4 minute read
Sommarjobb-satsing
Omega Design / Foto: Istoria
Omega Design / Foto: Istoria
Advertisement
Nina Kristin Haugen Kosmet i s k dermotologisk s j u kepleiar Nå kan du bestille time direkte på nettsida mi.
Hei
Treng du hjelp til å ta vare på huden din?
Bestill ein gratis konsultasjonstime hjå meg, der du får rettleiing om dei beste produkta og behandlingane.
Informasjon om prisar og behandlingar finn du på www.etnehudhelseklinikk.no
Følg meg gjerne på Instagram og Facebook.
Klem Nina Dermatologisk sjukepleiar
mob 911 13 304 • hei@ninakristinhaugen.no Etne Hudhelseklinikk, Haugen, Etne
Inspirerte av Sildicon Valley-satsinga på Haugalandet i fjor, har Vindafjord Arbeidsgiverforening (VAF) engasjert dei to næringsaktørane for å bygga opp eit eige program for bedriftene lokalt som skal starta opp allereie sommaren 2021.
Medvind Næringshage og Fikse Næringsforening inviterer bedrifter i Etne og Vindafjord til å bli med på sommarjobbrekruttering for å synleggjera og skapa blest rundt lokale kompetansarbeidsplasser.
– Målet er å visa fram Vindafjord og Etne som både ein attraktiv plass å jobba og bu. Me har bedrifter som konkurrerer og leverer på skyhøgt nivå både nasjonalt og internasjonalt. Bygd opp av lokale gründarar og eigarar, og drive vidare i samarbeid med flinke hender og hovud. Den breidden og det nivået me kan tilby av arbeidsplassar i Vindafjord er heilt unikt, og nettopp dette vil me løfta fram i sommarjobb-prosjektet, seier Merete Vårvik Matre, Dagleg leiar i Medvind Næringshage.
Det kortsiktige målet med sommarjobb-prosjektet er å hente inn kompetent og relevant arbeidskraft til lokale arbeidsplasser. I denne runden er det studentar på bachelor- og masternivå som er målgruppa for prosjektet.
Næringslivet i Etne og Vindafjord kan skilta med kompetansearbeidsplasser og ei årleg verdiskaping på meir enn 5 milliardar årleg. Samstundes er det for mange studentar, som
SOMMARJOBB SATSING
Merete Vårvik Matre, Dagleg leiar i Medvind Næringshage og Nils Einar Steinstø, Dagleg leiar i Fikse Næringsforening er klar for lokal variant av sommarjobb-prosjekt.
både er frå distriktet og utanbygds, som ikkje er godt kjende med kva kompetansearbeidsplasser som er tilgjengeleg i Etne og Vindafjord kommune. Dette gjer og at det ikkje blir like naturleg å oppsøkja sommarjobbar som er relevante i forhold til studiene når ein reiser heim for å jobba i feriane, og då særskilt om sommaren.
– Det er eit behov for å synleggjera kva kompetansearbeidsplassar som fins lokalt og kva aktørar som tilbyr dette i Etne og Vindafjord, seier Nils Einar Steinstø, dagleg leiar i Fikse Næringsforening. Det som er viktig og som me ser etter er flinke hovud, studentar og arbeidssøkjande som er sjølvstendige og som likar å tenka utanom boksen. I tillegg bør dei vera flinke på å bygga nettverk.
Målet er å få med minst 10 større bedrifter og kommunane som til neste år vil stille med aktuelle kompetansearbeidsplasser for sommaren.
Dei bedriftene som deltek forpliktar seg til å stille med 1-5 sommarjobbar der studentane kan få relevant praksis knytta til utdanninga dei er i ferd med å ferdigstille.
Det langsiktige målet med prosjektet er at ein får knytta til seg kompetanse. Når kandidaten er ferdigutdanna og klar for å koma tilbake til lokalsamfunnet, så har ein allereie knytta kontakt til ei aktuell kompetansebedrift.
Dei sosiale og økonomiske ringverknadane av rekruttering og lokal busetjing er store, understrekar Vårvik Matre. Det påverkar lokalmiljøet, oppveksttilboda og boligmarknaden, for å nemne noko.
Nils Einar understrekar at det for bedriftene er positivt at studentar får koma og bli kjent med dei slik at dei får gjera seg erfaringar og sjå potensiale i ein framtidig jobb. Mange har høve til å velge masteroppgåve-tematikk knytta til utfordringar og løysingar for den lokale bedrifta dei går inn i sommarjobb hjå.
For studentane vil det bli lagt opp til eit nettverk, der ein har sjans til å bli kjend med andre studentar som er del av programmet, fortel Steinstø. Det vil bli lokale samlingar og digitale samlingar, og det vil bli lagt vekt på å vera tett på – både studentane og bedriftene.
Planen er å starta opp sommaren 2021 og invitasjon blir sendt ut i næraste framtid.
Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Kristian Risanger
FAKTA
Eit sommarjobb-program i Vindafjord/Etne vil styrke rekrutteringa til lokale bedrifter, og auke attraktiviteten for studentar til å flytta tilbake til bygdene våre. Med eit stort rekrutteringsbehov, framoverlente og attraktive bedrifter er grunnlag for å køyre eit eige sommarjobb-program lokalt. Programmet vil vere eit samarbeid mellom VAF, Medvind Næringshage og Fikse Næringsforening.
Vindafjordingar drøymer om så mangt
– også når dei er langt borte...
Dette er noko av det Vindafjordingar kan gleda seg over:
·Imponerande antal lokale og internasjonale arbeidsplassar · Skular med lærarar som verkeleg kan og bryr seg · Eldreomsorg som viser handlekraft og respekt · Natur som inviterer til mangfaldige opplevingar · Folk som kan bli ein god ven berre du gir dei tid · Kultur i ulike former og nivå · Moglegheiter for mykje for dei som vil · Eit kommunalt apparat som kvar dag arbeider for å yta på sitt høgste nivå · Levande bygder – der den enkelte er særs viktig
Har livet ditt blitt slik du drøymde om? Kor me bur og veks opp vil sjølvsagt prega oss.
Det viktigaste er kanskje dette:
•Trygg plass å veksa opp • Snille barnehagar • Lærerike skular • Kjekke og inkluderande aktivitetar • Framtidsretta næringsliv • Varm omsorg • Gode kommunale tenester • Brukarvenleg natur • Kort veg til heile verda
Det er mange som meiner at Vindafjord er ein slik «draumeplass».
Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon om det gode liv i Vindafjord.