4 minute read
Lidenskap for miljø
Skattkammeret er ein populær stad å stikke innom for å finne noko som kan leve videre i ein ny heim.
Advertisement
GRØNT FOKUS Lidenskap for miljø
Det har vore eit travelt år hjå miljøstasjonane til HIM. Svært mange har brukt koronatida til rydding og oppussing i heimen. I tillegg kan dei melde om at gjenbruk er i vinden som aldri før.
Alexander Dahl er til god hjelp for alle som kjem og leverer avfall på miljøparken hjå Toraneset. Magne Vik har tatt turen frå Vikebygd for å levere mellom anna batteri, bildekk og metall. Han synest det er kjekt å ha eit mottak lokalt.
STØTTEORDNINGAR
• Brukt tøylevering til utlandet: Sponsing • Strandryddeaksjonen: Sponsing av utstyr • Ulike kompostløysingar: Eingongsstøtte 1000,• Tøybleier: Eingongsstøtte 1000,• Loppemarknad og boksal: Annonsering og innlevering av rester
– Det er viktig å sjå dette som ressursar og me brukar ikkje ordet søppel lenger, det har blitt eit fy-ord, fortel administrerande direktør hjå HIM Gro Staveland.
På Toraneset tek dei i mot det meste. Her lagar dei kompostjord av matavfallet, sorterer næringsavfall, handterer farlig avfall. Dei har eit deponi for avfall det ikkje finnes gode måtar å behandle. Det er i dag strenge krav for alt som vert levert inn til miljøstasjonar. Det vert nøye sortert og mest mogleg vert levert vidare for gjenvinning.
Det er ekstremt viktig at avfallet vert sortert rett. Det skal ikkje vera gipsrestar på trevirke. Ein skal heller ikkje ha noko EE-avfall i restavfallet. – Til og med bursdagskort med lyd eller blinkesko til borna skal leverast inn som EE-avfall, fortel Håvard Kallestadbakken som er arbeidsleiar på Toraneset og Etne.
Him (Haugaland Interkommunale Miljøverk) vart etablert i 2007 og er eigd av Haugesund, Bokn, Tysvær, Vindafjord og Etne kommune. I Tillegg til hovudkontoret på Toraneset har dei ein anlegg på Årabrot i Haugesund og ein mindre miljøstasjon i Etne.
Dei er 40 tilsette og HIM eig dotter selskapet HIM Transport som er 18 personar- desse tek seg av innsamling av avfall frå alle 5 kommunane.
Det er mykje avfall som skal handterast i vår tid og det har dobla seg frå då Ole A. Svendsen (personal- og driftsleiar) sjølv starta i bedrifta i 95. Likevel kan ein skimte ein forsiktig optimisme. Dei meinar toppen er nådd og kurven så vidt peikar rett veg.
Papiravfallet har det vorte stadig mindre av dei siste åra. EE-avfallet minkar i vekt. Sjølv om det sikkert blir kasta like mange datamaskiner no som tidlegare har størrelsen på utstyret blitt vesentlig mindre. Hushaldingsavfall vert det berre mindre og mindre av.
Korleis har det siste året vore hjå HIM? – Det har vore eit travelt år hjå HIM. Dei heldt stengd i 4 veker mellom 12 . mars til påske, og då dei opna portane var det lange køar med privat personar som ville levera avfall. – Det var tydeleg at mange hadde hatt tid til å rydda og pussa opp både hus og hage i denne perioden, fortel Svendsen.
Dei kan sjå på mengda avfall generelt at folk har vore mykje meir heime dette året, då det var blitt levert inn litt meir av alt vanleg avfall.
Det er stort fokus på gjenvinning og det kjem stadig nye krav. EU har satt som mål at innan 2025 skal minimum 55% av alt avfall resirkulerast. – Hjå oss vert 47 prosent av avfallet levert vidare til gjenvinning og me skal starte med å senda behandla trevirke til Ikea, dette vil bli gjort om til sponplater til mellom anna kjøkeninnreiing.
Etter at Him i 2018 sendte ut dunkar til glas og metall har
Gro Staveland
Den engasjerte trioen viser gjerne fram alle delar av miljøstasjonen. Frå venstre Håvard Kallestadbakken, arbeidsleiar, Toraneset og Etne, Ole A. Svendsen, personal- og driftsleiar og Gro Staveland, administrerande direktør.
dei sett ei auka innlevering av desse resursane medan mengda restavfallet har gått ned. – Terskelen for å gjera sorteringsjobben er no mykje lågare enn når du måtte oppsøka ein eller annan glaskonteinar i kommunen, fortel Staveland.
Dei legg vekt på at det kun er glas og metall emballasje dei tek i mot i dunkane, eit knust mjølkeglas skal i restavfallet. Dette er ikkje er så lett å formidla til kundane. – Me ser mange kreative løysingar her, for sjølv om dunken har avgrensa opning, har me funne både parabolantenner og tørkestativ trykka ned i den litle opninga, fortel Svendsen med eit smil.
Hjå HIM er dei opptekne av å formidla kunnskap. Dei har opplegg for skuleklassar der dei kan koma på besøk og få omvising. Dei er opptatt av å lage rom for lærlingar og det er ikkje først og fremst med tanke på eigen rekruttering, men dei ønskjer å hjelpe til og lære opp dei unge som er interesserte i faget.
– Etter ei læretid hjå oss har dei mange ulike moglegheiter på jobbmarknaden, fortel Staveland.
Og interessa er stor, for det er mange i dag som ønskjer å jobba i ei miljøbedrift. Ein kan søke støtte til ulike prosjekt hjå HIM og dette er fordi dei ønskjer å hjelpe prosjekt som har ein nytteverdi for miljøet.
På miljøstasjonen har dei hatt fokus på gjenbruk lenge. Både hjå Toraneset og Etne har dei eit eige skattkammer, her kan ein setja frå seg alt mogleg som ein tenker kan få leve vidare i ein annan heim. Hjå Årabrot i Haugesund opna dei allereie i 97 ein bruktbutikk som ber namnet Affir. Dei ser nå at gjenbruk vert meir og meir populært hjå folk flest, i alle aldrar.
Tekst og foto: Elin Sørheim