9 minute read
Portrett: Annelise Sjurseike
ENERGISK RIVJERN
Bensinstasjon og konsern-utvikling har vore Annelise Sjurseike (57) sin kvardag i over 30 år. Ikkje ein einaste dag har ho vurdert å slutte.
Advertisement
Annelise Sjurseike har ikkje så lett for å gi seg, ho likar seg best i eit lag som vågar å sjå framover. – Det er jo dette som motiverer meg, at folk trivst på jobb, og at me kan skape noko saman. I denne bransjen må ein heile tida tenkje nytt, ein må omstille seg og våge å satse. Det viste svigerfar meg, seier Annelise.
Historia bak Knapphus Bensinstasjon er lang og velkjent. Mannen Johannes er født inn i selskapet, og etterkvart vart også Annelise engasjert i drifta på Knapphus. Då var dei småbarnsforeldre og Annelise kom frå jobb i Hatteland. Svigerfar Jarl Sjurseike var tidleg ute i marknaden og satsa allereie på 60-talet då han byrja å etablere bensinstasjon på Knapphus. – Han var nytenkjande og ynskte å vere med på nye ting. Me var den første stasjonen som selde is på 1980-talet. På den tida kom og pølsene på plass i disken, mange lurte på korleis bensin og mat kunne henge saman, fortel ho og ler. På slutten av 90-talet vart me, som den andre stasjonen i landet, ein konseptstasjon i Shell-systemet, det har betydd mykje for oss. Då var det mange som rista på hovudet, og lurte på korleis ein kunne tene pengar på ein kaffemaskin som kosta 90.000. – Det er jo dette det handlar om i dag og, me må henge med. Bensinstasjon handlar om så mykje meir enn drivstoff i dag, no er det pausen og maten som betyr aller mest. For mange sjåførar er me den kafeen dei stoppar på.
I dag er Knapphus Bensinstasjon ein del av eit stort konsern på Knapphus saman med bilforhandlar, bilverkstad, gatekjøkken, energiselskap, buss-selskap og Retail-avdeling.
Annelise har dei siste åra brukt mykje krefter på Knapphus Retail i konsernet. Ho har leia drift og utvikling for dei sju bensinstasjonane Shell Karmøy, Shell Avaldsnes, Shell Karmsundgata, Shell Norheim, Shell Aksdal, Shell Heiane og Shell Odda, i tillegg til dei to som konsernet sjølv eig i Ølen og på Knapphus. Ho har samla trådane, knekt på tal og grove fram utviklingspotensiale på kvar enkelt stasjon. Men no er tida komen for å sleppe andre til, Annelise har valt å seie opp avtalen med det finskeigde selskapet ST1 Shell. Framover vil ho konsentrere seg om dei stasjonane dei eig sjølv, og ikkje minst familien. – På fritida ynskjer eg å vere meir farmor og mormor, og bruke tida mi litt annleis. Det er ei tid for alt. Eg gir meg med Knapphus Retail medan me er på topp, seier ho og smiler. Vel vitande om at toppresultata har kravd mange timar og seine kveldar. – For meg har det vore viktig å få dei tilsette med på laget og kunne motivere, utan dyktige medarbeidarar har me ingenting. Så enkelt er det, meiner ho.
Annelise er kjent for å bygge Knapphus-kulturen, det handlar om at alle skal vere med på eit lag. Ho samlar troppane, tar med seg gjengen på tur, arrangerer kåringar på middagar med dei tilsette og skaper god stemning i kvardagen. – Det er viktig at me kan dele desse opplevingane, då har me noko å prate om på jobb dagen etterpå, det bind oss saman. – Folk skal vere stolte over jobben sin og kjenne at dei er viktige brikker, sjølv om dei jobbar i fulle stillingar eller deltid, det har ikkje noko å bety, alle speler ei rolle.
Dei siste månadane har vore spesielle, no er det ingen sosiale samankomstar på jobb, det er ingen som deler ut ein klem eller eit handtrykk. No er det kome spritstasjonar og plastikk-deksel framfor disken, også på Knapphus. 12.mars har brent seg inn i minnet til Annelise for godt. – Eg kjem aldri til å gløyme den dagen, eg var på Karmøy på ein av stasjonane me driv. Plutseleg kom ein kunde inn og kunne fortelje meg at det var kaos på vegane, at skulane stengde ned og at folk hamstra på butikkane. Det var ikkje til å tru.
Dermed starta ein ny epoke på Knapphus, på bensinstasjonen måtte dei permittere, noko dei aldri hadde prøvd før. – Me måtte snu oss rundt og tenkje raskt, det var fantastisk at dei tilsette var med på alt dette, slik at me fekk ned kostnads-
Annelise Sjurseike
FAKTA
Namn: Annelise Sjurseike (57) Aktuell: Avsluttar no retail-avtalen ho har har hatt med ST1 Shell der ho har hatt ansvar for sju bensinstasjonar i tillegg til dei som Knapphus-konsernet sjølv driv. Framover vil ho konsentrere seg om stasjonane i Ølen og på Knapphus. Les: Har lite tid til å lese, men er glad i faktabøker, og krim når det blir rom for det. Høyrer på: Når eg køyrer bil høyrer eg på nyhendesendingar. Førebilete: Det er mange eg ser opp til, men felles for dei er at det er ekte folk som ikkje er tilgjorte.
Annelise Sjurseike meiner det er viktig å bygge god kultur på jobb, ho er oppteken av å ta vare på alle tilsette
biletet raskt. Dei som jobbar hjå oss er også i frontlinja med tanke på smitte, utan drivstoff stoppar samfunnet vårt raskt opp, slår Annelise fast. – Det viktigaste for oss var å beskytte dei tilsette og kundane våre, det skal vere trygt både å handle og jobbe hjå oss.
Ho veit at rolla som leiar var viktigare enn nokon gong, og sette æra si på at folk ikkje skulle vere redde for å gå på jobb. No handla det om å ta vare på kvarandre.
Om nokon for 30 år sidan hadde fortalt Annelise korleis Knapphus-konsernet ser ut i dag er det ikkje sikkert ho hadde trudd på dei. Då var ikkje visjonane like sterke eller måla like klåre. På den tida var borna små, og arbeidsdagane lange. – Me hadde farmor rett ved sida her, ho har redda mange ettermiddagar med middag og leksehjelp då me var på jobb. Utan det nettverket hadde aldri dette gått. Me jobba annakvar helg, og me måtte stå på. Rentenivået på den tida låg rundt 16-17 prosent så økonomien var krevjande.
I dag er alle tre barna busette i nærområdet, og alle er engasjerte i ulike stillingar i Knapphus-konsernet. Dei lærte tidleg kor viktig det er å arbeide saman som eit lag. – Eg hugsar dei spurte etter vekelønn for å gjere husarbeid då dei var små. Eg tenkte at husarbeidet var eit lagarbeid, dette er noko me driv saman, og så kan me heller unne oss noko når jobben er gjort. Dei forsto det trur eg, fortel Annelise.
Jobben kan fort bli tema rundt middagsbordet når familien er samla, og alle kjempar dei for sine avdelingar i konsernet. – Me er ikkje alltid samde om alt, men då er det berre å brette opp ermane og finne ei løysing. Det er jo slik me kjem framover.
Annelise har ikkje tenkt å gi seg på jobb, men er oppteken av storfamilien og at dagane skal gi rom for gode opplevingar saman med barnebarna. – Vil eg ha ein dag fri som bestemor kan eg ta det no. Eg skal på ingen måte bli pensjonist, men eg kan roe det litt ned av og til.
Når Annelise er ute på reis besøkjer ho gjerne andre bensinstasjonar. Ho ser på standard, korleis servicen er og kva dei tilbyr av varer. Blikket for utvikling og nytenking tek ikkje ferie. Ho snakkar gjerne om brytningspunktet mellom politikk og næringsliv, om korleis vegen og E134 er ei sentral livsnerve for verksemda. Utan vegen stoppar utviklinga, slår ho fast. Og like gjerne tar ho tak i temaet om grønt skifte, om kor viktig det er å legge til rette for elbil-ladarar og korleis politikarane godt kan kutte i avgifta på ikkje-fossile energikjelder. – Eg har tillit til at det blir jobba med dette, men me er nok ikkje der at me har produkt som kan erstatte fossilt brennstoff heilt. Det skjer mykje på få år, og me må omstille oss heile tida. – Er det somme dagar du har lyst til å gi deg? – Nei, alle er vel litt leie av og til, men eg har aldri vurdert å slutte. Møter ein motstand må ein berre finne ei anna løysing.
Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Økland Foto
HAR DU EN HUSELLER HYTTEDRØM?
FERDIG HYTTE HYTTE
HUS FERDIG BOLIG
BYGGFORNYELSE TOMTER
BERGE SAG
Går du med planer om å bygge nytt hus, eller er du kanskje en av dem som ønsker å flytte rett inn i et ferdig prosjekt? Muligens går du også med en drøm om å anskaffe deg en egen hytte?
Valgene er mange og vi vet det er mye å ta stilling til når hus- eller hyttedrømmen skal gjøres til virkelighet. Vi kan gi deg gode råd og gi svar på det du måtte lure på. Kontakt oss på bergesag.no eller ring oss for en hyggelig prat!
TELEFON: 53 77 54 00 | E-POST: bergesag@bergesag.no ADRESSE: Haukelivegen 676, Ølensvåg | Berg senteret, Longhammarvegen 36, Haugesund bergesag.no #bergesag
• MEKTIGE OG SPENSTIGE NATUROPPLEVINGAR • TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV • NÆRINGSLIV I VEKST
SKÅNEVIK BLUESFESTIVAL Etne kommune
FOTO: LARS GUNLEIKSRUD
SKAKKESENTERET
FOTO: SONJA FRAFJORD
ETNE OMSORGSSENTER
SKÅNEVIK
FOTO: SONJA FRAFJORD
FOTO: ROAR BÆVRE
FUGL FØNIX HOTEL, ETNE
FOTO: SONJA FRAFJORD
Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Vestland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Odda, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadane Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.
ETNE KOMMUNE Sjoarvegen 2, 5590 Etne Tlf. 53 75 80 00 post@etne.kommune.no • www.etne.kommune.no VIA FERRATA, FJÆRA
FOTO: ÅKRAFJORDEN NATURE B&B I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane.
Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum. VELKOMMEN!
TURISTINFORMASJON: Fugl Fønix Hotel tlf. 53 77 14 40 Åkrafjordtunet tlf. 53 77 14 80 Skånevik Fjordhotell tlf. 53 77 07 00