Tempo Næringsmagasin 1 2021

Page 34

Jobb og utdanning Camilla Åsbø Fitje Etne Sparebank

God oppstart for Game of Skills Game of Skills har gitt bedriftene gode resultat. Allereie no er fleire ungdommar klare for attraktive sommarjobbar i regionen. Prosjektleiar Jenny Henriksen Leite meiner prosjektet har vore vellukka så langt. Ho gler seg over godt samarbeid med bedriftene og ikkje minst kontakt med mange spanande studentar som no er på leit etter den rette jobben. Prosjektet har som mål å styrke nettverksbygging og kontakten mellom lokale bedrifter og aktuelle studentar. Dersom koronasituasjonen tillet det ynskjer ein også å få til nokre sosiale møtepunkt for dei som har fått sommarjobb gjennom Game of Skills. Game of Skills er eit samarbeidsprosjekt mellom Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF), Fikse Næringsforening og Medvind24 Næringshage, og målet er å sikre rekruttering i det regionale næringslivet. Fleire av bedriftene som er med har fått tosifra tal på søkjarar. – Me har jobba både spissa inn mot ulike studiestadar, samstundes som me har marknadsført prosjektet meir generelt gjennom sosial medium. Eg trur det er viktig å treffe ungdommane på den arenaen dei brukar, så me har brukt Instagram spesielt mykje, fortel Henriksen Leite som har fått mange av bedriftene engasjert i story på Instagram. Dermed har ungdommane fått eit unikt innblikk i arbeidskvardagen hjå mange spanande bedrifter i Vindafjord og Etne. – For oss har det vore viktig å lytte til næringslivet for å kartlegge kva kompetanse dei treng og så har me kontakta aktuelle studiestadar for at dei kan bleste og framsnakke prosjektet. I prosjektet er det også mange bedrifter som ikkje berre er ute etter sommarvikarar, men som gjerne vil knyte kontakt med aktuelle ungdommar som kanskje kan få tilbod om jobb på sikt. Prosjektet har gitt mykje nettverksbygging for mange, meiner prosjektleiaren. Ei av bedriftene som har delteke i prosjektet er AdmMit, og dagleg leiar Jon Nielsen rosar prosjektet. – Me er veldig godt nøgde, det har vore overraskande god profilering av bedrifta gjennom prosjektet. Me fekk bort i mot 30 søkjarar totalt på fleire stillingsannonsar me hadde ute. Og no har me tilbydd ein person sommarjobb. – Det har vore ein suksess meiner eg når det er veldig godt kvalifiserte studentar i Trondheim som tar kontakt og er interessert i sommarjobb i Sandeid, og då ikkje fordi dei må, men fordi jobben ser spanande ut. Eg har sterk tru på at jobben som er gjort i sosiale medium har vore viktig, prosjektleiaren har gjort ein veldig god jobb, meiner Nielsen. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Privat

34

1 • 2021

– Eg går nå tredje året på Høgskulen på Vestlandet der eg studerer økonomi og administrasjon. På vidaregåande valte eg studiespesialiserande, men då eg var ferdig var eg usikker på kva eg ville studere vidare. Eg tok difor eit friår der eg valte å reise og oppleve nye plasser. Eg fant då etter kvart ut at økonomi var vegen eg ville gå.

Ida Herabakka AdmMit

– På vidaregåande begynte eg med programmering via valfaget Informasjonsteknologi. Dette synes eg var veldig kjekt og det førte til at eg søkte på Informasjonsvitskap på Universitetet i Bergen. Nå er eg på 2. året og har fått ein spennande sommarjobb hjå AdmMit.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.