11 minute read
Tar eigne utdanningsval
Bildetekst
– Ein må velje noko ein trivst med, det hjelper ikkje med god lønn dersom du ikkje likar jobben din, meiner Anita
Advertisement
Håvardsen (19) som er dekkslærling hjå Odfjell.
24 1 • 2021
TØFFE
UTDANNINGSVAL
Mange har meiningar om kva yrkesval dei unge bør ta. Anita Håvardsen, Jarle Lunde og Celina Berntine Vik Thorson er nokre av ungdommane som har gått sine eigne vegar.
Anita Håvardsen (19) er dekkslærling på eit av frakteskipa til Odfjell, det norske shippingselskapet er eit av verdas leiande selskap innan lagring og frakting av kjemikalie. På Facebook-sida til Anita er det bilete av arbeidsplassen, eit oransje frakteskip, og ikkje minst ho sjølv kledd i kjeledress i same fargen. Som dekkslærling er ho med på vedlikehald på dekk, lasting og lossing av kjemikalie over heile verda. Sist tur gjekk ho ombord i Houston og av skipet i Brasil. Dagane er varierande og byr på mange ulike oppgåver gjennom ein arbeidsdag. Anita har funne sitt drøymeyrke. – Det var mange som hadde meiningar om kva yrke eg skulle velje, og eg sikta meg eigentleg inn mot legeyrket, tanken var å utdanne seg til patolog, seier Etne-jenta som etter å ha besøkt skuleskipet Gann som tiendeklassing endra retning totalt. – Me fekk aldri noko informasjon om maritime fag på ungdomsskulen, det kunne absolutt vore betre. Så når me besøkte Gann bestemte eg meg med ein gong, dette var mi retning.
Havet som arbeidsplass ligg i blodet til Anita. Bestefaren jobba som kranførar på skip, og fortalde ivrig gode historier frå livet til sjøs. Ho visste at yrkesfag og maritime fag var ein god veg å velje, men det ante henne at det ikkje var mange jenter som valde denne yrkesvegen. – Då eg starta på maritime fag på Karmsund VGS var me om lag 30 stykk i klassen, berre 3 av oss var jenter. Eg trur fleire hadde valt desse faga om det blei snakka meir om.
Anita Håvardsen
Jenter får raskt informasjon om helse- og oppvekst-fag, og blir gjerne oppmoda til å ta høgare utdanning, meiner Anita som slår eit slag for yrkesfag og praktiske utdanningar. – Ein er ikkje mindre smart om ein vel yrkesfag, det er ein lur utdanningsveg der du kjem deg raskt ut i arbeid, samstundes som du kan bygge på utdanninga di seinare. Og det er ikkje skummelt å vere jente og lærling i eit mannsdominert yrke, ein må berre vite kva ein vil, og vere sikker på kva ein kan få til. Ein må alltid bevise meir som jente enn som gut, men etter ei tid set ein seg i respekt.
Anita fekk også prøve å jobbe på Mercy Ships, som til vanleg driv bistandsarbeid i afrikanske land. – Det ville eg verkeleg vere ein del av. I tillegg til at dei driv med hjelpearbeid så har dei eit flott samfunn om bord på skipet. No vart ikkje tida mi på Mercy så lang, men eg treivst voldsomt godt. På grunn av korona vart det ikkje tur til Afrika, men derimot til ein verkstad på Tenerife. Så når dei får lov til å reise tilbake til Afrika planlegg eg å vere med, fortel ho.
Sjølv meiner Anita at ho har lært mykje i læretida si, ikkje minst om kva ho kan få til og kor ulike forventningane er til jenter og gutar. – Eg valde heilt bevisst å jobbe på eit skip som har lang turnus og reiser langt. Eg vil gjerne sjå mykje av verda, oppleve andre kulturar og møte menneske i andre land. På desse skipa jobbar me også med mannskap frå mange ulike land, og ein blir tøffare både psykisk og fysisk. – Det må nok til eit haldningsarbeid også ute på desse skipa, dei fleste er ikkje vane med å ha kvinner og jenter i maritime miljø. Men dei set og pris på å få jentene inn i miljøet, spesielt når dei forstår at me ikkje treng meir hjelp til oppgåvene enn gutane gjer.
Anita meiner gutane og lett kan oppleve ulike haldningar, og at gutar i typiske kvinneyrke som barnehagelærar eller sjukepleiar gjerne kjenner på det same, at dei må bevise meir for å bli tatt seriøst i jobbsamanheng.
Familien var bekymra då Anita valde sjøvegen som yrkesveg. – Mamma har vore støttande, men ho syns og det var litt skummelt. Det står nok meir respekt av å ha ei dotter på legestudiar enn at ho blir sjømann, men det har endra seg no. No veit dei at det er dette eg vil, og dei støttar meg.
Andre har derimot hatt mange meiningar om valet til Etne-jenta. Somme har uttalt at ho er for smart til å jobbe på sjøen, og at ho kanskje vil slite med alt arbeidet som ventar. Ikkje minst har fleire peika på at det kan vere vanskeleg å jobbe i lange turnusar dersom ho får barn. – Det er jo ingen mann som får høyre slikt vil eg tru. Skal eg velje yrket mitt etter tanken om at eg kanskje får barn eingong? Det går ikkje. Og det er jo ingen dører som er låste her, ein kan jobbe på andre typar skip, eller til og med på land om det trengs, fortel Anita.
Ho ser at fleire jenter tar kontakt for å høyre korleis utdanninga var, og håpar ho kan inspirere fleire til å ta utradisjonelle yrkesval. – Ein må velje noko ein trivst med, det hjelper ikkje med god lønn dersom du ikkje likar jobben din. Hjå meg ligg nok reiselysta og i botn, eg likar å oppleve nye land og kulturar.
Framtida er ikkje spikra, men Anita drøymer om å bli kaptein. Etter endt læretid ventar truleg fleire år på fagskule. – Er ein målretta klarer ein det meste, slår ho fast.
Jarle Lunde (23) frå Ølensvåg starta utdanninga si på musikklinja på Kongshaug VGS. Sjølv om han som liten gut drøymde om å vere musikar på heiltid var planen å dyrke musikken som hobby, samstundes som han tok ein sikker yrkesveg i tillegg.
Jarle Lunde
– Etter vidaregåande tok eg eit årsstudium i økonomi og leiing, eg måtte ha eit ekstra mattefag for å kome inn på ingeniørfag, som var målet.
Jarle ynskte ei utdanning der han kunne kombinere kreative løysingar med tekniske utfordringar. – Eg blir nok driven av å skape noko nytt, det betyr mykje for meg at eg kan vere med å få ting opp å gå, meiner han.
I 2020 var han ferdig med bachelorgraden som elektronikkingeniør. Då hadde han allereie hatt sommarjobb i AutoStore, der han framleis jobbar i ei lita deltidsstilling. – Pappa tipsa meg om å søkje der, og eg fekk sommarjobb i 2019, og fekk kome tilbake i 2020. No har eg ei lita stilling der eg jobbar med å utvikle produksjonstest til kretskort, som ein køyrer på fabrikkane for å sjekke at all teknologi går rett. Eg trivst veldig godt der kreativitet og teknologi møtes.
Sjølv om det er vanskeleg å spå, ser han ikkje vekk frå at det kan bli aktuelt å flytte heim igjen til Vindafjord på eit tidspunkt. Ikkje minst sidan næringslivet lokalt her byr på så mange moglegheiter.
Drøymejobben er ei stilling der han kan få setje sitt preg på tekniske løysingar som bidreg rett inn i folks kvardag, det kjekkaste er å finne løysingar som betyr noko for folk. No er han også i gang med mastergrad i robotteknikk.
Jarle meiner det er viktig å velje ein yrkesveg som er kjekk, og ikkje ta val fordi det ser kult ut eller at andre meiner det er rett for deg. Musikklinja på Kongshaug la grunnlaget for musikk som ein god hobby. I dag er han ein del av rockebandet Graular, som også er ei lita bedrift der dei fem bandmedlemmene må løyse alle oppgåvene både musikalsk, og innan design, promotering og marknadsføring. Koronaåret 2020 har og vore tøft for det unge bandet. Jarle sjølv spelar gitar, lagar låtar, designar marknadsmaterial og redigerer videoar. – Vokalisten er og frå Vindafjord, me har kjent kvarandre sidan ungdomsskulen, resten er folk me har truffe etterpå. Men det er blitt ein god gjeng. Fjoråret vart veldig stilt, sjølv om me fekk til ein liten konsert for 30 stykk i haust. – Det har blitt endå mindre økonomi i dette no enn det pleier. Det hadde jo sjølvsagt vore kjekt om me tente pengar på dette og ein gong, men det er ikkje det viktigaste.
Celina Berntine Vik Thorson (24) frå Etne meiner det er viktig å vite kva styrkar ein har når ein skal velje utdanning. I dag har ho arbeidskvardagen sin høgt oppe i lufta. – Mange av kollegane mine fortalde at dei alltid hadde visst at dei ville fly frå dei var små. Sjølv visste eg ikkje kva eg ville jobbe med i det heile tatt. I staden fokuserte eg på kva som er mine styrkar og kva eg likar å halde på med, fortel ho.
Då læraren på vidaregåande fekk høyre at ho treivst i rolla som turntrenar og kunne tenkje seg å søkje leiarutdanning tipsa han om å ta forsvarets befalsskule. – Igjen møtte eg på gode rådgjevarar som spurte meg om kven eg var og kva eg var god på for å kartlegge kor eg passa best. Det er eg umåteleg takknemleg for. Forsvarskarriere var noko nytt og uventa for meg, eg trur det er viktig å våge og kaste seg ut i det ukjente og prøve. Det verste som skjer er at du ikkje likar det, og at du truleg lærer noko nytt om deg sjølv.
Sjølv meiner ho at ho ikkje hadde søkt rekruttskuleinstruktør og seinare systemoperatør dersom ho ikkje hadde hatt dei menneska rundt seg som fortalde at dei hadde tru på henne. – Befalskulen gav meirsmak og eg sendte inn ein open søknad til personaloffiseren. Han sendte meg på opptak og vidare på utdanning i både England og USA før eg enda opp med vingen på brystet som systemoperatør på forsvarets maritime overvakingsfly P-3 Orion på Andøya. Her fyk me operative tokt for å hevde norsk suverenitet i nordområda.
Dette betyr blant anna å kontrollere fiskeressursar og gjere ubåtsøk langt til havs. – Det som gir meg mest er samarbeidet i flyet. Me flyr 10 stykk saman der alle er ekspertar på sitt område. Resten av crewet stolar på at eg veit kva eg driv med og er avhengig av at alle gjer ein god jobb, for best mogleg resultat. Det er ikkje ein individuell sport, me heiar kvarandre fram og må fungere saman. Dette gjer kollegaene til meir enn berre kollegaer. Dei blir nære venner og skvadronen har blitt ein ekstra familie for meg.
I dag er ho tilbake på utdanning i Florida, USA. Frå 2023 skal Noregs nye overvakingsfly P-8 Poseidon overta oppdraga til P-3 Orion. I ei slik overgang er det mange årsverk med erfaring som forsvinn. – Dette gir oss som er med i konverteringa eit ekstra ansvar til å bygge opp ein ny solid grunnmur for maritim overvaking. Igjen går eg ut i det usikre, men med stor tru på at dette også skal bli bra. Mi anbefaling til dei som ikkje veit kva dei vil jobbe med er å bli kjent med eigne styrkar. Bruk desse til å få gode råd, både frå deg sjølv og andre. Så er det bare å hive seg ut i det.
Tekst: Judith Sørhus Litlehamar
Celina Berntine Vik Thorson
Celine Berntine Vik Thorsen (24) har funne sin arbeidsplass i lufta. Ho meiner det er viktig å vite kva ein trivst best med når ein skal velje utdanning. Foto: Privat
Bli med på reisen til et selskap i enorm vekst!
Vi har skyhøye ambisjoner og opplever en enorm vekst. Vi trenger nå flere dyktige kollegaer med oss videre på reisen.
AutoStore™ er et revolusjonerende, unikt og verdenspatentert lagersystem med roboter som henter varer fra en kube-konstruksjon. Vi er The Cube Storage Pioneers, og vi har store ambisjoner om å redefinere flere bransjer.
Vi opererer i et globalt marked, og har kunder i over 30 land. Hovedkontoret vårt ligger i Nedre Vats, og i tillegg har vi kontorer i Oslo, USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Polen, Japan og Sør-Korea.
I 2019 ble AutoStore Norges første «Unicorn», et teknologi-selskap verdt mer enn 1 milliard dollar. Google og Financial Times rangerte oss som en av «Europe’s Top 100 Digital Companies», vi vant «Product of the Year», og den prestisjefylte prisen «European Business Awards».
Vi er stolte, og er overbeviste om at dette bare er starten på en spennende reise! Vi søker nå flere kreative og nysgjerrige personer med skaperglede og engasjement til å drive innovasjon og videreutvikling av teknologien.
Nå trenger vi flere dyktige kollegaer til disse områdene:
• Mekanikk • Software • Elektronikk • Kybernetikk • Robotikk • Sales/Business development • HR • Project management
Mer informasjon: autostoresystem.com/career
Lean Transparent Bold