9 minute read
Korona og næringsliv
Tempo har stilt eit utval aktørar i næringslivet i Etne og Vindafjord kommune spørsmålet
Korleis har korona påverka bedrifta di?
Advertisement
Roar Knudsen Dagleg leiar Knudsen Dørfabrikk Salet har gått som det susar! Utfordringa har vore å halda utslag for vår verksemd. Redumåtte gjerast lokalt for å ivareta dei tilsette sin sikkerhet, og samtidig ivareta produksjonsevna vår. Usikkerhet i marknaden påvirka tidleg både førespurnad-
oppe produksjonskapasiteten, måtta bidra meir på heimebane i samband med stengte skular og barnehage. Me jobbar no med å rekruttera to nye tilsette, så me ser lyst på framtida. Eldar Tranøy Dagleg leiar MCE Pandemien gav umiddelbare serte reisemuligheter og innreisekarantene påverkar mange av våre tilsette, og er ei vedvarande utfordring. Omfattande tiltak har
m.a. grunna tilsette som har og ordremengde, samtidig såg vi forstyrringar i deler av leverandørkjeda vår. Dette har betra seg noko i løpet av sommaren, men vi følger nøye med på korleis situasjonen utviklar seg.
Anna Eriksen Eigar Alfee Eg overtok/kjøpte butikken 15. juni, då alt var opna att. Eg var sjøvsagt spent, gjekk nokre rundar med meg sjølv om dette var rette tida og overta butikken. Men fann ut at det var nå eg var klar, så eg heiv meg rundt og investerte i min eigen arbeidsplass. Stortrivs, har verdas kjekkaste jobb. Har fått mykje positiv tilbakemelding etter eg starta. Folk i bygda/ hyttefolk er glade for at butikken fortsatt er - og eg er glad for alle som støttar opp og handlar.
Lars Norekvål Dagleg Leiar Ølen Betong Markedsmessig og økonomisk har det hittil i år gått nokolunde greit. Vi har unngått permitteringar, fått fleire kontraktar. Og fortset som planlagt med investeringer og utvikling av selskapet. Men vi overvåkar ein krevande situasjon dagleg og det er blitt gjennomført fleire tiltak i tråd med gjeldande retningslinjer fra FHI. Korleis Covid 19 vil påverke oss framover er ikkje lett å spå. Ved eit stort smitteutbrot både lokalt og nasjonalt er det klart vi vil bli påvirka ved at vi på kort kan måtte stenge ned produksjonen på ein eller fleire av produksjonsstadane åre. Skulle vi få eit smitteutbrot hos kundar vil det også påverke leveransane våre. Hittil i år har Covid 19 påverka sjukefråveret markant, fleire har vore i karantene og i tillegg har forkjølelse medført fråver der ein i ein normal situasjon hadde gått på jobb. I tillegg merkar vi alle at det er blitt få sosiale arrangement som er en viktig faktor for arbeidsmiljøet. Men det har våre tilsette forståing for med tanke på situasjonen som vi er påvirka av.
Jon Oddvin Moe Butikksjef FK butikken Etne Me har fått ein auke i omsetnad etter korona på lik linje med andre butikkar med varespekter retta mot hus, hage og fritid. Pga reiserestriksjonar, og meir tid heime, har folk brukt meir tid og pengar på dette. Ein stor del av omsetninga vår går også til landbruk. Den har og vore stabil og god i 2020. Me er sårbare for smitte, og må heile tida ha fokus på smitteverntiltak. Det har Audun Steine Dagleg leiar Fugl Fønix Me var ein av dei fyrste som stengde restauranten og opplevde lock down i mars. Litt overnatting heile vegen. Me heiv oss rundt for å behalda folk på kjøken – etablerte vipps-meny og tilbydde take away. Me har vore i take away businessen før men blitt enda meir tydelege. Det fungerte bra, og me fekk beholda folk på kjøkenet med unntak av ein kort periode i starten. Holdt oppe omsetninga ganske godt. Folk var flinke å bruke oss og hadde behov for mat. Ikkje nok tap til å søka tilskot i mars. Fekk litt tilskot april/mai. Opna roleg oppatt i juni så tok det heilt av i juli/august i den norske marknaden
heldigvis gått bra så langt. på restaurant og overnatting. Fekk tatt noko att av juni. Etterkvart har det blitt veldig travelt. Me har snudd oss meir i forhold til cateringdelen og jobbar ein del med korleis me skal forhalda oss til koronasituasjonen framover og tilrettelegge i forhold til konferanse og aktiviteter. Utfordrande, men me har fått oppgradert og bygt ferdig bryggeriet, som er ei satsing og investert og klargjort for aktiviteter og turistsatsingar.
Terje Kristiansen Dagleg leiar Utbjoa Armering og Sveis Vår bedrift blir påvirka av at vi har pendlarar frå Litauen og Polen, og det har våre kundar og. Det medfører at drifta går treigare og gir oss store utfordringar i samband med karantenetid. Eg er veldig spent og litt nervøs på kva som skjer etter jul når tilsette frå Polen og Litauen skal tilbake på jobb, med tanke på smittefaren i samband med reiser og karantene med meir.
Hilde Sandsbekken
Dagleg leiar Frøken Fryd Kafé og Interiør Det har jo gått veldig opp og ned, frå alle blei permitterte på kafeen fram til sommareferien. Det var kun eg som var på jobb og det var kun for leveranse av ta med mat. Alt som var bestilt til konfirmasjonar og selskap vart avlyst og avbestilt. Heldigvis så har eg mange gode kundar som bestilte lunsj og mat heim og dei handla gåver og garn. Sommaren var travel, men det er den alltid hos oss. Hausten har vore nokså normal med alle tilbake på jobb, men nå vart det ein del avbestillingar på catering igjen. Me har ope i kafeen med halvparten så mange bord og stolar som normalt, og tapaskveldar har me fram til jul, men kun ca 20 stk mot normalt 35-40 stk. Det går mykje tid i vasking og spriting av berøringspunkt, bord og stolar, men sånn er det jo for alle. Det har vore mykje bestillingar og så avbestillingar heile tida, så det er litt strevsamt. Har hatt ein del vondt i magen og søvnlause netter oppi alt dette. Men me håpar på god julehandel og den er allereie starta.
Robert Stråbø Melkeraaen
Dagleg Leiar Åkrafjorden Nature B&B Etter ein lang vinter med lite aktivitet såg me fram til å koma i gong igjen til våren. Me hadde mange bestillingar frå slutten av mars og kvar einaste helg til ut i juni. Då meldinga om nedstengninga kom, gjekk det berre nokre dagar før mest alt var avbestilt. Det såg skikkeleg svart ut. Me hadde berekna at det akkurat skulle gå rundt økonomisk om me kom i gong med aktivitetene til våren. Me fekk avdragsutsettelser av banken, og eg fekk ringevikarstilling hjå tidlegare arbeidsgjevar frå starten av mai. Me kom i gang med klatring i små grupper med maks 5 stk frå slutten av april. Etterkvart auka aktiviteten i helgene fram mot sommaren. Fellesferien vart veldig travel med fullt belegg på overnatting og mykje folk på aktivitetene. I august utvida me aktivitetstilbudet med ny familievennleg Via Ferrata-løype og juving. Det ser no ut til å gå mot ei auke i omsetning på omlag 20-25 prosent samanlikna med 2019. Me er ei ung bedrift og er i ein oppbyggingsfase, og ser for oss vekst i 2021!
Andreas Hustveit
Dagleg leiar Frisk Treningssenter Korona har vore ei stor utfordring for Frisk, det har gjort at vi har mista mange av våre ellers så trufaste kunder. Færre kundar pressekonferansar, håndvask, støtteordningar, møte på Teams, sløyd, norsk og matte i saleg blanding. utførast frå heimekontor. Kanskje mest imponerande var kor mykje vi klarte å lære om ordningar og digitale verktøy på så kort tid. Vi gleder oss igjen til å vera saman med kundar, kollegaer, familie og vener
gir mindre omsetning og med større utgifter til normal drift, for å halde gode smitteverntiltak på samme tilbud som før korona, må me omorganisere og tenke nytt angåande drift. Målet er å kunne komme oss gjennom dette med begge beina på bakken når dette ein gang er over. Det som er gledelig er at dei som er og trener føler seg trygge. Det viser at vi har klart å laga dette til ein trygg plass å vere trass desse omstendighetene.
Siv Bente Vestbø Ølen Frisørsalong 12. mars 2020 er ein dag me kjem til å hugsa. Fekk to timar på oss til å stenga Frisørsalongen utan å ana kor lenge dette kom til å bli. Men samtidig veldig kjekt for oss at kundane var trufaste og etter seks vekers nedstenging var det full fart frå morgon til kveld i salongen. I denne perioden har det vore godt å ha forbundet, NVBF, å støtte seg på. Me får veldig god informasjon/ retningslinjer frå både NFVB og FHI og dei følger me nøye slik at kundane våre skal føle seg trygge. Me fekk ein liten kompensajon for mars og april månad, men er spente på korleis denne til vanlig travle førjulstida blir påverka av denne pandemien. Me ønsker alle våre kunder velkommen til ein trygg salong.
Jonny Einem
Dagleg leiar Vindafjord Trafikkopplæring Vi blei stengt ned 13/3-9/5, med 6 stk permittert. Har eigentlig henta oss inn igjen nå, kundane og jobben blir jo ikkje borte. Elevane stod klare for å køyre med ein gong det blei opna. Så med lange dagar heile sommaren og hausten så har vi retta oss opp og får eit år som forventa
Jarle Haugen
Dagleg leiar Tveit Regnskap AS Pandemien gav umiddelbare utslag for vår verksemd. Når vi tenkjer tilbake var mars 2020 ei surrealistisk oppleving. Å gå frå den trygge, vante kvardagen til eit rimeleg uoversiktleg bilete. Det var innkjøp av desinfeksjonmidlar, heimekontor, debet/kredit, bleieskift, permiteringsreglar, årsoppgjer, tidsfristar, telefon frå stressa fortvilte bedriftseigarar, regjeringen sine Midt i det heile så klarte vi likevel å halda roen. Vi hjalp kundar, fekk familielivet til å fungere, hadde ei ekstrem bratt lærekurve. Dei aller fleste klarte heldigvis å halda seg friske. Med hjelp av utsette fristar frå det offentlege, fekk vi arbeidet i hamn på ein god måte for våre folk. I etterkant er vi blitt mykje flinkare til å ha digitale møte, men dette erstattar ikkje møte mellom menneske. For oss var digitale og oppdaterte rekneskap viktig for å kunne gje god hjelp/støtte til våre kundar i tillegg til at arbeidet kunne før korona.
utan å tenkje på smittevernsreglar.
Bli sett Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar Bli høyrt Bedriftene sitt talerøyr
Bli med Faglege nettverk og møteplassar
• Ny E134 • Meir næringsareal • Forenkla byråkrati • Betre kommune- og fylkesvegar • Samhandling skule og næringsliv • Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe» • Gir ut næringsmagasinet Tempo • Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar • Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar • NæringsGIV på Olalia • Bransjekoordinator • Fagseminar • L.Ærling – for lærebedrifter