Tempo har stilt eit utval aktørar i næringslivet i Etne og Vindafjord kommune spørsmålet
Korleis har korona påverka bedrifta di?
Roar Knudsen Dagleg leiar Knudsen Dørfabrikk Salet har gått som det susar! Utfordringa har vore å halda oppe produksjonskapasiteten, m.a. grunna tilsette som har måtta bidra meir på heimebane i samband med stengte skular og barnehage. Me jobbar no med å rekruttera to nye tilsette, så me ser lyst på framtida.
Eldar Tranøy Dagleg leiar MCE Pandemien gav umiddelbare utslag for vår verksemd. Reduserte reisemuligheter og innreisekarantene påverkar mange av våre tilsette, og er ei vedvarande utfordring. Omfattande tiltak har måtte gjerast lokalt for å ivareta dei tilsette sin sikkerhet, og samtidig ivareta produksjonsevna vår. Usikkerhet i marknaden påvirka tidleg både førespurnadog ordremengde, samtidig såg vi forstyrringar i deler av leverandørkjeda vår. Dette har betra seg noko i løpet av sommaren, men vi følger nøye med på korleis situasjonen utviklar seg. Anna Eriksen Eigar Alfee Eg overtok/kjøpte butikken 15. juni, då alt var opna att. Eg var sjøvsagt spent, gjekk nokre rundar med meg sjølv om dette var rette tida og overta butikken. Men fann ut at det var nå eg var klar, så eg heiv meg rundt og investerte i min eigen arbeidsplass. Stortrivs, har verdas kjekkaste jobb. Har fått mykje positiv tilbakemelding etter eg starta. Folk i bygda/ hyttefolk er glade for at butikken fortsatt er - og eg er glad for alle som støttar opp og handlar.
Lars Norekvål Dagleg Leiar Ølen Betong Markedsmessig og økonomisk har det hittil i år gått nokolunde greit. Vi har unngått permitteringar, fått fleire kontraktar. Og fortset som planlagt med investeringer og utvikling av selskapet. Men vi overvåkar ein krevande situasjon dagleg og det er blitt gjennomført fleire tiltak i tråd med gjeldande retningslinjer fra FHI. Korleis Covid 19 vil påverke oss framover er ikkje lett å spå. Ved eit stort smitteutbrot både lokalt og nasjonalt er det klart vi vil bli påvirka ved at vi på kort kan måtte stenge ned produksjonen på ein eller fleire av produksjonsstadane åre. Skulle vi få eit smitteutbrot hos kundar vil det også påverke leveransane våre. Hittil i år har Covid 19 påverka sjukefråveret markant, fleire har vore i karantene og i tillegg har forkjølelse medført fråver der ein i ein normal situasjon hadde gått på jobb. I tillegg merkar vi alle at det er blitt få sosiale arrangement som er en viktig faktor for arbeidsmiljøet. Men det har våre tilsette forståing for med tanke på situasjonen som vi er påvirka av. Jon Oddvin Moe Butikksjef FK butikken Etne Me har fått ein auke i omsetnad etter korona på lik linje med andre butikkar med varespekter retta mot hus, hage og fritid. Pga reiserestriksjonar, og meir tid heime, har folk brukt meir tid og pengar på dette. Ein stor del av omsetninga vår går også til landbruk. Den har og vore stabil og god i 2020. Me er sårbare for smitte, og må heile tida ha fokus på smitteverntiltak. Det har heldigvis gått bra så langt.
Audun Steine Dagleg leiar Fugl Fønix Me var ein av dei fyrste som stengde restauranten og opplevde lock down i mars. Litt overnatting heile vegen. Me heiv oss rundt for å behalda folk på kjøken – etablerte vipps-meny og tilbydde take away. Me har vore i take away businessen før men blitt enda meir tydelege. Det fungerte bra, og me fekk beholda folk på kjøkenet med unntak av ein kort periode i starten. Holdt oppe omsetninga ganske godt. Folk var flinke å bruke oss og hadde behov for mat. Ikkje nok tap til å søka tilskot i mars. Fekk litt tilskot april/mai. Opna roleg oppatt i juni så tok det heilt av i juli/august i den norske marknaden på restaurant og overnatting. Fekk tatt noko att av juni. Etterkvart har det blitt veldig travelt. Me har snudd oss meir i forhold til cateringdelen og jobbar ein del med korleis me skal forhalda oss til koronasituasjonen framover og tilrettelegge i forhold til konferanse og aktiviteter. Utfordrande, men me har fått oppgradert og bygt ferdig bryggeriet, som er ei satsing og investert og klargjort for aktiviteter og turistsatsingar.
Terje Kristiansen Dagleg leiar Utbjoa Armering og Sveis Vår bedrift blir påvirka av at vi har pendlarar frå Litauen og Polen, og det har våre kundar og. Det medfører at drifta går treigare og gir oss store utfordringar i samband med karantenetid. Eg er veldig spent og litt nervøs på kva som skjer etter jul når tilsette frå Polen og Litauen skal tilbake på jobb, med tanke på smittefaren i samband med reiser og karantene med meir. 34
1 • 2020