5 minute read

Interiørhjelp til hus og hytte

Klappet og klart

Hjå Møbelringen og Princess i Etne kan du få både hytta eller huset ditt ferdig innreia og styla med møblar og pynt. Konseptet Klappet & Klart har blitt eit ekstra bein å stå på for butikkane.

Advertisement

Møbelringen og Princess i Etne kjem heim til deg eller hytta di med møblar, interiør og gode råd. Her frå eit oppdrag i Røldal. Fotograf Nordtveit

Ole Strømø er dagleg leiar i Møbelringen Etne, han meiner konseptet er viktig for å styrke drifta i butikken. – Det er mange år sidan me starta opp med dette. I 2010 tok Haukeli Skisenter kontakt sidan dei skulle innreie nokre leilegheiter i nærleiken av skitrekket. Det var starten, og etterpå har me innreia hundrevis av hytter, hus og leilegheiter. Etter kvart fekk me på plass ulike pakkar som kundane kunne velje i, fortel han.

Målgruppene for konseptet er ulike, det er privatpersonar som tar kontakt og som ynskjer møblar og eit kyndig blikk på innreiinga av huset eller hytta. Samstundes tar mange byggefirma og andre kontakt for å leige møblar og få oss til å innreie før visning eller sal. – Det er viktig at det ser fint ut når det skal vere visning, det er mykje meir sannsynleg du kjøper ei hytte du syns det var koseleg å vere i, meiner Strømø som også ser at kundane er ulike når dei tar kontakt.

Medan nokre veit veldig godt kva dei ynskjer, er andre meir usikre og kjem med teikningar over rom og areal, då kan dei profesjonelle få nesten heilt fritt spelerom. Kundane er alt frå dei heilt unge og opp til dei som er godt vaksne. – Me ser jo som regel litt av kva dei likar, og me tar ikkje val som me tenkjer veldig få vil like. Men det er viktig at me viser kva me har tenkt og korleis me har sett det for oss, før me startar jobben, då kan ein alltids gjere endringar. – Dette er veldig kjekke jobbar, her skal ein ikkje berre selje ein stol, men skape ei fin møblering som fungerer. Me får teikningar frå kunde, og så reiser me som regel ut sjølv for å sjå og ikkje minst ta mål. Alt må passe ned til den siste detaljen, slår Strømø fast.

Jobbane kan variere frå små stylingjobbar til full innreiing av heile hus. Dei har det meste og kan løyse alt frå gardiner og tepper, til vaskemaskin, tørketrommel og bestikk i skuffane. Mange kundar veit kva fargar dei ynskjer, eller kva stil dei likar. Andre er usikre og lurer gjerne på kva som er moderne, eller kva ein bør satse på. – Strengt tatt kan me gjere alt anna enn å setje maten i kjøleskåpet, det er somme gonger det einaste som gjenstår. Mange av kundane har naturlegvis strenge budsjett me må halde oss innafor, men nokre har ikkje det heller.

Ein vanleg jobb ligg på ein stad mellom 160–200 timar, inkludert planlegging og gjennomføring av jobben. Den kortaste perioden ein kan leige møblar for er seks veker. Ole Strømø ser at den nordiske stilen framleis held seg i interiøret, og at det no er lov med fargar.

Kundane er ulike, medan nokre veit kva dei vil ha er andre opne for gode råd frå butikkane i Etne. Her frå ei av Brødrene Mæland sine hytter.

Me må tenkje litt nytt, og prøve å ha fleire bein å stå på.

Ole Strømø

Fotograf Nordtveit

Tora Lilledal hjå Princess og Ole Strømø i Møbelringen viser til at konseptet Klappet & Klart er eit ekstra bein å stå på for bedriftene.

– No finn ein det meste innan ulike stilartar i både interiør og fargeval, no er det meste lov. Men me ser at det kjem mykje nordisk interiør i lyse fargar framover. I tillegg er det mykje jordfargar, oker, brunt og så vidare. Det er få som framleis berre har kvite veggar, og har dei lite fargar på veggane har dei gjerne ein kvilestol i ein sprek kontrastfarge.

På Møbelringen kjem dei med råd, veiledar så godt dei kan og bidreg med tips til korleis ein kan nytte rommet på den beste måten.

Ole Strømø meiner dei som driv butikk på mindre stadar må tenkje litt annleis. Butikkane i byane er ikkje nødvendigvis større, men dei har eit heilt anna kundegrunnlag.

– Me må tenkje litt nytt, og prøve å ha fleire bein å stå på. Kundegrunnlaget er såpass lite at ein må ha noko i tillegg dersom omsetnaden skal bli stor nok.

Koronaåret byrja tøft for Møbelringen, med ein butikk som vart stengt i fire veker. Så snudde det. – Ja, i slutten av mai i fjor tok det seg opp, og til slutt vart det eit godt år. Folk fekk ikkje reise og bruke pengar på den måten, difor var det mange som investerte i nye møblar.

Ledige stillinger

Vi ønsker fortløpende å ansette aktuelle, motiverte og dyktige kandidater:

Produksjonssjef Mekanikere/ Industrimekanikere/ Automatiker Ingeniører innen mekatronikk, mekanisk, automasjon

SMV har sitt hovedmarked innen egenutviklede produkter og systemløsninger til smelteverksindustrien. Bedriften har 6070 MNOK i omsetning og pr. i dag 40 ansatte.

Nye medarbeidere blir med på laget som leverer spennende produkter, kjøretøy og innovative løsninger til blant annet smelteverksindustrien nasjonalt og internasjonalt.

SMV er en fleksibel og kompetent organisasjon som har en god markedsposisjon og klare planer om å videreutvikle selskapet fremover. I den forbindelse tilbyr vi flere spennende stillinger og vi forventer stor aktivitet og solid vekst de kommende årene.

For ytterligere beskrivelser av stillingene gå inn på våre nettsider smv.as/Jobs eller besøk oss på Facebook: facebook.com/SunnhordlandMek.Verksted

Kontakt oss!

Kontakt meg vedr. stillingen som produksjonssjef

Ta gjerne kontakt vedr. alle mekaniker stillingene Lurer du på noe ang. ingeniørstillingene?

Lars Hovda daglig leder tlf.: 908 40 855 lars@smv.as Tor Steinar Eskeland produksjonsjef tlf.: 404 44 757 tse@smv.as Vidar Ølfarnes teknisk sjef tlf.: 959 66 233 vlo@smv.as

This article is from: