4 minute read

Populær aktivitetspark

Magnus Aarekol (fremst) og Fillip Hauge Christiansen likar å møte vener for mellom anna å klatre, skate og hoppe på trampoline.

Advertisement

Jan Christan Brataas gir alt på trening mot lagkameraten på den populære padle-bana i Ølen.

EIN PARK FOR ALLE

Måndag ettermiddag og i aktivitetsparken utanfor Sjøperlo i Ølen er det god gang både på padle-bana og i klatre- og trampolineparken. Her er både vaksne og barn samla i aktiv leik.

Magnus Aarekol (8 år) likar seg velidg godt i aktivitetsparken, der han treff vener og finn på mykje kjekt. – Det kjekkaste er fem ting; trampolinane, klatrestativet, skateparken, padletennis og stupebrettet når det er varmt nok i sjøen. Eg er her mest når det er sommar og fint vêr, fortel Magnus Aarekol.

Rita Elin Jektevik er mor til Magnus og flytta til Ølen i 2006. – Det er fyrst nå i sommar eg føler me har ein plass me kan bade i Ølen som er for alle og ikkje er privat, fortel Jektevik Det er tilrettelagt for bading, og ikkje berre for dei som vil hoppe ut frå ein kai. Familien synest det er ein veldig kjekk plassering på parken, i tillegg til at det er noko der for alle. – Padeltennis er nytt for oss og har falt i smak hos alle her i huset, frå far til minsten på 8 år, avsluttar Jektevik. – Tanken har vore at denne parken skal vera til glede ikkje berre for Ølensbuen, men for alle bygdene i distriktet, fortel initiativtakar Magne Christiansen.

I samarbeid med Ølen IL har Johnny Vik og Jan Christian Brataas starta ein padeltennis turnering som pågår i desse dagar. Det er 18 lag påmelde frå Vindafjord og Etne og 21. november er det duka for finalehelg.

– I Omega har me tradisjon for å arrangere ulike sportslige konkurransar internt, men denne gongen ville dei lage det ope og tilgjengeleg for alle. – Det er ekstra kjekt at så mange frå ulike bygder og miljø har meldt seg på, fortel dei to kollegaene frå Omega AS. Turneringa har skapt engasjement både hjå dei som allereie har vore kjend med banen, men og frå mange som aldri har spelt før. – Eg trur denne turneringa gir dei som er ferske ein kickstart. Alle lag spelar ein kamp i veka og til saman 5 kampar før semifinale og finale, fortel Brataas.

Dette har vore eit godt tiltak nå som mykje sport for vaksne har vore stengd grunna korona. Mange set opp treningskampar mot kvarandre, dei ivrigaste kan ein til og med sjå på banen tidlig på morgonen for å rekkja ei økt før arbeidstid. – Me blir kjende med nye folk og det er utruleg kjekt. Det einaste problemet er at laga frå Etne er litt for god, så mogleg me må få gjort nokre endringar på det til neste gong, flirer Vik.

Det er vel eit år sidan aktivitetsparken utanfor Sjøperlo i Ølen vart opna. Den har vore brukt gjennom alle fire årstider og vist seg å vera til nytte og glede for mange i lokalsamfunnet. Som banksjef og firebarnsfar med interesse for sport, starta

Trampolinen er populær. Taha Khaled Hajjsleiman har øvd inn nokre kule triks i lufta.

Christiansen saman med nokre privatpersonar arbeidet med å få bygd parken. – Banken har eit ansvar for å gje tilbake til lokalsamfunnet og ønskjer å engasjere seg i samfunnsutvikling, fortel Christiansen. Derfor har banken sponsa bygginga ein god del. Her i Vindafjord slit me med fråflytting og det er viktig for oss å leggja til rette for at folk skal trivast her, fortel Christiansen. Det kjekkaste er fem ting; trampolinane, klatrestativet, “ – Her er det noko for ein kvar smak og parken er i bruk av mange. Både barnehagen, SFO og skuleklassar brukar anlegget. Om dei treng å dele skateparken, padletennis gymtimen i ulike grupper eller barnehagen i kohortar og stupebrettet når det er har parken vore god å ha. Det er klatrestativ, leikeapparat, varmt nok i sjøen. badestrand, sandvolleyball, og den mindre kjente sporten Magnus Aarekol padeltennis. Lokalbefolkninga har tatt denne sporten til seg for fullt, etter at banksjefen blei kjend med sporten på ferie i Spania. – No har interessa tatt heilt av. Det har vore utseld for padelrackerter i Haugesund og banen er ofte fullboka på kveldstid, fortel Christiansen. Det finnes eit bookingsystem på olen. aktivitetspark.no der kven som helst kan booke tid på både padel-banen og Sandvolleybanen. Det er gratis å bruke banane og er tenkt som eit lågterskel tilbod. Kven som helst kan prøve padeltennis, det er ein del enklare enn tennis og gjer god treningseffekt.

Padeltennis er ein sport som har sitt opphav frå Mexico og har vore svært populær i mellom anna Spania dei siste 25 åra og er ein blanding mellom tennis og squash. Nå er dette den raskast veksande sporten i Noreg, men då Magne Christiansen ville setja opp ein padelbane i parken måtte dei aller fleste google sporten for å forstå kva det var snakk om. – Me er ofte på ferie i Spania om sommaren og der har dei padelbaner over alt så me byrja å spele det der, fortel Christiansen. I Spania har dei utandørs banar utan tak då dei har vêr til det, men i Noreg og kanskje spesielt på Vestlandet ville det fort bli få bruksdagar om det kun var opphaldsdagar ein kunne nytte sporten.

Nokre stadar fins det innandørsbanar, men Christiansen ønskte å lage ein bane der ein var utandørs og kan spele i frisk luft men likevel på nokolunde tørt underlag. Dermed kom ideen om å få laga ein bane med tak over.

Tekst: Elin Sørheim Foto: Økland Foto

This article is from: