vel eit fag han eller ho kan meistre og trivast med. Då er det viktig med relevant og god informasjon om ulike fag, og gjennom Finnfag.no får ein ei oversikt over aktuelle lærebedrifter som kan tilby læreplass, slår Johannessen fast.

Bli med på reisen til et selskap i enorm vekst!

Vi har skyhøye ambisjoner og opplever en enorm vekst. Vi trenger nå flere dyktige kollegaer med oss videre på reisen.

AutoStore™ er et revolusjonerende, unikt og verdenspatentert lagersystem med roboter som henter varer fra en kubekonstruksjon. Vi er The Cube Storage Pioneers, og vi har store ambisjoner om å redefinere flere bransjer.

Vi opererer i et globalt marked, og har kunder i over 30 land. Hovedkontoret vårt ligger i Nedre Vats, og i tillegg har vi kontorer i Oslo, USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Polen, Japan og Sør-Korea.

I 2019 ble AutoStore Norges første «Unicorn», et teknologiselskap verdt mer enn 1 milliard dollar. Google og Financial Times rangerte oss som en av «Europe’s Top 100 Digital Companies», vi vant «Product of the Year», og den prestisjefylte prisen «European Business Awards».

Vi er stolte, og er overbeviste om at dette bare er starten på en spennende reise! Vi søker nå flere kreative og nysgjerrige personer med skaperglede og engasjement til å drive innovasjon og videreutvikling av teknologien.

Nå trenger vi flere dyktige kollegaer til disse områdene:

Mekanikk Software Elektronikk Kybernetikk Robotikk Marketing

Mer informasjon: autostoresystem.com/career

Lean Transparent Bold

This article is from: