Tempo Næringsmagasin 1 2021

Page 1

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord

24

Utdanning Går eigne vegar

18

Portrettet Bent Ove Ebne

10

Bedriftsprofil Lauareid Service


4

14

30

10

24

34

18

INNHALD 2

Innhald

3

Leiar og kolofon

4

2

1 • 2021

Taktskifte i kvardagen

10 Allsidig gründer 14 18

24

Tar eigne utdanningsval

Interiørhjelp til hus og hytte

30

Bulyst i Vindafjord

Portrettet: Bent Ove Ebne

34

Game of Skills


I staden for eit studie- og skuleliv med nye inntrykk og nye bekjentskap er nyutsprungne studentar blitt sittande på ein studenthybel heilt aleine.

Magasinet om å jobba og bu i Etne og Vindafjord

Utgåve nr. 1 2021

foto: AEH

Ansvarleg utgjevar:

Nils Einar Steinstø Fikse Næringsforening

Kvardagsheltane Eg tenker på ungdommen vår som har flytta heimafrå til ny plass som student. Livet som student opnar for utforsking av mange nye sider av deg sjølv, det er utfordringar og nye erfaringar som ventar både fagleg, sosialt og økonomisk. Å flytte heimafrå og måtte ta ansvar for eige liv kan vera vanskeleg nok. På toppen av dette kom koronaviruset. Verda blei stengt ned. I staden for eit studie- og skuleliv med nye inntrykk og nye bekjentskap er nyutsprungne studentar blitt sittande på ein studenthybel heilt aleine, der alt nytt har blitt formidla via Teams eller Zoom. Eg heiar på deg som saknar skulen, og ønsker deg tilbake til ein studiekvardag der du får undervisning av ein lærar i klasserom saman med andre studentar. Eg heiar på russen som ikkje har fått ei optimal russetid, og som ikkje får tatt denne på ny. Eg heiar på deg som ikkje likar skulen, men som trivs best saman med vener i eit idrettslag, korps, speidaren eller ungdomsklubb. Eg heiar på deg som ikkje ønskjer å sitte heime, men vera ute saman med vener. Eg heiar på deg som saknar venene dine og å kunne gi dei ein klem Eg heiar på deg som saknar fridomen din. Ungdomstida er tida du skapar minne du skal ta med deg resten av livet. Der sosial støtte og kjensla av å høyre til samstundes som ein utforskar eigen identitet er veldig viktig. Ver stolt av deg sjølv og ver trygg på at vala du tek alltid vil koma til nytte. Hugs å ta med dykk og formidla denne krevande ungdomstida til eigne born og barneborn. Tenk at eit virus stoppa heile verda. Livet blei sett på vent. Men de meistra denne epoken i livet med glans.

Fikse Næringsforening Ansvarleg redaktør: Nils Einar Steinstø

Redaksjon: Nils Einar Steinstø Astrid E. Hjelmeland, Judith Sørhus Litlehamar, Omega 365 Design Design: Omega 365 Design Foto: Økland Foto Fotograf Nordtveit Kristian Risanger, Omega 365 Design Espen Gjendem Framsidefoto: Økland Foto Annonsesal:

Christine Rødne Brataas Opplag: 6 000

Trykkeri:

Haugesund Bok & Offset Magasinet blir fulldistribuert i kommunane til bedrifter i Etne og Vindafjord. Elles på messer i Haugesund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Oslo og strategiske stader i distriktet.

Eg heiar på dykk alle, de er skikkelige kvardagsheltar. Hugs at du er god nok som du er, og alltid er velkomen som arbeidssøkjar i Etne og Vindafjord! God sommar!

Hovudsa ma rbeidspa rtna r

1 • 2021

3


Eg har rydda alt, det er det kjekkaste eg veit. Samuel (4)

4

1 • 2021


Jobb og bu Eileen og Jonas Bergem har valt ein livsstil som skal gi dei rom til å velga kva dei ønsker å bruke tida på medan borna er små.

Vil ta tida tilbake Eileen Bergem (31) og Jonas Bergem (31) har sidan dei tok avgjerda om å flytte til Sandeid frå Oslo valt ein livsstil der dei i stor grad styrer tida si sjølv.

– Me har ikkje maksa lånegrensa og gjort oss avhengige av to hundreprosents inntekter, fortel Jonas. Målet for begge i dag er å leve opp til ønske om å kunne styre si eiga tid i størst mogleg grad. Det er fredag og alle borna er heime saman med mor og far. Det er travelt for storebror Samuel (4) denne dagen når han ikkje er i barnehagen og må hjelpe til heime. Han er i full vigør med å koste i boden som er tømt og som skal flyttast på tunet langs Sandeidsvegen for å få litt meir rom på plenen utafor huset. Småsyskena Malin (2,5) og Martine (1) følger interessert med på storebror sine gjeremål. – Eg har rydda alt, det er det kjekkaste eg veit.

– Så lenge borna er små så ønskjer me å kunne prioritere dei, fortel Eileen. Ho understrekar at kvardagen og morgonstunda er merkbart annleis etter tre år som heimeverande med små born. Når klokka tikkar og målet er å koma tidsnok til jobb samstundes som ein skal ut dørene med ein toåring og ein fireåring i barnehage før jobb, må ho innrømme at det er stunder ho lengtar tilbake til permisjonstid og rolegare morgonar. Yngstejenta Martine på 1 år er for tida heime med far i pappaperm og Eileen jobbar åtti prosent i barnehagen i Sandeid og kan elles vera fleksibel på heimefronten når alle borna er heime fredagen.

Huset som Eileen og hennar sysken sprang ut og inn i som born, og der mormor diska opp med pannekaker og tomatsuppe etter skuletid, har sidan 2015 vore heimen til Eileen og Jonas. Og sidan fyrstefødde, Samuel, kom til verda i 2016 har dei og blitt foreldre til Malin og Martine. Etter mest fire år heime med borna er Eileen tilbake i deltidsstilling i barnehagen.

Den unge hjelpesmannen Samuel ligg ikkje på latsida og finn mange skattar i ryddesjauen. Her dukkar det opp mutrar, spikrar og tomme frøposar som han legg ut på bordet framfor oss. – Det er mykje jobb, fortel han, før han spring vidare for å hente traktoren som har hengaren full av nykløpt hekk. Det hjelper og på fleksibiliteten i heimen at Jonas har bygd

1 • 2021

5


Min filosofi er at alt ein ikkje kan, kan ein læra. Jonas Bergem

seg opp som sjølvstendig næringsdrivande som møbelprodusent, med verkstad i kjellaren. Med IT-ingeniørutdanning i bagasjen var ikkje dette noko han hadde planlagt. Men tilfeldigheitene førte til at dette i dag er blitt heiltidsjobb og leveveg, der Jonas i dag styrer si eiga bedrift og kan disponera tida si som eigen sjef. – Draumen om å jobba med IT hadde eg hatt sidan eg var 12 år, fortel han. Men det blei ikkje heilt slik han såg for seg. Etter utdanning som IT-ingeniør ved Høyskolen i Oslo og Akershus, i dag MET, fekk han jobb i Aker Solutions på Fornebu. Men det tok ikkje lang tid før han merka at jobben blei for stilletittande for han. – Det var ikkje min plass i verda, smiler han. Jonas vaks opp på Nøtterøy utanfor Tønsberg, men det var på musikklinja på bibelskulen i Grimstad han møtte sandeidjenta Eileen då dei begge var rundt 20. Søt musikk oppsto ikkje med ein gong, ler dei. – Han måtte jobba litt for det, smiler Eileen. Eg var visst litt dårleg på å ta hint. Saman flytta dei til Oslo for å studera og i år kan dei feira 10-års bryllaupsdag. Odelsjenta Eileen flytta frå Sandeid allereie som 16-åring for å gå på vidaregåande på Lundeneset i Ølensvåg. Etter bibelskulen i Grimstad valde ho å starta på bachelor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo. Men ho var skulelei og fekk etterkvart jobb i ein familiebarnehage på Tåsen i Oslo. At dei skulle ende opp med å busette seg i heimbygda til Eileen var ikkje planlagt. – Eg skulle aldri flytte tilbake til Sandeid. Det var eg sikker på som ung, fortel Eileen. Men dei var begge bestemte på at dei ikkje ønskte å bu i Oslo når dei fekk born som skulle starta på skulen. Då ønskte dei å etablera seg utanfor hovudstaden. Men det som starta med ein spøk frå foreldra til Eileen om å flytte heim, skulle snart vise seg å bli ein realitet. Sjølve avgjerda om å flytte heim skjedde ganske spontant. Etter fem år i Oslo stod det gamle kårhuset på garden tomt etter at Eileen mista bestemora si og i 2014 sa dei begge opp jobbane sine. I februar 2015 flytta dei til Sandeid, til garden der Eileen vaks opp.

6

1 • 2021

Jonas, som hadde registrert at det var aktuelle IT-stillingar i lokale bedrifter i Vindafjord, valde å takke ja til jobb på Lundeneset VGS, medan Eileen fekk seg jobb i Ølensjøen FUS barnehage. – Dei var rause og henta inn vikar og let meg få vente med å starta til i februar, sjølv om stillinga ordinært hadde oppstart i januar, fortel ho. Sidan hausten 2016 har ho vore tilsett i Sandeid barnehage. Eileen har sagt frå seg odelen og per i dag er det mor og far som eig og paktar vekk jorda. – For oss var ikkje overtaking av garden eit tema, fortel dei. Men skulle eg tilbake ville eg ha det gamle huset etter mormor, seier Eileen. Her er det både potensiale, sjel og gode minne frå barndommen, som gjer huset godt å bu i. Med tre born i alderen 1 til 4 set dei pris på å ha besteforeldre nær og frå tunet kan borna springe over bakkane til mormor og morfar. Familien er av stor verdi for dei begge og i den fasen av livet dei er i nå, så verdset dei å ha familie tett på. Dei sørger for hyppige treffpunkt med resten av familien på begge sider, så ofte som råd i koronatida. Dei kjem begge frå familiar der dei er del av ein søskenflokk på fire som enda er spreidde både i inn- og utland. – For meg er familien aller viktigast for tida, fortel Eileen og Jonas følgjer opp; – Eileen har lært meg å verdsette familien og fått meg til å følge opp og besøke min eigen, understrekar han. Dei er begge uredde og ser potensiale i å starta opp og etablera eigne bedrifter. Jonas fortel at det som starta som eit hobbyprosjekt i samband med å renovere det gamle huset, i kombinasjon med Eileen si interesse for interiør og ønske om spesialbygde møbler, utarta seg. Frå ei beskjeden bedrift med 1–2 bestillingar via kjente har bedrifta Bergem Møbler i dag leveransar i heile landet. – Rekorden per dags dato er to leveransar til Kirkenes, smiler Jonas. Eksisterande verkstad i kjellaren har han bygd på med 100 nye kvadratmeter. Han var og heldig og fekk kjøpt opp Kvisten snekkerverksted i Skjold, som ønskte å selge til ein som


Det er travelt å vera storebror og gardsdreng på tunet for Samuel (4). Han likar å rydde og kosta men og å leika og passa på søstrene Malin (2,5) og Martine (1).

ville ta bedrifta vidare då eigaren der var klar for pensjonsalder. – Min filosofi er at alt ein ikkje kan, kan ein læra, fortel Jonas. Eg likar å læra. Han har ikkje gått i lære, men er ikkje redd for å spørre folk om det er noko han lurer på. Læringskurven frå oppussing til finsnekring av møbler har vore bratt men spennande medgjer han. – Det er ikkje så mykje som ikkje kan lærast. For det er ikkje berre Jonas som har tatt steget og etablert eiga bedrift. I permisjonstida starta Eileen med nettsalg via network marketing-aktøren Forever Living. Det som starta som ein hobby og deltidsjobb for å spe på inntekter ser ho potensiale i kan bli ein fulltidsjobb på sikt. Ho har allereie fått registrert firmaet Bergems Hverdagspleie i Brønnøysundregistrene. – I koronatider der oppsigelsar inntreff er det godt å vite at ein har eit ekstra bein å stå på. Den verdensomspennande aktøren blei ho kjend med via eit søskenbarn som selde varene og ho fekk testa dei ulike helse- og hudpleieprodukta. Men ho måtte gå nokre rundar med seg sjølv. Er dette meg, skal eg dette? Men ho har ikkje angra sidan ho starta opp i 2019 og

kjenner i dag at dette har bidratt til mykje sjølvutvikling. Om det har vore reaksjonar på vala dei har tatt sidan dei tok steget om å flytta frå faste stillingar på austlandet i 2015, smiler dei begge. Samuel har hjelpt veslesyster med ei velta barnevogn og har nå funne fram frisbee som han klarar å kasta langt ut på den store bøen og mest heilt ned til gravemaskina. Familiehunden Poki er gladeleg med på leiken før Samuel hiv seg rundt og blir med systrene rundt hushjørnet der dei har funne både tiger, tyrannosaurus rex og bjørn dei må koma seg vekk frå. Her får fantasien fritt spelerom blant syskena. – Klart det var skepsis til å seia opp faste stillingar og flytte før ein visste kva ein gjekk til. Men vår filosofi er at alt ordnar seg. Det er få som har gått gjennom livet og sett seg tilbake og angra på at dei ikkje har jobba meir, smiler Jonas.

Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Kristian Risanger

1 • 2021

7


Omega Design

Opplev sommaren i

#VakreVindafjord Turistinformasjonen: Telefon 48 25 85 58, Haukelivegen 722, 5580 Ølen Biletet er tatt av Synnøve Matre frå toppen av Øktaren i Sandeid Fleire turforslag? Sjekk “Ut på tur i Vindafjord” på nettsida vår vindafjord.kommune.no/kultur-og-fritid/tur-og-friluftsliv

vindafjord.kommune.no


Flytt til Etne kommune!

Bli en del

- Kort veg til alt!

av teamet!

Salgsklare tomter Omega Design

Omega 365 er i stadig vekst og trenger mange nye ansatte. Søk jobb hos oss i dag!

Tomteselskapet Etne har salgsklare, sentrumsnære tomter fleire stader i Etne og Skånevik

PRESTALIO

FITJA

KAMBE

Omega 365 Solutions Omega 365 Solutions leverer prosjektstyringsverktøy og programvare til en rekke ulike bransjer, og trenger deg som har erfaring med:

PMS uncoated

• Microsoft Azure-teknologi • Software-utvikling • IT prosjektledelse • IT-sikkerhet Epost: post@tomteselskapet-etne.no

Omega 365 Consulting

Telefon: 458 65 508

Omega 365 Consulting leverer konsulenttjenester til et bredt spekter av bransjer, og trenger personell innen bygg og anlegg og olje og gass: • Prosjekt- og byggeledelse • Elektroinstrument og automasjon • Teknisk sikkerhet og prosessor • Ingeniører Finn alle våre stillinger her:

omega365.com/jobs

Treng du hjelp til å ta vare på huden din?

n du Nå ka time bestille på e t direk mi. a id netts

Min kompetanse og kunnskap gir deg tryggleik og kvalitet. Bestill ein konsultasjonstime hjå meg, der du får rettleiing om dei beste produkta og behandlingane for din hud. Informasjon om prisar og behandlingar finn du på nettsida: etnehudhelseklinikk.no Klem Nina

Hudsjukepleiar

omega365.com

Etne Hudhelseklinikk, Haugen, Etne mob 911 13 304 • hei@ninakristinhaugen.no etnehudhelseklinikk

etnehudhelseklinikk


Bedriftsprofil

MÅLET VAR EIGEN JOBB

Eigar av Lauareid Service og Lauareid Transport, Bjarte Lauareid (50), tek dagane som dei kjem og grip dei sjansane som byr seg, og meiner det er ein god forretningsstrategi.

Bedriftsideen om kjøp og sal av varmepumper tok form medan han var på vegen som sjåfør for Hustvedt og Skeie, der han var i ti år fram til 2010. Tanken var å nå hyttemarknaden i Telemark med sal av varmepumper via utsal på Haukeli, vegg i vegg med Spar. – Det tok ikkje heilt av i starten, smiler han. På lageret i Steinshagen i Etne er det stablar med varmepumper av ulike merke, her skal det vera noko for ein kvar smak og behov. Her er og brukte pumper som er kasserte og som skal klargjerast for retur og gjenbruk etter Bjarte har tømt dei for gass. I tillegg er det fleire pallar med tørrhøy og fôr. Trass i at draumen om varmepumper i Telemark ikkje tok heilt av, har leveransar lokalt og regionalt sakte men sikkert gitt firmaet solide bein å stå på. Frå ein sped start med kjøp og salg av varmepumper lokalt, har Lauareid Service AS utvida, kjøpt opp og fusjonert. I dag har bedrifta ein stab på 10 personar i

10

1 • 2021

tillegg til deltidstilsette. Bjarte kjøpte opp Kalland AS i 2019 og Varmepumpe Vest i 2020. Tidlegare Grønstad transport tok han over frå Anders Grønstad i juni 2020 og rundt nyttår 2021 utvida han ytterlegare og tok over Sauda Transportservice. I dag er det to vogntog i drift og begge dei tidlegare eigarane er med vidare i staben til Bjarte. – Framleis er det mykje transport til og frå Sverige, men nyleg var Anders i Nord-Noreg for å hente skinn til Granberg Garveri i Ølensvåg frå Bardufoss. Elles er det mykje transport i heile Sør-Noreg, fortel Bjarte. Anders Grønstad er framleis med som sjåfør og tek seg av mykje av logistikken i dette selskapet, understrekar Bjarte, medan Andreas Øvrabø som var tidlegare eigar av Sauda Transportservice også er med vidare som sjåfør. – Målet var å skapa min eigen jobb, smiler han. Den mangeårige langtransportsjåføren og avløysaren, som i 2010 starta opp Lauareid Service, hadde utdanna seg til lanbruksmekanikar før


Om ein ikkje heng med i utviklinga blir ein raskt akterutseilt. Bjarte Lauareid

Bjarte Lauareid har dei siste elleve åra etablert og utvikla varmepumpe- og servicebedrifta Lauareid Service til ein stab med 10 tilsette og i 2020 etablerte han Lauareid Transport AS.

han starta i transportbransjen der han var i rundt tjue år før han starta opp for seg sjølv. Fyrste åra som sjåfør køyrde han for bedrifta til faren, Sandov Lauareid, som tidleg såg potensialet i å kjøpa og selja høy og spon frå Telemark og Sverige for leveranse til hestebransjen og bønder. Dette dreiv han med frå syttitalet til midten av nittitalet og bidrog til at gründeranda og transportinteressa blei vidareført i familien. I dag er det yngste syster Anette Lauareid Hovda som bur på garden med sin familie. Ho er også gründer og ein av eigarane av Småfolk Barnehage i Etne. Ei av dei lokale bedriftene som var med å få fart på omsetninga for Lauareid service var Westcon i Ølensvåg, der Bjarte starta med ulike oppdrag og sto for leveranse av varmepumper. I dag er Westcon ein av kundane for leveranse av personell innan mekanikk og transport. I tillegg til varmepumper utgjer kjøle-system og aircondition-anlegg ei stor del av omsetninga i

servicebedrifta. Blant kundane han leverer slike løysingar til er rederia Solstad rederi på Karmøy og Østensjø rederi i Haugesund. Det siste året har han og hatt Midthaug, tidlegare Hamre i Etne, som kunde for personell til monteringsarbeid. – Sommarstid er det mindre trøkk hjå oss, så då kan me tilby våre tenester i deira høgsesong. Telefonen ringer – ein kunde i Vågshagen i Ølensvåg treng hjelp. – Eg skal til Haugesund og kjem oppom på veg ut, svarar Lauareid. – Eg likar å ha med folk å gjera, og å yta service, fortel han og meiner det er ein nøkkel til at han har klart å få servicebedrifta til å leva og veksa. Frå ein årleg omsetning på 5-600 000 kroner i 2010 har Lauareid Service vakse seg til å bli ei stabil bedrift som i 2020 hadde ei omsetning på rundt 20 millionar kroner. Slik det ser ut så langt i år, trur Bjarte tala for 2021 kan vise seg

1 • 2021

11


Eg likar å ha med folk å gjera, og å yta service. Bjarte Lauareid

å bli enda betre. Trass i at transportbransjen ifølge Bjarte er ein sårbar bransje, så ser det førebels stabilt ut og han trur at totalt for dei to selskapa kan han nå ei omsetning på rundt tredve millionar ut året. Bjarte har og investert i bedrifta til stedottera Silje Molnes Åsheim, Siljes hud- og velvære, som ho etablerte i Etne 2018 – Det kan koma godt med å få stelt neglene når ein har vore på ein lang arbeidsdag, spøkar han. Men han er stolt av driven og fortel at ho og deltek i bedrifta ved behov. Det same gjer sambuaren Anita Molnes som og er heiltidstilsett i bedrifta. Det er ein smålåten bedriftseigar som i dag har hovudbase for Lauraeid Service i Skånevik, lager i Etne og kontor i Haugesund. Han ser ikkje for mykje framover og legg sjeldan langsiktige planar. Men meiner oppskrifta er å stå på for fullt kvar dag og ta dei mulighetene som dukkar opp, så ballar det fort på seg. – Om ein ikkje heng med i utviklinga blir ein raskt akterutseilt, understrekar han. Nå har Bjarte nett selt eine traileren og ventar ny til hausten. For den rutinerte sjåføren er ein langtransportetappe god rekreasjon. – Ein tur til Sverige i ny og ne er ein fin måte å kople av på. Det blir mest som ein hobby, smiler han. Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland Foto: Økland Foto

12

1 • 2021

Kundeservice set Bjarte Lauareid høgt. Det er avgjerande å vera tilgjengeleg for kundane våre, understrekar han.

FA K TA

Bjarte Lauareid er i dag eigar av selskapa: Lauareid Service AS (2010) Lauareid Transport AS (2020) Lauareid Holding AS (2021)


Vi søker engasjert montørbas til vårt team i Etne! ARBEIDSOPPGAVER • Lede og gjennomføre montasjeoppdrag • Dokumentasjon av oppdrag • HMS-prosedyrer på alle oppdrag KVALIFIKASJONER / EGENSKAPER

Etne Betong tilbyr: Strukturblokker for støttemur Ferdige blokker for muring i sjø Tilbehør til forskaling/støyping Ferdigbetong med renne-/pumpebil Ta kontakt for pristilbod!

Tongane 71, 5590 Etne, tlf 53 75 67 12 • post@etnebetong.no

www.etnebetong.no

• Fagbrev eller erfaring fra byggebransjen

• Resultatorientert og kunne jobbe godt i team SPØRSMÅL OM STILLING? Kontakt regionleder Åsmund Hamre M: 958 87 527 E: asmund.hamre@midthaug.no Brødrene Midthaug er Norges største produsent av trapper, rekkverk og balkonger. Selskapet omsatte i 2020 for 226 mill. NOK og har totalt ca. 120 medarbeidere.Avdelingskontoret for Region SørVest ligger i Etne.

SEND SØKNAD TIL: asmund.hamre@midthaug.no

Hos Vindafjord trafikkopplæring setter vi eleven i fokus.

Omega Design Foto: Økland Foto

Effektiv opplæring Fornuftige priser Opplæring i de fleste klasser

Tlf. 52 76 20 10 - www.vindtraf.no Kontorer i Ølen, Skjold og Haugesund


Klappet og klart Hjå Møbelringen og Princess i Etne kan du få både hytta eller huset ditt ferdig innreia og styla med møblar og pynt. Konseptet Klappet & Klart har blitt eit ekstra bein å stå på for butikkane.

Fotograf Nordtveit

Møbelringen og Princess i Etne kjem heim til deg eller hytta di med møblar, interiør og gode råd. Her frå eit oppdrag i Røldal.

Ole Strømø er dagleg leiar i Møbelringen Etne, han meiner konseptet er viktig for å styrke drifta i butikken. – Det er mange år sidan me starta opp med dette. I 2010 tok Haukeli Skisenter kontakt sidan dei skulle innreie nokre leilegheiter i nærleiken av skitrekket. Det var starten, og etterpå har me innreia hundrevis av hytter, hus og leilegheiter. Etter kvart fekk me på plass ulike pakkar som kundane kunne velje i, fortel han. Målgruppene for konseptet er ulike, det er privatpersonar som tar kontakt og som ynskjer møblar og eit kyndig blikk på innreiinga av huset eller hytta. Samstundes tar mange byggefirma

14

1 • 2021

og andre kontakt for å leige møblar og få oss til å innreie før visning eller sal. – Det er viktig at det ser fint ut når det skal vere visning, det er mykje meir sannsynleg du kjøper ei hytte du syns det var koseleg å vere i, meiner Strømø som også ser at kundane er ulike når dei tar kontakt. Medan nokre veit veldig godt kva dei ynskjer, er andre meir usikre og kjem med teikningar over rom og areal, då kan dei profesjonelle få nesten heilt fritt spelerom. Kundane er alt frå dei heilt unge og opp til dei som er godt vaksne. – Me ser jo som regel litt av kva dei likar, og me tar ikkje val som me tenkjer veldig få vil like. Men det er viktig at me viser kva me har tenkt og korleis me har sett det for oss, før me startar jobben, då kan ein alltids gjere endringar. – Dette er veldig kjekke jobbar, her skal ein ikkje berre selje ein stol, men skape ei fin møblering som fungerer. Me får teikningar frå kunde, og så reiser me som regel ut sjølv for å sjå og ikkje minst ta mål. Alt må passe ned til den siste detaljen, slår Strømø fast. Jobbane kan variere frå små stylingjobbar til full innreiing av heile hus. Dei har det meste og kan løyse alt frå gardiner og tepper, til vaskemaskin, tørketrommel og bestikk i skuffane. Mange kundar veit kva fargar dei ynskjer, eller kva stil dei likar. Andre er usikre og lurer gjerne på kva som er moderne, eller kva ein bør satse på. – Strengt tatt kan me gjere alt anna enn å setje maten i kjøleskåpet, det er somme gonger det einaste som gjenstår. Mange av kundane har naturlegvis strenge budsjett me må halde oss innafor, men nokre har ikkje det heller. Ein vanleg jobb ligg på ein stad mellom 160–200 timar, inkludert planlegging og gjennomføring av jobben. Den kortaste perioden ein kan leige møblar for er seks veker. Ole Strømø ser at den nordiske stilen framleis held seg i interiøret, og at det no er lov med fargar.


Økland Foto

Kundane er ulike, medan nokre veit kva dei vil ha er andre opne for gode råd frå butikkane i Etne. Her frå ei av Brødrene Mæland sine hytter. Fotograf Nordtveit

Fotograf Nordtveit

Me må tenkje litt nytt, og prøve å ha fleire bein å stå på. Ole Strømø

Tora Lilledal hjå Princess og Ole Strømø i Møbelringen viser til at konseptet Klappet & Klart er eit ekstra bein å stå på for bedriftene.

– No finn ein det meste innan ulike stilartar i både interiør og fargeval, no er det meste lov. Men me ser at det kjem mykje nordisk interiør i lyse fargar framover. I tillegg er det mykje jordfargar, oker, brunt og så vidare. Det er få som framleis berre har kvite veggar, og har dei lite fargar på veggane har dei gjerne ein kvilestol i ein sprek kontrastfarge. På Møbelringen kjem dei med råd, veiledar så godt dei kan og bidreg med tips til korleis ein kan nytte rommet på den beste måten. Ole Strømø meiner dei som driv butikk på mindre stadar må tenkje litt annleis. Butikkane i byane er ikkje nødvendigvis større, men dei har eit heilt anna kundegrunnlag.

– Me må tenkje litt nytt, og prøve å ha fleire bein å stå på. Kundegrunnlaget er såpass lite at ein må ha noko i tillegg dersom omsetnaden skal bli stor nok. Koronaåret byrja tøft for Møbelringen, med ein butikk som vart stengt i fire veker. Så snudde det. – Ja, i slutten av mai i fjor tok det seg opp, og til slutt vart det eit godt år. Folk fekk ikkje reise og bruke pengar på den måten, difor var det mange som investerte i nye møblar.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

1 • 2021

15


NÅR DU BYGGER NYTT HUS MED VIGOR BYGG FÅR DU:

Kontakt oss Linda Bøthun Telefon: 90 69 16 14 post@vigorbygg.no

vigorbygg.no

Omega Design • Foto: Øyvind Sætre

Draumehuset skapt for deg og din famile. Hus tilpassa tomt, sol- og vindforhold. Moderne, tradisjonelle og herskapelege hus frå Systemhus. Stor påverknad og mogelegheit for endring på kataloghusa. Farge- og interiør konsultasjon. Tryggleik i byggeprosessen med tett oppfølging. Kvalitet på sluttprodukt med erfarne tømrarar. Mogelegheit til eigeninnsats.

Vi bygger på heile Haugalandet og i Sunnhordland

JOBB HOS OSS! Vi trenger stadig nye folk. Send en åpen søknad

og registrer CV-en din på: westcon.no/karriere westcon.no


Ledige stillinger

Vi ønsker fortløpende å ansette aktuelle, motiverte og dyktige kandidater: Produksjonssjef Mekanikere/ Industrimekanikere/ Automatiker Ingeniører innen mekatronikk, mekanisk, automasjon

SMV har sitt hovedmarked innen egenutviklede produkter og systemløsninger til smelteverksindustrien. Bedriften har 6070 MNOK i omsetning og pr. i dag 40 ansatte. Nye medarbeidere blir med på laget som leverer spennende produkter, kjøretøy og innovative løsninger til blant annet smelteverksindustrien nasjonalt og internasjonalt. SMV er en fleksibel og kompetent organisasjon som har en god markedsposisjon og klare planer om å videreutvikle selskapet fremover. I den forbindelse tilbyr vi flere spennende stillinger og vi forventer stor aktivitet og solid vekst de kommende årene. For ytterligere beskrivelser av stillingene gå inn på våre nettsider smv.as/Jobs eller besøk oss på Facebook: facebook.com/SunnhordlandMek.Verksted

Kontakt oss! Kontakt meg vedr. stillingen som produksjonssjef

Ta gjerne kontakt vedr. alle mekaniker stillingene

Lurer du på noe ang. ingeniørstillingene?

Lars Hovda daglig leder

Tor Steinar Eskeland produksjonsjef

Vidar Ølfarnes teknisk sjef

tlf.: 908 40 855 lars@smv.as

tlf.: 404 44 757 tse@smv.as

tlf.: 959 66 233 vlo@smv.as

Alle søknader sendes til vlo@smv.as innen 7. juni 2021.

www.smv.as


Portrett

Me må bli inspirert for å skape noko sjølv. Bent Ove Ebne

GRÜNDER MED GRØNE FINGRAR Bent Ove Ebne (51) får både planter og bedriftsidear til å vekse. Aller best trivst han som torghandlar.

Bent Ove Ebne og butikksjef Anne Sofie Handeland kan gle seg over at mange har besøkt blomar til å pynte på gravplassen.

– Eg likar meg som torghandlar, her får du ein spesiell kontakt med kundane. Det er triveleg å snakke med folk, på torget har dei som regel god tid, seier Bent Ove Ebne når han parkerer lastebilen med den grøne logoen på Sand. Han veit at mange har venta på han her, og at ryktet har spreidd seg godt. «Ebnes kjem på torsdag, då er det vår», seier suldølane. Bilen kan romme opp mot 3000 planter, no er tralle på tralle med sommarblomar, frukttre, grønsaksplanter og stauder på veg ut mellom parkbenkene på torget. Bent Ove vinkar til ein gamal kjenning som er på veg inn på Coop, før telefonen ringer på nytt. Først er det ei bestilling frå Sauda, så ei frå Karmøy. Bent Ove svarer i sitt rolege tonelag, han stressar seg ikkje opp over nokre hastige bestillingar. – Dei sender ein e-post på det, det går bra, det er ikkje før i morgon, seier 51-åringen og smiler. Gartnaren, gründeren og 18

1 • 2021

businessmannen Bent Ove har stålkontroll på jobben sin. – Eg likar å skape noko og sjå at det veks rundt meg, då gjer det ingenting om eg må jobbe mykje. Han starta karrieren alt som sjuåring, då som hjelpesmann på torget saman med far sin. Å selje blomar til gamle damer var noko av det kjekkaste guten visste, han knekte fort koden og skrudde på sjarmen der han sto midt i den vårlege brisen i Haugesund. – Eg lærte raskt ja, kva som er viktig skal ein få selje noko. Ein må skape tillit hjå kunden, og vere triveleg. Folk likar å prate. I dag har me redusert på plassane der me driv torghandel, tida strekk ikkje til, men det er like kjekt i dag. For 21 år sidan overtok han den 85 år gamle bedrifta etter far sin, hagesenteret vart starta av bestefar Bernard Ebne i 1936. Bent Ove er tredje generasjon gartnar, og no er også dottera


t hagesenteret i koronaåret. Her er Margareth og Olav Øverland på besøk for å finne Foto: Judith S. Litlehamar

Silje ferdig gartnar og med i drifta i hagesenteret i Ølen som er 4000 kvadratmeter stort. – Eg har ikkje dradd dei tre borna med meg rundt slik eg var med far min, men likevel viser dei interesse for drifta alle saman. Det er veldig kjekt å sjå, og dei skal få velje sjølv, men eg har i alle fall ikkje angra på yrkesvalet mitt nokon gong. – Og ungdommar har godt av jobbe, det er ikkje bra å berre få alt opp i hendene. Han har sjeldan fri, og telefonen er aldri av. Hagesenteret i Ølen er stengt tre dagar i året. – Men det er jo slik det er, at dei som likar å jobbe dei jobbar ekstra mykje, er det ikkje? Han unngår likevel å ta med seg jobben heim, det er ikkje hjå Bent Ove du finn hagen som bugnar mest. – Det blir nok blomar på jobb, heime har eg ikkje noko stor hage. Eg har plen og blomar i krukker, det held massevis, seier Bent Ove Ebne gir gode råd til dagens første torg-kunde på Sand.

1 • 2021

19


Portrett

han om huset som ligg vegg i vegg med hagesenteret. Bent Ove har fått dagens første kundar på besøk, eit ektepar frå Jøsenfjorden som kombinerer tannlegebesøk med ein handletur på torget. Bent Ove tipsar om grønsaksplanter som er lette å drive fram, om amplar som viser godt igjen i husveggen og om blomar som gjerne kan tåle ei kald vårnatt eller to. – Eg er ingen spåmann, men no trur eg sommarvarmen er på veg, seier han og ler. Kundane ler saman med han, vel vitande om at det er vanskeleg å vite korleis ein norsk forsommar vil arte seg for blomane. – Er du usikker, så ta plantene inn på natta, er rådet dei får med vidare. Gartnaren ser at stadig fleire får interesse for dei «nære ting» som han kallar det, for hagearbeid, grønsaksdyrking og blomar. Sjølv om plassen dei har til rådvelde er blitt mindre, er interessa aukande. Noko som også førte til at koronaåret 2020 blei eit godt år for hagesenteret, trass i at ein periodevis måtte ha stengde dører. Inntektene i fjor sommar gjekk opp med 30 prosent samanlikna med same tida året før, og hagemøblar hadde den største auken på heile 60 prosent.

FA K TA Namn: Bent Ove Ebne (51) Aktuell: Driv hagesenter i Ølen og på Voss, og har no planar om nytt senter på Husnes i Hardanger. Les: Krimbøker og aviser. Før abonnerte eg på mange aviser, no er det berre Grannar og Haugesunds Avis. Høyrer på: Musikk og lydbøker, musikk er viktig for meg og noko eg høyrer mykje på, både på jobb og i bilen. Eg er glad i rock’n’roll, men er ganske altetande. Førebilete: Nei, det har eg ikkje, det har eg aldri tenkt over.

20

1 • 2021

– Hagemøblar er ei viktig del av drifta vår og står for om lag 25 prosent av omsetnaden, men no er det eit problem å få tak i nok på grunn av koronasituasjonen, så eg hadde ikkje venta lenge i år skulle eg hatt meg nye hagemøblar, seier Bent Ove med eit lurt smil. – Eg trur jo at folk blir meir heime også i år, det er ikkje tida for dei lange reisene diverre. Sjølv likar han godt å reise, og det er noko han saknar. Både ferieturar til fjerne strøk der ein ikkje treng å ta jobbtelefonane, men også faglege inspirasjonsturar til europeiske land der blomar og frodige hagar står i sentrum. Han er medeigar i eit importselskap som importerer varer frå Danmark, Belgia, Nederland, Tyskland og Italia til Noreg. – Det var eit kompliment å bli spurt om å delta der, eg brenn jo for dette. På hagesenteret kjem kundane våre frå heile Haugalandet, og Suldal og Sauda. Me leverer også planter fast til både Suldal, Sauda, Vindafjord, og Karmøy kommune, det er viktige leveransar for oss. Det blir delt mykje inspirasjon og nyskapande tankar over grensene. Folk endrar seg, og vanar endrar seg. Bent Ove er oppteken av å fylgje med, og vite kva kundane hans er på leit etter. – Me må utvikle oss heile tida, og på desse reisene får ein snakke med dyktige menneske, sett korleis andre løyser det, og dei europeiske landa er gode på ulike ting. Medan Nederland er opptekne av pris er Tyskland til dømes gode på kvalitet. Me må bli inspirert for å skape noko sjølv. Og Bent Ove ligg ikkje på latsida som bedriftsutviklar. I fjor sommar overtok han 80 prosent av aksjane i Rykke Gartneri og Hagesenter AS på Voss, dei tidlegare eigarane Atle Antonsen og Bjørg Rykke eig dei resterande 20 prosentane. Rykke er også dagleg leiar ved hagesenteret som er om lag dobbelt så stort som det i Ølen. I løpet av det første driftsåret klarte Bent Ove og dei andre å få eit underskot på 2 millionar til å bli eit overskot på 3 millionar. – Det er ikkje snakk om store endringar, men det låg ein del grep i lufta som var enkle å ta. Det er i grunn berre snakk om å få kostnadane ned, forklarer bedriftsleiaren som er meir glad i å sjå løysingar enn utfordringar. – Du veit, eg har faktisk lese- og skrivevanskar, men det plagar meg ikkje. Eg får hjelp til det kontorarbeidet eg treng hjelp til, og resten klarar eg fint. Det handlar berre om å jobbe litt ekstra, og det kan eg. Eg trur sjølv eg er ein enkel, men bestemt


Bent Ove Ebne skryt av gjengen han har med seg i Ølen, her er han i full jobb saman med Anne Sofie Handeland som er butikksjef og blomsterdekoratør.

sjef. Her i bedrifta får dei tilsette mykje ansvar, seier han og rosar gjengen han har rundt seg. I Ølen er det Anne Sofie Handeland som har full dagleg kontroll, sjølv er han mest oppteken av dei lange linjene, og torghandelen. Ebnes Hagesenter har om lag 30 tilsette til saman på dei to hagesentera. I 2019 hadde Ebnes i Ølen ei omsetnad på vel 16,8 millionar kroner, medan hagesenteret på Voss i 2020 omsette for vel 27,7 millionar kroner. No går han med planar om nytt hagesenter på Husnes i Hardanger, tomta er peika ut og han ventar berre på eit grønt lys frå kommunal administrasjon. Han har ingen 10-årsplan for bedrifta, men ynskjer å skape gode arbeidsplassar og glede for kundane sine. – Eg trur jo at desse distriktskommunane, og kanskje spesielt her i Vindafjord, må fokusere meir på dei som bur her. Me har spanande arbeidsplassar, men det er folk som skaper samfunn. Det er viktig å legge til rette for at butikkane kan drivast med sunn økonomi, og at folk har lyst til å handle i desse små lokalsamfunna, seier han og hiv seg med det inn i den lokale sentrumsdebatten. – For meg er det ganske enkelt, eg heiar på alle som vil investere. Aktivitet skaper aktivitet, så enkelt er det. Og han trur menneska treng grøne oasar og noko fint å sjå på rundt seg. – Hagearbeid er medisin for folk, eg trur det kan hjelpe både psykisk og fysisk, det er eg overbevist om.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Økland Foto

Inntektene i fjor sommar gjekk opp med 30 prosent samanlikna med same tida året før. Bent Ove Ebne

1 • 2021

21


GODE RÅD GIR GOD RÅD

Pengar er nok ikkje det viktigaste i livet – men viktig!

Å veta at du har kontroll på pengane dine og investeringar du gjer er nok svært viktig for mange. Det er mykje du kan googla deg fram til, men i eit «finanshus» som Etne Sparebank har me kunnskap og kan hjelpa deg med dette. Me er 17 tilsette som heile dagen arbeidar med lån, sparing, fond, leasing, forsikring og mykje meir.

Me ser fram til at du som er kunde eller vurderer å bli det kontaktar oss i dag. Me er her og bryr oss om deg! Etne Sparebank_brosjyre_16 sider_2020.qxp_Layout 1 16.02.2020 21.00 Side 14

Leasing

d

2020 20.59 Side 11

Forsikring på 1-2-3

kastning på pengane? Det veit me mykje om, men heller ikkje våre erar kan gi alle garantiar. Gjennom vårt eigarskap i Heimdal-fondene ertisen me treng både til småsparera og profesjonelle. Ulike pakkar asert på kva du som kunde ønskjer deg.

ene

er medeigar i Heimdal Fondene. Eit lokalt forankra fond med hovudkontor i Stavanger. Gjennom Heimdal tilby tre ulike fond. Eit med låg risiko, eit med middels og eit med litt høgare risiko.

Gjennom vårt eigarskap i Frende Forsikring kan Etne Sparebank tilby forsikring på «alt». Vår kunnskap rundt forsikring skal vera din tryggleik for at du får den forsikringa du treng, den oppfølgjinga du ønskjer og ein pris som er rett.

Vinnarskalle.no

_2020.qxp_Layout 1 16.02.2020 20.59 Side 7

Du kan nytta deg av denne kompetansen som er i finanshuset Etne Sparebank. Hugs at gode råd gir godEtneråd! Sparebank_brosjyre_16 sider_2020.qxp_Layout 1 16.02.2020 20.59 Side 13

Etne Sparebank tilbyr leasing gjennom vårt ei betyr at Brage kjøper og eig det utstyret verks bake til deg mot ei avtalt månadsleige over ei

Kvifor binde eigenkapital eller lånekapasitet? frigjer driftskapital som gjev verksemda di stø

Frende Forsikring er på nytt kåra til årets kundesenter, i tillegg til å vera best på reiseforsikring, dyr og fleire andre forsikringar.

Du kan bl.a. forsikra dette: Jakob Hatteland er også ein av investorane i Heimdal Fondene. Me i Etne Sparebank er glade for å ha fått han og andre lokale aktørar med oss. Blir du den neste?

• Bil, båt og kjøretøy • Hus, innbo og verdiar • Uførheit, ulykke og sjukdom • Reise og fritid

Fatland konsernet er den største privateigde kjøttverksemda i Norge,


Me lanserer ny nettside og ny logo! Sjekk ut alle våre tomter på vindafjordtomteselskap.no

Din lokale

varmepumpeleverandør! kontakt oss

bjarte@lauareid.no www.panasonicvarmepumper.no

976 05 432 Følg oss på Facebook facebook.com/vindafjordtomteselskap

52 71 35 10

Landbruk, hus, hobby, hage, kjæledyr, jakt, leiker og mykje meir...

Me har stort utval til heile familien

Etne, tlf. 51 77 11 30 Mandag –fredag: 8-18, laurdag: 9-15

bondekompaniet.no


TØFFE UTDANNINGSVAL Mange har meiningar om kva yrkesval dei unge bør ta. Anita Håvardsen, Jarle Lunde og Celina Berntine Vik Thorson er nokre av ungdommane som har gått sine eigne vegar. Bildetekst

– Ein må velje noko ein trivst med, det hjelper ikkje med god lønn dersom du ikkje likar jobben din, meiner Anita Håvardsen (19) som er dekkslærling hjå Odfjell.

24

1 • 2021

Foto: Privat

Anita Håvardsen (19) er dekkslærling på eit av frakteskipa til Odfjell, det norske shippingselskapet er eit av verdas leiande selskap innan lagring og frakting av kjemikalie. På Facebook-sida til Anita er det bilete av arbeidsplassen, eit oransje frakteskip, og ikkje minst ho sjølv kledd i kjeledress i same fargen. Som dekkslærling er ho med på vedlikehald på dekk, lasting og lossing av kjemikalie over heile verda. Sist tur gjekk ho ombord i Houston og av skipet i Brasil. Dagane er varierande og byr på mange ulike oppgåver gjennom ein arbeidsdag. Anita har funne sitt drøymeyrke. – Det var mange som hadde meiningar om kva yrke eg skulle velje, og eg sikta meg eigentleg inn mot legeyrket, tanken var å utdanne seg til patolog, seier Etne-jenta som etter å ha besøkt skuleskipet Gann som tiendeklassing endra retning totalt. – Me fekk aldri noko informasjon om maritime fag på ungdomsskulen, det kunne absolutt vore betre. Så når me besøkte Gann bestemte eg meg med ein gong, dette var mi retning. Havet som arbeidsplass ligg i blodet til Anita. Bestefaren jobba som kranførar på skip, og fortalde ivrig gode historier frå livet til sjøs. Ho visste at yrkesfag og maritime fag var ein god veg å velje, men det ante henne at det ikkje var mange jenter som valde denne yrkesvegen. – Då eg starta på maritime fag på Karmsund VGS var me om lag 30 stykk i klassen, berre 3 av oss var jenter. Eg trur fleire hadde valt desse faga om det blei snakka meir om.


Yrkesval

Eg vil gjerne sjå mykje av verda, oppleve andre kulturar og møte menneske i andre land. Anita Håvardsen

Jenter får raskt informasjon om helse- og oppvekst-fag, og blir gjerne oppmoda til å ta høgare utdanning, meiner Anita som slår eit slag for yrkesfag og praktiske utdanningar. – Ein er ikkje mindre smart om ein vel yrkesfag, det er ein lur utdanningsveg der du kjem deg raskt ut i arbeid, samstundes som du kan bygge på utdanninga di seinare. Og det er ikkje skummelt å vere jente og lærling i eit mannsdominert yrke, ein må berre vite kva ein vil, og vere sikker på kva ein kan få til. Ein må alltid bevise meir som jente enn som gut, men etter ei tid set ein seg i respekt. Anita fekk også prøve å jobbe på Mercy Ships, som til vanleg driv bistandsarbeid i afrikanske land. – Det ville eg verkeleg vere ein del av. I tillegg til at dei driv med hjelpearbeid så har dei eit flott samfunn om bord på skipet. No vart ikkje tida mi på Mercy så lang, men eg treivst voldsomt godt. På grunn av korona vart det ikkje tur til Afrika, men derimot til ein verkstad på Tenerife. Så når dei får lov til å reise tilbake til Afrika planlegg eg å vere med, fortel ho.

Familien var bekymra då Anita valde sjøvegen som yrkesveg. – Mamma har vore støttande, men ho syns og det var litt skummelt. Det står nok meir respekt av å ha ei dotter på legestudiar enn at ho blir sjømann, men det har endra seg no. No veit dei at det er dette eg vil, og dei støttar meg. Andre har derimot hatt mange meiningar om valet til Etne-jenta. Somme har uttalt at ho er for smart til å jobbe på sjøen, og at ho kanskje vil slite med alt arbeidet som ventar. Ikkje minst har fleire peika på at det kan vere vanskeleg å jobbe i lange turnusar dersom ho får barn. – Det er jo ingen mann som får høyre slikt vil eg tru. Skal eg velje yrket mitt etter tanken om at eg kanskje får barn eingong?

Jarle Lunde (23) frå Ølensvåg starta utdanninga si på musikklinja på Kongshaug VGS. Sjølv om han som liten gut drøymde om å vere musikar på heiltid var planen å dyrke musikken som hobby, samstundes som han tok ein sikker yrkesveg i tillegg.

Foto: Privat

Sjølv meiner Anita at ho har lært mykje i læretida si, ikkje minst om kva ho kan få til og kor ulike forventningane er til jenter og gutar. – Eg valde heilt bevisst å jobbe på eit skip som har lang turnus og reiser langt. Eg vil gjerne sjå mykje av verda, oppleve andre kulturar og møte menneske i andre land. På desse skipa jobbar me også med mannskap frå mange ulike land, og ein blir tøffare både psykisk og fysisk. – Det må nok til eit haldningsarbeid også ute på desse skipa, dei fleste er ikkje vane med å ha kvinner og jenter i maritime miljø. Men dei set og pris på å få jentene inn i miljøet, spesielt når dei forstår at me ikkje treng meir hjelp til oppgåvene enn gutane gjer. Anita meiner gutane og lett kan oppleve ulike haldningar, og at gutar i typiske kvinneyrke som barnehagelærar eller sjukepleiar gjerne kjenner på det same, at dei må bevise meir for å bli tatt seriøst i jobbsamanheng.

Det går ikkje. Og det er jo ingen dører som er låste her, ein kan jobbe på andre typar skip, eller til og med på land om det trengs, fortel Anita. Ho ser at fleire jenter tar kontakt for å høyre korleis utdanninga var, og håpar ho kan inspirere fleire til å ta utradisjonelle yrkesval. – Ein må velje noko ein trivst med, det hjelper ikkje med god lønn dersom du ikkje likar jobben din. Hjå meg ligg nok reiselysta og i botn, eg likar å oppleve nye land og kulturar. Framtida er ikkje spikra, men Anita drøymer om å bli kaptein. Etter endt læretid ventar truleg fleire år på fagskule. – Er ein målretta klarer ein det meste, slår ho fast.

Jarle Lunde (23) drøymer om ein jobb der teknologi og kreativitet møtest. No kombinerer han mastergrad i robotteknikk med ei deltidstilling i AutoStore.

1 • 2021

25


Yrkesval

Eg blir nok driven av å skape noko nytt, det betyr mykje for meg at eg kan vere med å få ting opp å gå. Jarle Lunde

– Etter vidaregåande tok eg eit årsstudium i økonomi og leiing, eg måtte ha eit ekstra mattefag for å kome inn på ingeniørfag, som var målet. Jarle ynskte ei utdanning der han kunne kombinere kreative løysingar med tekniske utfordringar. – Eg blir nok driven av å skape noko nytt, det betyr mykje for meg at eg kan vere med å få ting opp å gå, meiner han. I 2020 var han ferdig med bachelorgraden som elektronikkingeniør. Då hadde han allereie hatt sommarjobb i AutoStore, der han framleis jobbar i ei lita deltidsstilling. – Pappa tipsa meg om å søkje der, og eg fekk sommarjobb i 2019, og fekk kome tilbake i 2020. No har eg ei lita stilling der eg jobbar med å utvikle produksjonstest til kretskort, som ein køyrer på fabrikkane for å sjekke at all teknologi går rett. Eg trivst veldig godt der kreativitet og teknologi møtes. Sjølv om det er vanskeleg å spå, ser han ikkje vekk frå at det kan bli aktuelt å flytte heim igjen til Vindafjord på eit tidspunkt. Ikkje minst sidan næringslivet lokalt her byr på så mange moglegheiter. Drøymejobben er ei stilling der han kan få setje sitt preg på tekniske løysingar som bidreg rett inn i folks kvardag, det kjekkaste er å finne løysingar som betyr noko for folk. No er han også i gang med mastergrad i robotteknikk. Jarle meiner det er viktig å velje ein yrkesveg som er kjekk, og ikkje ta val fordi det ser kult ut eller at andre meiner det er rett for deg. Musikklinja på Kongshaug la grunnlaget for musikk som ein god hobby. I dag er han ein del av rockebandet Graular, som også er ei lita bedrift der dei fem bandmedlemmene må løyse alle oppgåvene både musikalsk, og innan design, promotering og marknadsføring. Koronaåret 2020 har og vore tøft for det unge bandet. Jarle sjølv spelar gitar, lagar låtar, designar marknadsmaterial og redigerer videoar. – Vokalisten er og frå Vindafjord, me har kjent kvarandre sidan ungdomsskulen, resten er folk me har truffe etterpå. Men det er blitt ein god gjeng. Fjoråret vart veldig stilt, sjølv om me fekk til ein liten konsert for 30 stykk i haust. – Det har blitt endå mindre økonomi i dette no enn det pleier. Det hadde jo sjølvsagt vore kjekt om me tente pengar på dette og ein gong, men det er ikkje det viktigaste. Celina Berntine Vik Thorson (24) frå Etne meiner det er viktig å vite kva styrkar ein har når ein skal velje utdanning. I dag har ho arbeidskvardagen sin høgt oppe i lufta. – Mange av kollegane mine fortalde at dei alltid hadde visst

26

1 • 2021

at dei ville fly frå dei var små. Sjølv visste eg ikkje kva eg ville jobbe med i det heile tatt. I staden fokuserte eg på kva som er mine styrkar og kva eg likar å halde på med, fortel ho. Då læraren på vidaregåande fekk høyre at ho treivst i rolla som turntrenar og kunne tenkje seg å søkje leiarutdanning tipsa han om å ta forsvarets befalsskule. – Igjen møtte eg på gode rådgjevarar som spurte meg om kven eg var og kva eg var god på for å kartlegge kor eg passa best. Det er eg umåteleg takknemleg for. Forsvarskarriere var noko nytt og uventa for meg, eg trur det er viktig å våge og kaste seg ut i det ukjente og prøve. Det verste som skjer er at du ikkje likar det, og at du truleg lærer noko nytt om deg sjølv. Sjølv meiner ho at ho ikkje hadde søkt rekruttskuleinstruktør og seinare systemoperatør dersom ho ikkje hadde hatt dei menneska rundt seg som fortalde at dei hadde tru på henne. – Befalskulen gav meirsmak og eg sendte inn ein open søknad til personaloffiseren. Han sendte meg på opptak og vidare på utdanning i både England og USA før eg enda opp med vingen på brystet som systemoperatør på forsvarets maritime overvakingsfly P-3 Orion på Andøya. Her fyk me operative tokt for å hevde norsk suverenitet i nordområda. Dette betyr blant anna å kontrollere fiskeressursar og gjere ubåtsøk langt til havs. – Det som gir meg mest er samarbeidet i flyet. Me flyr 10 stykk saman der alle er ekspertar på sitt område. Resten av crewet stolar på at eg veit kva eg driv med og er avhengig av at alle gjer ein god jobb, for best mogleg resultat. Det er ikkje ein individuell sport, me heiar kvarandre fram og må fungere saman. Dette gjer kollegaene til meir enn berre kollegaer. Dei blir nære venner og skvadronen har blitt ein ekstra familie for meg. I dag er ho tilbake på utdanning i Florida, USA. Frå 2023 skal Noregs nye overvakingsfly P-8 Poseidon overta oppdraga til P-3 Orion. I ei slik overgang er det mange årsverk med erfaring som forsvinn. – Dette gir oss som er med i konverteringa eit ekstra ansvar til å bygge opp ein ny solid grunnmur for maritim overvaking. Igjen går eg ut i det usikre, men med stor tru på at dette også skal bli bra. Mi anbefaling til dei som ikkje veit kva dei vil jobbe med er å bli kjent med eigne styrkar. Bruk desse til å få gode råd, både frå deg sjølv og andre. Så er det bare å hive seg ut i det.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar


Forsvarskarriere var noko nytt og uventa for meg, eg trur det er viktig å våge og kaste seg ut i det ukjente og prøve. Celina Berntine Vik Thorson

Celine Berntine Vik Thorsen (24) har funne sin arbeidsplass i lufta. Ho meiner det er viktig å vite kva ein trivst best med når ein skal velje utdanning. Foto: Privat

1 • 2021

27


Bli med på reisen til et selskap i enorm vekst! Abiyu (35), Test Engineer, Skjold

Vi har skyhøye ambisjoner og opplever en enorm vekst. Vi trenger nå flere dyktige kollegaer med oss videre på reisen. AutoStore™ er et revolusjonerende, unikt og verdenspatentert lagersystem med roboter som henter varer fra en kube-konstruksjon. Vi er The Cube Storage Pioneers, og vi har store ambisjoner om å redefinere flere bransjer. Vi opererer i et globalt marked, og har kunder i over 30 land. Hovedkontoret vårt ligger i Nedre Vats, og i tillegg har vi kontorer i Oslo, USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Polen, Japan og Sør-Korea. I 2019 ble AutoStore Norges første «Unicorn», et teknologi-selskap verdt mer enn 1 milliard dollar. Google og Financial Times rangerte oss som en av «Europe’s Top 100 Digital Companies», vi vant «Product of the Year», og den prestisjefylte prisen «European Business Awards». Vi er stolte, og er overbeviste om at dette bare er starten på en spennende reise!

www.autostoresystem.com 28

1 • 2021

Vi søker nå flere kreative og nysgjerrige personer med skaperglede og engasjement til å drive innovasjon og videreutvikling av teknologien. Nå trenger vi flere dyktige kollegaer til disse områdene: • • • • • • • •

Mekanikk Software Elektronikk Kybernetikk Robotikk Sales/Business development HR Project management

Mer informasjon: autostoresystem.com/career

Lean

Transparent

Bold


Nytt utseende – fortsatt like lokal, nær og personlig. Vi gleder oss til vårt neste kapittel, sammen med deg. Spennende, utfordrende, lærerikt og magisk. Et nytt kapittel kan være så mangt. Men en ting er sikkert – vi er her for deg når du trenger oss, fra de små til de store tingene i livet. Vi er fortsatt lokalbanken. Vi er der du er.

Spare Låne Betale

haugesund-sparebank.no

Forsikre

1 • 2021

29


VINDAFJORD FRIR

TIL UNGDOMMEN Gjennom attraktivitetsprosjektet Vakre Vindafjord ynskjer kommunen no og høyre kva dei unge meiner kommunen bør satse på.

Erik Hjelm Fjeldheim (18) er leiar for Ungdomsrådet i Vindafjord kommune, og meiner robuste kommunale tenester, fritidstilbod og attraktive jobbar er kritisk viktig for å kapre unge tilflyttarar. Prosjektet Vakre Vindafjord fekk sin oppstart i 2018. Målet har vore å gjere kommunen attraktiv for nye tilflyttarar og ungdom som ynskjer å flytte heim igjen. Gjennom dette prosjektet ynskjer ein å skape både arbeidslyst, bulyst og reiselyst til Vindafjord. Fjeldheim er ein av dei unge som no går på vidaregåande og står difor på trappene for å ta vidare utdanning. Han ynskjer gjerne å flytte heim igjen til Skjold dersom livet gir opning for det. – Eg synest det er viktig med trygge lokalsamfunn, gode kollektivtilbod, attraktive jobbar og gode fritidstilbod for å få fleire til å flytte til Vindafjord. Det er jo den sterke sentraliseringstrenden i samfunnet generelt som er utfordrande for kommunen, meiner han. Sjølv meiner leiaren i Ungdomsrådet at Vindafjord er gode på fritidstilbod til born og unge, og dreg spesielt fram 4H-klubben i Skjold som har vore på topp i Rogaland med opp mot 50 medlemmer på sitt beste. – Det er kjekt å sjå at det er fotballag i bygdene og mange flotte aktivitetar som folk kan drive på med. Men det er mange utfordrande tema og, ta dei små skulane i dei minste bygdene 30

1 • 2021

til dømes. Skal ein drive små skular blir det ganske dyrt, men samstundes vil ingen etablere seg i bygder der det ikkje er skule meiner eg. – Kanskje det går an å tenkje litt kreativt med tanke på korleis ein driv skulane? At ein kan samle administrasjon ein stad til dømes? – Me vil gjerne fokusere framover på å vise fram kva ein har å tilby i kommunen, og kvifor det er kjekt å bruke tid i Vindafjord, både som arbeidstakar, innbyggar og turist, seier kommunalsjef Anne Sofie Sandvik som sit i prosjektgruppa for Vakre Vindafjord. Det er desse tre fokusområda som saman kan skape ei god utvikling framover, meiner ho. Opphavleg starta prosjektet opp med eit ekstra fokus for å styrke dei tre minste bygdene, eit av resultata er handlebussen som sikrar at eldre kjem seg på butikken i Imsland, Bjoa og Vikebygd. No har prosjektet fått fornya politisk tillit, men det er og presisert tydelegare at prosjektet skal jobbe med heile kommunen. I vår har kommunen lansert nye nettsider med ny profil, der er og all informasjon omarbeidd og meir tilgjengeleg. Til sommaren blir det i tillegg lansert ei eiga underside for Vakre Vindafjord. Hovudtema på denne sida er det gode med å bu-, arbeide og reise i Vindafjord. Den skal vise kva kommu-


Oppvekst og fritid

Her er det arbeidsplassar til alle typar kompetanse, og til begge to i familien.

nen har å tilby dei som ynskjer å flytte til kommunen, jobbe i kommunen eller kome på besøk som turistar. – Me har eit fantastisk næringsliv som er ganske unikt, det gir oss mange moglegheiter. Kvar dag reiser det fleire inn på jobb i Vindafjord enn dei som reiser ut. I tillegg har me lenge hatt arbeidsinnvandrarar som ei stor gruppe, der og mange har slått seg ned her. – I tillegg til hovudutfordringa vår knytt til å løfte buattraktiviteten vår, er det me kanskje bør løfte endå meir fram reiselivet vårt, det har blitt litt gøymd. Det handlar ikkje om at me ikkje har eit godt reiseliv, men fordi me ikkje har vore så gode på å organisere det og ha ein reiselivsstrategi. Bur du her i kommunen har du mange reisemål du kan nå innan ein time i reisetid, meiner Sandvik.

linga. Distriktssenteret er klare på at alle kommunar ikkje kan selje flott natur, fjell og fjordar, det finst overalt i dette landet. Me må vise fram meir av alle dei gode arbeidsplassane det er i Vindafjord. Skal me Rune Hetland vere attraktiv som buplass for den unge generasjonen må me ha gode arbeidsplassar, og det har me verkeleg i Vindafjord, seier han og peikar på bedrifter som Hatteland, AutoStore, Omega 365, Westcon, Fatland, Ølen Betong, Bremnes Seashore og Granberg for å nemne nokon av mange. – Her er det arbeidsplassar til alle typar kompetanse, og til begge to i familien. Me er i verdsklassen innan mange bransjar, og det er ganske spesielt.

Tove Elise Madland er varaordførar i Vindafjord kommune, og håpar prosjektet kan vere med på å setje Vindafjord på kartet som ein attraktiv kommune for fleire. – Me må våge å tenkje høgt om kva som kan få folk til å flytte til Vindafjord. Tomter trur eg absolutt er eit nøkkelord, og kanskje me må vurdere å opne opp for meir spreidd busetnad? Ho meiner næringslivet ber preg av ei unik gründerånd, men ser likevel at ein ikkje klarer å halde folketalet oppe. No håpar ho at dei unge vil gi litt av svaret på kva som trengs for å auke rekrutteringa. – Kan det hende at korona-pandemien kan hjelpe oss litt med å knekke den koden? Eg trur jo at mange har fått auga opp for å bu landleg, fritt og godt med hus og hage, i staden for ei lita leilegheit i ein by. Og dette er ikkje spesielt med Vindafjord, også dei andre kommunane på Haugalandet slit med å få sine ungdommar heim igjen etter at dei har fått seg utdanning og etablert seg. – Me er ikkje buattraktive nok, det må me gjere noko med. Kollektivtilbodet vårt må styrkast, og me ser jo at alle samferdsletiltak hjelper på, Rogfast ser eg på som eit pluss for kommunen vår.

Nærleiken til lokalsamfunnet er også viktig for mange. – Eg snakka med ein tilflyttar til Vikebygd som synest det er spesielt positivt kor tilgjengeleg alt er. Bur du i byggefelt her har du gangeavstand til barnehage, skule, butikk, bygdahus, speidarhus, idrettsanlegg, fjellturar i mange retningar og fjorden. Pendlaravstanden til mange og attraktive arbeidsplassar er og kort. Dette snakkar me for lite om. – Dei minste bygdene har mista meir av infrastrukturen enn dei store, eg meiner det er rett å sjå spesielt på utviklinga i desse for å sjå korleis dei kan løfte seg. Det er viktig at dei større bygdene og har noko å vere sentrum for. Hetland viser til Victor D. Normann som leia distriktsdemografiutvalet og la fram sin rapport for ikkje så lenge sidan. – Han seier at det ikkje er lett, men at det er mogleg å stabilisere folketalet i distrikta. Men det krev ein aktiv og ny politikk tilpassa situasjonen nå. Ein må ikkje kopiere andre, men aktivt utvikle det særpreget ein har i si bygd og sin kommune. Det er godt å høyre at det er mogleg å gjere noko, så nå gjeld det å bestemme seg for kva, og å handle. Det krev politikk langt utover dei få kronene som er til disposisjon i prosjektet vårt i Vakre Vindafjord.

Rune Hetland er tidlegare generalsekretær, no pressepolitisk rådgjevar i Landslaget for lokalaviser (LLA), er tidlegare lokalpolitikar, frå Bjoa og bur i Vikebygd. Han slår gjerne eit slag for utviklinga i dei minste bygdene i kommunen. – LLA har nett gjennomført eit stort prosjekt saman med NRK og SUJO (Senter for undersøkande journalistikk) som handlar om den store folkevandringa i Noreg. Her får lokalavisene tilgang til eit stort, unikt talmateriale og det er laga over 500 saker i lokalavisene om temaet til nå. Prosjektet viser at utfordringa er endå større enn me kanskje har trudd. Me har visst at folk i stor grad vandrar frå bygdene til byane, men me har kanskje ikkje tatt innover oss kor store flyttestraumane er og at me har mykje lågare fødselstal enn det som trengst for å oppretthalde folketalet i landet vårt, seier Hetland. Talmaterialet viser at utan innvandring frå flyktningar og arbeidsinnvandring ville nedgangen i folketalet vore endå meir dramatisk i fleirtalet av kommunar i landet; også i Vindafjord kommune. Han peikar og på at dette blir ekstra tydeleg nå etter over eitt år med pandemi der innvandringa har stoppa opp, noko som også stagnerer folketalsutviklinga. Hetland meiner ein sjølvsagt må jakte på å få heim unge familiar, spesielt dei som kjem frå kommunen. Men han meiner og kunnskapen om folketalsutviklinga viser at ein og må legge vekt på å ta vare på våre nye landsmenn, slik at dei blir verande. – Spørsmålet er korleis me skal lukkast med å snu utvik-

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Espen Gjendem

Morten Gjendem på joggetur.

1 • 2021

31


Me tilbyr

Fortare fram med Medvind i ryggen! Kortreist starthjelp og eit levande miljø for gründarar og bedrifter i utvikling.

Starthjelp Gratis etablerarrettleiing for deg som vil starta eiga bedrift

Forretningsutvikling Rådgjeving for bedrifter som ønskjer vekst

Kontorplass Tilgang til eit moderne kontorfellesskap

Nettverk

Kontakt oss for meir informasjon Telefon 971 88 516 post@medvind24.no

KLAPPET

& KLART•

HYTTE- OG BOLIGSTYLING

Eit fellesskap av bedrifter og sparringpartnarar frå eit breitt spekter bransjar

medvind24.no

ME KAN TILBY FØLGJANDE: • Møbler levert og montert i alle rom eller deler av hytta/boligen • Senger med dyner ferdig oppreidd • Tepper der det passer aller best • Gardiner og solskjerming - me tar mål og monterer • Belysning for alt og alle • Alt til mat og servering • Pynt og dekorering Du kan sjølv velgje ut alt du vil ha, eller du kan få oss til å gjere det. For dette kan me!

- for deg som vil flytte rett inn i ny hytte eller style boligen for sal! — Kvalitetstid, overskot, ei god natts søvn, den gode stemninga, trivsel... Det er det me leverer! - Ole Strømø, Møbelringen Etne

Du finn oss på Etne senter,

Haukelivegen 997, 5590 Etne Tlf. 53 77 09 99 • post@mobelringen.no • www.mobelringen.no

www.klappetogklart.com 32

1 • 2021

Me har auka verdien på mange hytter og hus og gjer det gjerne også for deg!


• MEKTIGE OG SPENSTIGE NATUROPPLEVINGAR • TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV • NÆRINGSLIV I VEKST

Etne kommune

SKÅNEVIK BLUESFESTIVAL

FOTO: LARS GUNLEIKSRUD

SKAKKESENTERET

FOTO: SONJA FRAFJORD

ETNE OMSORGSSENTER

FOTO: SONJA FRAFJORD

SKÅNEVIK

FOTO: ROAR BÆVRE

FUGL FØNIX HOTEL, ETNE

FOTO: SONJA FRAFJORD

VIA FERRATA, FJÆRA FOTO: ÅKRAFJORDEN NATURE B&B

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Vestland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Ullensvang, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadane Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane.

ETNE KOMMUNE

Sjoarvegen 2, 5590 Etne Tlf. 53 75 80 00 post@etne.kommune.no • www.etne.kommune.no

I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane. Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum. VELKOMMEN!

TURISTINFORMASJON:

Fugl Fønix Hotel tlf. 53 77 14 40 Åkrafjordtunet tlf. 53 77 14 80 Skånevik Fjordhotell tlf. 53 77 07 00


Jobb og utdanning Camilla Åsbø Fitje Etne Sparebank

God oppstart for Game of Skills Game of Skills har gitt bedriftene gode resultat. Allereie no er fleire ungdommar klare for attraktive sommarjobbar i regionen. Prosjektleiar Jenny Henriksen Leite meiner prosjektet har vore vellukka så langt. Ho gler seg over godt samarbeid med bedriftene og ikkje minst kontakt med mange spanande studentar som no er på leit etter den rette jobben. Prosjektet har som mål å styrke nettverksbygging og kontakten mellom lokale bedrifter og aktuelle studentar. Dersom koronasituasjonen tillet det ynskjer ein også å få til nokre sosiale møtepunkt for dei som har fått sommarjobb gjennom Game of Skills. Game of Skills er eit samarbeidsprosjekt mellom Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF), Fikse Næringsforening og Medvind24 Næringshage, og målet er å sikre rekruttering i det regionale næringslivet. Fleire av bedriftene som er med har fått tosifra tal på søkjarar. – Me har jobba både spissa inn mot ulike studiestadar, samstundes som me har marknadsført prosjektet meir generelt gjennom sosial medium. Eg trur det er viktig å treffe ungdommane på den arenaen dei brukar, så me har brukt Instagram spesielt mykje, fortel Henriksen Leite som har fått mange av bedriftene engasjert i story på Instagram. Dermed har ungdommane fått eit unikt innblikk i arbeidskvardagen hjå mange spanande bedrifter i Vindafjord og Etne. – For oss har det vore viktig å lytte til næringslivet for å kartlegge kva kompetanse dei treng og så har me kontakta aktuelle studiestadar for at dei kan bleste og framsnakke prosjektet. I prosjektet er det også mange bedrifter som ikkje berre er ute etter sommarvikarar, men som gjerne vil knyte kontakt med aktuelle ungdommar som kanskje kan få tilbod om jobb på sikt. Prosjektet har gitt mykje nettverksbygging for mange, meiner prosjektleiaren. Ei av bedriftene som har delteke i prosjektet er AdmMit, og dagleg leiar Jon Nielsen rosar prosjektet. – Me er veldig godt nøgde, det har vore overraskande god profilering av bedrifta gjennom prosjektet. Me fekk bort i mot 30 søkjarar totalt på fleire stillingsannonsar me hadde ute. Og no har me tilbydd ein person sommarjobb. – Det har vore ein suksess meiner eg når det er veldig godt kvalifiserte studentar i Trondheim som tar kontakt og er interessert i sommarjobb i Sandeid, og då ikkje fordi dei må, men fordi jobben ser spanande ut. Eg har sterk tru på at jobben som er gjort i sosiale medium har vore viktig, prosjektleiaren har gjort ein veldig god jobb, meiner Nielsen. Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Privat

34

1 • 2021

– Eg går nå tredje året på Høgskulen på Vestlandet der eg studerer økonomi og administrasjon. På vidaregåande valte eg studiespesialiserande, men då eg var ferdig var eg usikker på kva eg ville studere vidare. Eg tok difor eit friår der eg valte å reise og oppleve nye plasser. Eg fant då etter kvart ut at økonomi var vegen eg ville gå.

Ida Herabakka AdmMit

– På vidaregåande begynte eg med programmering via valfaget Informasjonsteknologi. Dette synes eg var veldig kjekt og det førte til at eg søkte på Informasjonsvitskap på Universitetet i Bergen. Nå er eg på 2. året og har fått ein spennande sommarjobb hjå AdmMit.


DESSE HAR SIKRA SEG SOMMARJOBB Colin Daniel Autostore

Helga Klungland Omega 365 Design

– Eg er ein 25 år gammal gutt frå Stokke, men busett og studerer i Trondheim. Eg er nå på mitt siste semester av mastergraden innan økonomi og administrasjon, med valt hovudretning innan Strategi, Organisering og Ledelse. Våren så langt har bestått av å skrive masteroppgåve om AutoStore og deira spennande organisasjonskultur, noko som har vore eit særleg spennande tema på grunn av veksten dei opplever.

– Eg går 1. året av ein bachelor i Medier og kommunikasjon på Universitetet i Bergen. På vidaregåande hadde eg fag i blant anna marknadsføring. Det var eit fag eg synest var spennande og kjekt. Medier og kommunikasjon går litt hand i hand med marknadsføring, så ein bachelor i det var noko eg såg for meg at kunne passe meg! Å få sommarjobb i Omega 365 Design er ein spennande og god moglegheit til å få gjera det eg studerer i praksis og tileigne meir relevant kunnskap. Det gjer og at eg knyt nærare band med næringslivet der eg kjem i frå, noko som gjer det meir attraktivt å flytte heim igjen etter ferdig utdanning!

– Det var ei nokså enkel avgjerd for meg å ville søke om stillinga som HR-analytikar i AutoStore. Ikkje berre er stillinga særs relevant for mi utdanning, men AutoStore har og vore utruleg hjelpsame i prosessen med masterskriving og stilt opp med opne armar der det har vore behov, i tillegg til at dei har eit godt verdigrunnlag og driv med heilt rå teknologi. Eg ser fram til å begynne og er takknemleg for moglegheita!

GAME OF SKILLS Bedrifter som er med: • AdmMit

• Etne Sparebank

• Tveit Regnskap

• AutoStore

• Helgevold Gruppen

• Vindafjord kommune

• Berge Sag

• Omega 365 Design

• Westcon

• Etne kommune

• Omega 365 Solutions

• Ølen Betong

1 • 2021

35


Omega Design

Bli sett

Bli høyrt

Bli med

Synleggjer bedrifter og arbeidsplassar

Bedriftene sitt talerøyr

Faglege nettverk og møteplassar

• Ny E134 • Meir næringsareal • Forenkla byråkrati • Betre kommune- og fylkesvegar • Samhandling skule og næringsliv • Utarbeiding av lokalt havneforvaltningsprosjekt «Gul stripe»

• Gir ut næringsmagasinet Tempo • Arrangerer møteplass for lokale bedrifter og jobbsøkarar i 5 byar • Arrangerer møteplass for bedrifter og jobbsøkarar i Etne og Vindafjord koplar bedrifter og jobbsøkarar

/ EtneVindafjord

• NæringsGIV på Olalia • Bransjekoordinator • Fagseminar • L.Ærling – for lærebedrifter

etnevindafjord.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.