
5 minute read
Allsidig gründer
MÅLET VAR EIGEN
JOBB Eigar av Lauareid Service og Lauareid Transport,
Advertisement
Bjarte Lauareid (50), tek dagane som dei kjem og grip dei sjansane som byr seg, og meiner det er ein god forretningsstrategi.
Bedriftsideen om kjøp og sal av varmepumper tok form medan han var på vegen som sjåfør for Hustvedt og Skeie, der han var i ti år fram til 2010. Tanken var å nå hyttemarknaden i Telemark med sal av varmepumper via utsal på Haukeli, vegg i vegg med Spar. – Det tok ikkje heilt av i starten, smiler han.
På lageret i Steinshagen i Etne er det stablar med varmepumper av ulike merke, her skal det vera noko for ein kvar smak og behov. Her er og brukte pumper som er kasserte og som skal klargjerast for retur og gjenbruk etter Bjarte har tømt dei for gass. I tillegg er det fleire pallar med tørrhøy og fôr.
Trass i at draumen om varmepumper i Telemark ikkje tok heilt av, har leveransar lokalt og regionalt sakte men sikkert gitt firmaet solide bein å stå på. Frå ein sped start med kjøp og salg av varmepumper lokalt, har Lauareid Service AS utvida, kjøpt opp og fusjonert. I dag har bedrifta ein stab på 10 personar i tillegg til deltidstilsette. Bjarte kjøpte opp Kalland AS i 2019 og Varmepumpe Vest i 2020.
Tidlegare Grønstad transport tok han over frå Anders Grønstad i juni 2020 og rundt nyttår 2021 utvida han ytterlegare og tok over Sauda Transportservice. I dag er det to vogntog i drift og begge dei tidlegare eigarane er med vidare i staben til Bjarte. – Framleis er det mykje transport til og frå Sverige, men nyleg var Anders i Nord-Noreg for å hente skinn til Granberg Garveri i Ølensvåg frå Bardufoss. Elles er det mykje transport i heile Sør-Noreg, fortel Bjarte. Anders Grønstad er framleis med som sjåfør og tek seg av mykje av logistikken i dette selskapet, understrekar Bjarte, medan Andreas Øvrabø som var tidlegare eigar av Sauda Transportservice også er med vidare som sjåfør.
– Målet var å skapa min eigen jobb, smiler han. Den mangeårige langtransportsjåføren og avløysaren, som i 2010 starta opp Lauareid Service, hadde utdanna seg til lanbruksmekanikar før
Bjarte Lauareid
Bjarte Lauareid har dei siste elleve åra etablert og utvikla varmepumpe- og servicebedrifta Lauareid Service til ein stab med 10 tilsette og i 2020 etablerte han Lauareid Transport AS.
han starta i transportbransjen der han var i rundt tjue år før han starta opp for seg sjølv.
Fyrste åra som sjåfør køyrde han for bedrifta til faren, Sandov Lauareid, som tidleg såg potensialet i å kjøpa og selja høy og spon frå Telemark og Sverige for leveranse til hestebransjen og bønder. Dette dreiv han med frå syttitalet til midten av nittitalet og bidrog til at gründeranda og transportinteressa blei vidareført i familien. I dag er det yngste syster Anette Lauareid Hovda som bur på garden med sin familie. Ho er også gründer og ein av eigarane av Småfolk Barnehage i Etne.
Ei av dei lokale bedriftene som var med å få fart på omsetninga for Lauareid service var Westcon i Ølensvåg, der Bjarte starta med ulike oppdrag og sto for leveranse av varmepumper. I dag er Westcon ein av kundane for leveranse av personell innan mekanikk og transport. I tillegg til varmepumper utgjer kjøle-system og aircondition-anlegg ei stor del av omsetninga i servicebedrifta.
Blant kundane han leverer slike løysingar til er rederia Solstad rederi på Karmøy og Østensjø rederi i Haugesund. Det siste året har han og hatt Midthaug, tidlegare Hamre i Etne, som kunde for personell til monteringsarbeid. – Sommarstid er det mindre trøkk hjå oss, så då kan me tilby våre tenester i deira høgsesong.
Telefonen ringer – ein kunde i Vågshagen i Ølensvåg treng hjelp. – Eg skal til Haugesund og kjem oppom på veg ut, svarar Lauareid. – Eg likar å ha med folk å gjera, og å yta service, fortel han og meiner det er ein nøkkel til at han har klart å få servicebedrifta til å leva og veksa. Frå ein årleg omsetning på 5-600 000 kroner i 2010 har Lauareid Service vakse seg til å bli ei stabil bedrift som i 2020 hadde ei omsetning på rundt 20 millionar kroner. Slik det ser ut så langt i år, trur Bjarte tala for 2021 kan vise seg
Eg likar å ha med folk å gjera, og å yta service.
Bjarte Lauareid
å bli enda betre. Trass i at transportbransjen ifølge Bjarte er ein sårbar bransje, så ser det førebels stabilt ut og han trur at totalt for dei to selskapa kan han nå ei omsetning på rundt tredve millionar ut året.

Bjarte har og investert i bedrifta til stedottera Silje Molnes Åsheim, Siljes hud- og velvære, som ho etablerte i Etne 2018 – Det kan koma godt med å få stelt neglene når ein har vore på ein lang arbeidsdag, spøkar han. Men han er stolt av driven og fortel at ho og deltek i bedrifta ved behov. Det same gjer sambuaren Anita Molnes som og er heiltidstilsett i bedrifta.
Det er ein smålåten bedriftseigar som i dag har hovudbase for Lauraeid Service i Skånevik, lager i Etne og kontor i Haugesund. Han ser ikkje for mykje framover og legg sjeldan langsiktige planar. Men meiner oppskrifta er å stå på for fullt kvar dag og ta dei mulighetene som dukkar opp, så ballar det fort på seg. – Om ein ikkje heng med i utviklinga blir ein raskt akterutseilt, understrekar han.
Nå har Bjarte nett selt eine traileren og ventar ny til hausten. For den rutinerte sjåføren er ein langtransportetappe god rekreasjon. – Ein tur til Sverige i ny og ne er ein fin måte å kople av på. Det blir mest som ein hobby, smiler han.
Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Økland Foto Kundeservice set Bjarte Lauareid høgt. Det er avgjerande å vera tilgjengeleg for kundane våre, understrekar han.
FAKTA
Bjarte Lauareid er i dag eigar av selskapa:
Lauareid Service AS (2010) Lauareid Transport AS (2020) Lauareid Holding AS (2021)

Etne Betong tilbyr: Strukturblokker for støttemur Ferdige blokker for muring i sjø Tilbehør til forskaling/støyping Ferdigbetong med renne-/pumpebil Ta kontakt for pristilbod!
Tongane 71, 5590 Etne, tlf 53 75 67 12 • post@etnebetong.no
www.etnebetong.no
Vi søker engasjert montørbas til vårt team i Etne!
ARBEIDSOPPGAVER • Lede og gjennomføre montasjeoppdrag • Dokumentasjon av oppdrag • HMS-prosedyrer på alle oppdrag
KVALIFIKASJONER / EGENSKAPER • Fagbrev eller erfaring fra byggebransjen • Resultatorientert og kunne jobbe godt i team
SPØRSMÅL OM STILLING? Kontakt regionleder Åsmund Hamre M: 958 87 527 E: asmund.hamre@midthaug.no
Brødrene Midthaug er Norges største produsent av trapper, rekkverk og balkonger. Selskapet omsatte i 2020 for 226 mill. NOK og har totalt ca. 120 medarbeidere.Avdelingskontoret for Region SørVest ligger i Etne.
SEND SØKNAD TIL: asmund.hamre@midthaug.no
