4 minute read

Game of Skills

God oppstart for Game of Skills

Game of Skills har gitt bedriftene gode resultat. Allereie no er fleire ungdommar klare for attraktive sommarjobbar i regionen.

Advertisement

Prosjektleiar Jenny Henriksen Leite meiner prosjektet har vore vellukka så langt. Ho gler seg over godt samarbeid med bedriftene og ikkje minst kontakt med mange spanande studentar som no er på leit etter den rette jobben. Prosjektet har som mål å styrke nettverksbygging og kontakten mellom lokale bedrifter og aktuelle studentar. Dersom koronasituasjonen tillet det ynskjer ein også å få til nokre sosiale møtepunkt for dei som har fått sommarjobb gjennom Game of Skills.

Game of Skills er eit samarbeidsprosjekt mellom Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF), Fikse Næringsforening og Medvind24 Næringshage, og målet er å sikre rekruttering i det regionale næringslivet. Fleire av bedriftene som er med har fått tosifra tal på søkjarar. – Me har jobba både spissa inn mot ulike studiestadar, samstundes som me har marknadsført prosjektet meir generelt gjennom sosial medium. Eg trur det er viktig å treffe ungdommane på den arenaen dei brukar, så me har brukt Instagram spesielt mykje, fortel Henriksen Leite som har fått mange av bedriftene engasjert i story på Instagram. Dermed har ungdommane fått eit unikt innblikk i arbeidskvardagen hjå mange spanande bedrifter i Vindafjord og Etne. – For oss har det vore viktig å lytte til næringslivet for å kartlegge kva kompetanse dei treng og så har me kontakta aktuelle studiestadar for at dei kan bleste og framsnakke prosjektet. I prosjektet er det også mange bedrifter som ikkje berre er ute etter sommarvikarar, men som gjerne vil knyte kontakt med aktuelle ungdommar som kanskje kan få tilbod om jobb på sikt. Prosjektet har gitt mykje nettverksbygging for mange, meiner prosjektleiaren.

Ei av bedriftene som har delteke i prosjektet er AdmMit, og dagleg leiar Jon Nielsen rosar prosjektet. – Me er veldig godt nøgde, det har vore overraskande god profilering av bedrifta gjennom prosjektet. Me fekk bort i mot 30 søkjarar totalt på fleire stillingsannonsar me hadde ute. Og no har me tilbydd ein person sommarjobb. – Det har vore ein suksess meiner eg når det er veldig godt kvalifiserte studentar i Trondheim som tar kontakt og er interessert i sommarjobb i Sandeid, og då ikkje fordi dei må, men fordi jobben ser spanande ut. Eg har sterk tru på at jobben som er gjort i sosiale medium har vore viktig, prosjektleiaren har gjort ein veldig god jobb, meiner Nielsen.

Camilla Åsbø Fitje Etne Sparebank

– Eg går nå tredje året på Høgskulen på Vestlandet der eg studerer økonomi og administrasjon. På vidaregåande valte eg studiespesialiserande, men då eg var ferdig var eg usikker på kva eg ville studere vidare. Eg tok difor eit friår der eg valte å reise og oppleve nye plasser. Eg fant då etter kvart ut at økonomi var vegen eg ville gå.

– På vidaregåande begynte eg med programmering via valfaget Informasjonsteknologi. Dette synes eg var veldig kjekt og det førte til at eg søkte på Informasjonsvitskap på Universitetet i Bergen. Nå er eg på 2. året og har fått ein spennande sommarjobb hjå AdmMit.

Ida Herabakka AdmMit

Colin Daniel Autostore

– Eg er ein 25 år gammal gutt frå Stokke, men busett og studerer i Trondheim. Eg er nå på mitt siste semester av mastergraden innan økonomi og administrasjon, med valt hovudretning innan Strategi, Organisering og Ledelse. Våren så langt har bestått av å skrive masteroppgåve om AutoStore og deira spennande organisasjonskultur, noko som har vore eit særleg spennande tema på grunn av veksten dei opplever.

– Det var ei nokså enkel avgjerd for meg å ville søke om stillinga som HR-analytikar i AutoStore. Ikkje berre er stillinga særs relevant for mi utdanning, men AutoStore har og vore utruleg hjelpsame i prosessen med masterskriving og stilt opp med opne armar der det har vore behov, i tillegg til at dei har eit godt verdigrunnlag og driv med heilt rå teknologi. Eg ser fram til å begynne og er takknemleg for moglegheita!

Helga Klungland Omega 365 Design

– Eg går 1. året av ein bachelor i Medier og kommunikasjon på Universitetet i Bergen. På vidaregåande hadde eg fag i blant anna marknadsføring. Det var eit fag eg synest var spennande og kjekt. Medier og kommunikasjon går litt hand i hand med marknadsføring, så ein bachelor i det var noko eg såg for meg at kunne passe meg! Å få sommarjobb i Omega 365 Design er ein spennande og god moglegheit til å få gjera det eg studerer i praksis og tileigne meir relevant kunnskap. Det gjer og at eg knyt nærare band med næringslivet der eg kjem i frå, noko som gjer det meir attraktivt å flytte heim igjen etter ferdig utdanning!

GAME OF SKILLS

Bedrifter som er med:

•AdmMit • AutoStore •Berge Sag •Etne kommune •Etne Sparebank •Helgevold Gruppen •Omega 365 Design •Omega 365 Solutions •Tveit Regnskap •Vindafjord kommune •Westcon •Ølen Betong

Bli sett

Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar

Bli høyrt

Bedriftene sitt talerøyr

Bli med

Faglege nettverk og møteplassar

• Ny E134 • Meir næringsareal • Forenkla byråkrati • Betre kommune- og fylkesvegar • Samhandling skule og næringsliv • Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe» • Gir ut næringsmagasinet Tempo • Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar • Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar • NæringsGIV på Olalia • Bransjekoordinator • Fagseminar • L.Ærling – for lærebedrifter

This article is from: