8 minute read

Bulyst i Vindafjord

Next Article
Allsidig gründer

Allsidig gründer

VINDAFJORD FRIR TIL UNGDOMMEN

Gjennom attraktivitetsprosjektet Vakre Vindafjord ynskjer kommunen no og høyre kva dei unge meiner kommunen bør satse på.

Advertisement

Erik Hjelm Fjeldheim (18) er leiar for Ungdomsrådet i Vindafjord kommune, og meiner robuste kommunale tenester, fritidstilbod og attraktive jobbar er kritisk viktig for å kapre unge tilflyttarar. Prosjektet Vakre Vindafjord fekk sin oppstart i 2018. Målet har vore å gjere kommunen attraktiv for nye tilflyttarar og ungdom som ynskjer å flytte heim igjen. Gjennom dette prosjektet ynskjer ein å skape både arbeidslyst, bulyst og reiselyst til Vindafjord. Fjeldheim er ein av dei unge som no går på vidaregåande og står difor på trappene for å ta vidare utdanning. Han ynskjer gjerne å flytte heim igjen til Skjold dersom livet gir opning for det. – Eg synest det er viktig med trygge lokalsamfunn, gode kollektivtilbod, attraktive jobbar og gode fritidstilbod for å få fleire til å flytte til Vindafjord. Det er jo den sterke sentraliseringstrenden i samfunnet generelt som er utfordrande for kommunen, meiner han.

Sjølv meiner leiaren i Ungdomsrådet at Vindafjord er gode på fritidstilbod til born og unge, og dreg spesielt fram 4H-klubben i Skjold som har vore på topp i Rogaland med opp mot 50 medlemmer på sitt beste. – Det er kjekt å sjå at det er fotballag i bygdene og mange flotte aktivitetar som folk kan drive på med. Men det er mange utfordrande tema og, ta dei små skulane i dei minste bygdene til dømes. Skal ein drive små skular blir det ganske dyrt, men samstundes vil ingen etablere seg i bygder der det ikkje er skule meiner eg. – Kanskje det går an å tenkje litt kreativt med tanke på korleis ein driv skulane? At ein kan samle administrasjon ein stad til dømes?

– Me vil gjerne fokusere framover på å vise fram kva ein har å tilby i kommunen, og kvifor det er kjekt å bruke tid i Vindafjord, både som arbeidstakar, innbyggar og turist, seier kommunalsjef Anne Sofie Sandvik som sit i prosjektgruppa for Vakre Vindafjord. Det er desse tre fokusområda som saman kan skape ei god utvikling framover, meiner ho.

Opphavleg starta prosjektet opp med eit ekstra fokus for å styrke dei tre minste bygdene, eit av resultata er handlebussen som sikrar at eldre kjem seg på butikken i Imsland, Bjoa og Vikebygd. No har prosjektet fått fornya politisk tillit, men det er og presisert tydelegare at prosjektet skal jobbe med heile kommunen. I vår har kommunen lansert nye nettsider med ny profil, der er og all informasjon omarbeidd og meir tilgjengeleg. Til sommaren blir det i tillegg lansert ei eiga underside for Vakre Vindafjord. Hovudtema på denne sida er det gode med å bu-, arbeide og reise i Vindafjord. Den skal vise kva kommu-

nen har å tilby dei som ynskjer å flytte til kommunen, jobbe i kommunen eller kome på besøk som turistar. – Me har eit fantastisk næringsliv som er ganske unikt, det gir oss mange moglegheiter. Kvar dag reiser det fleire inn på jobb i Vindafjord enn dei som reiser ut. I tillegg har me lenge hatt arbeidsinnvandrarar som ei stor gruppe, der og mange har slått seg ned her. – I tillegg til hovudutfordringa vår knytt til å løfte buattraktiviteten vår, er det me kanskje bør løfte endå meir fram reiselivet vårt, det har blitt litt gøymd. Det handlar ikkje om at me ikkje har eit godt reiseliv, men fordi me ikkje har vore så gode på å organisere det og ha ein reiselivsstrategi. Bur du her i kommunen har du mange reisemål du kan nå innan ein time i reisetid, meiner Sandvik.

Tove Elise Madland er varaordførar i Vindafjord kommune, og håpar prosjektet kan vere med på å setje Vindafjord på kartet som ein attraktiv kommune for fleire. – Me må våge å tenkje høgt om kva som kan få folk til å flytte til Vindafjord. Tomter trur eg absolutt er eit nøkkelord, og kanskje me må vurdere å opne opp for meir spreidd busetnad?

Ho meiner næringslivet ber preg av ei unik gründerånd, men ser likevel at ein ikkje klarer å halde folketalet oppe. No håpar ho at dei unge vil gi litt av svaret på kva som trengs for å auke rekrutteringa. – Kan det hende at korona-pandemien kan hjelpe oss litt med å knekke den koden? Eg trur jo at mange har fått auga opp for å bu landleg, fritt og godt med hus og hage, i staden for ei lita leilegheit i ein by. Og dette er ikkje spesielt med Vindafjord, også dei andre kommunane på Haugalandet slit med å få sine ungdommar heim igjen etter at dei har fått seg utdanning og etablert seg. – Me er ikkje buattraktive nok, det må me gjere noko med. Kollektivtilbodet vårt må styrkast, og me ser jo at alle samferdsletiltak hjelper på, Rogfast ser eg på som eit pluss for kommunen vår.

Rune Hetland er tidlegare generalsekretær, no pressepolitisk rådgjevar i Landslaget for lokalaviser (LLA), er tidlegare lokalpolitikar, frå Bjoa og bur i Vikebygd. Han slår gjerne eit slag for utviklinga i dei minste bygdene i kommunen. – LLA har nett gjennomført eit stort prosjekt saman med NRK og SUJO (Senter for undersøkande journalistikk) som handlar om den store folkevandringa i Noreg. Her får lokalavisene tilgang til eit stort, unikt talmateriale og det er laga over 500 saker i lokalavisene om temaet til nå. Prosjektet viser at utfordringa er endå større enn me kanskje har trudd. Me har visst at folk i stor grad vandrar frå bygdene til byane, men me har kanskje ikkje tatt innover oss kor store flyttestraumane er og at me har mykje lågare fødselstal enn det som trengst for å oppretthalde folketalet i landet vårt, seier Hetland.

Talmaterialet viser at utan innvandring frå flyktningar og arbeidsinnvandring ville nedgangen i folketalet vore endå meir dramatisk i fleirtalet av kommunar i landet; også i Vindafjord kommune. Han peikar og på at dette blir ekstra tydeleg nå etter over eitt år med pandemi der innvandringa har stoppa opp, noko som også stagnerer folketalsutviklinga.

Hetland meiner ein sjølvsagt må jakte på å få heim unge familiar, spesielt dei som kjem frå kommunen. Men han meiner og kunnskapen om folketalsutviklinga viser at ein og må legge vekt på å ta vare på våre nye landsmenn, slik at dei blir verande. – Spørsmålet er korleis me skal lukkast med å snu utviklinga. Distriktssenteret er klare på at alle kommunar ikkje kan selje flott natur, fjell og fjordar, det finst overalt i dette landet. Me må vise fram meir av alle dei gode arbeidsplassane det er i Vindafjord. Skal me vere attraktiv som buplass for den unge generasjonen må me ha gode arbeidsplassar, og det har me verkeleg i Vindafjord, seier han og peikar på bedrifter som Hatteland, AutoStore, Omega 365, Westcon, Fatland, Ølen Betong, Bremnes Seashore og Granberg for å nemne nokon av mange. – Her er det arbeidsplassar til alle typar kompetanse, og til begge to i familien. Me er i verdsklassen innan mange bransjar, og det er ganske spesielt.

Nærleiken til lokalsamfunnet er også viktig for mange. – Eg snakka med ein tilflyttar til Vikebygd som synest det er spesielt positivt kor tilgjengeleg alt er. Bur du i byggefelt her har du gangeavstand til barnehage, skule, butikk, bygdahus, speidarhus, idrettsanlegg, fjellturar i mange retningar og fjorden. Pendlaravstanden til mange og attraktive arbeidsplassar er og kort. Dette snakkar me for lite om. – Dei minste bygdene har mista meir av infrastrukturen enn dei store, eg meiner det er rett å sjå spesielt på utviklinga i desse for å sjå korleis dei kan løfte seg. Det er viktig at dei større bygdene og har noko å vere sentrum for.

Hetland viser til Victor D. Normann som leia distriktsdemografiutvalet og la fram sin rapport for ikkje så lenge sidan. – Han seier at det ikkje er lett, men at det er mogleg å stabilisere folketalet i distrikta. Men det krev ein aktiv og ny politikk tilpassa situasjonen nå. Ein må ikkje kopiere andre, men aktivt utvikle det særpreget ein har i si bygd og sin kommune. Det er godt å høyre at det er mogleg å gjere noko, så nå gjeld det å bestemme seg for kva, og å handle. Det krev politikk langt utover dei få kronene som er til disposisjon i prosjektet vårt i Vakre Vindafjord.

Her er det arbeidsplassar til alle typar kompetanse, og til begge to i familien. Rune Hetland

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar Foto: Espen Gjendem

• MEKTIGE OG SPENSTIGE NATUROPPLEVINGAR • TRYGG OG GOD OPPVEKST • RIKT KULTURLIV • NÆRINGSLIV I VEKST

SKÅNEVIK BLUESFESTIVAL Etne kommune

FOTO: LARS GUNLEIKSRUD

SKAKKESENTERET

FOTO: SONJA FRAFJORD

ETNE OMSORGSSENTER

SKÅNEVIK

FOTO: SONJA FRAFJORD

FOTO: ROAR BÆVRE

FUGL FØNIX HOTEL, ETNE

FOTO: SONJA FRAFJORD

VIA FERRATA, FJÆRA

Etne kommune er omringa av flott og variert natur og ligg sør i Vestland fylke. Kommunen grensar til Kvinnherad, Ullensvang, Suldal, Vindafjord og Sauda, der dei tre siste ligg i Rogaland. Dei fleste innbyggjarane bur rundt tettstadane Etne og Skånevik. Kommunen er eit godt utgangspunkt for å nå stader som Haugesund, Bergen, øyriket i Sunnhordland, Hardangerfjorden og Ryfylkefjordane. I Etne kommune kan du busetje deg i landlege omgjevnader med det du treng av butikkar og andre servicetilbod i nærleiken. Det er gode og velorganiserte kommunale tenester for innbyggjarane.

Etne kommune har eit stort mangfald i lokalsamfunnet, der livskvalitet for alle står i sentrum. VELKOMMEN!

FOTO: ÅKRAFJORDEN NATURE B&B

ETNE KOMMUNE

Sjoarvegen 2, 5590 Etne Tlf. 53 75 80 00 post@etne.kommune.no • www.etne.kommune.no

TURISTINFORMASJON:

Fugl Fønix Hotel tlf. 53 77 14 40 Åkrafjordtunet tlf. 53 77 14 80 Skånevik Fjordhotell tlf. 53 77 07 00

This article is from: