Tempo Næringsmagasin 1 2021

Page 30

VINDAFJORD FRIR

TIL UNGDOMMEN Gjennom attraktivitetsprosjektet Vakre Vindafjord ynskjer kommunen no og høyre kva dei unge meiner kommunen bør satse på.

Erik Hjelm Fjeldheim (18) er leiar for Ungdomsrådet i Vindafjord kommune, og meiner robuste kommunale tenester, fritidstilbod og attraktive jobbar er kritisk viktig for å kapre unge tilflyttarar. Prosjektet Vakre Vindafjord fekk sin oppstart i 2018. Målet har vore å gjere kommunen attraktiv for nye tilflyttarar og ungdom som ynskjer å flytte heim igjen. Gjennom dette prosjektet ynskjer ein å skape både arbeidslyst, bulyst og reiselyst til Vindafjord. Fjeldheim er ein av dei unge som no går på vidaregåande og står difor på trappene for å ta vidare utdanning. Han ynskjer gjerne å flytte heim igjen til Skjold dersom livet gir opning for det. – Eg synest det er viktig med trygge lokalsamfunn, gode kollektivtilbod, attraktive jobbar og gode fritidstilbod for å få fleire til å flytte til Vindafjord. Det er jo den sterke sentraliseringstrenden i samfunnet generelt som er utfordrande for kommunen, meiner han. Sjølv meiner leiaren i Ungdomsrådet at Vindafjord er gode på fritidstilbod til born og unge, og dreg spesielt fram 4H-klubben i Skjold som har vore på topp i Rogaland med opp mot 50 medlemmer på sitt beste. – Det er kjekt å sjå at det er fotballag i bygdene og mange flotte aktivitetar som folk kan drive på med. Men det er mange utfordrande tema og, ta dei små skulane i dei minste bygdene 30

1 • 2021

til dømes. Skal ein drive små skular blir det ganske dyrt, men samstundes vil ingen etablere seg i bygder der det ikkje er skule meiner eg. – Kanskje det går an å tenkje litt kreativt med tanke på korleis ein driv skulane? At ein kan samle administrasjon ein stad til dømes? – Me vil gjerne fokusere framover på å vise fram kva ein har å tilby i kommunen, og kvifor det er kjekt å bruke tid i Vindafjord, både som arbeidstakar, innbyggar og turist, seier kommunalsjef Anne Sofie Sandvik som sit i prosjektgruppa for Vakre Vindafjord. Det er desse tre fokusområda som saman kan skape ei god utvikling framover, meiner ho. Opphavleg starta prosjektet opp med eit ekstra fokus for å styrke dei tre minste bygdene, eit av resultata er handlebussen som sikrar at eldre kjem seg på butikken i Imsland, Bjoa og Vikebygd. No har prosjektet fått fornya politisk tillit, men det er og presisert tydelegare at prosjektet skal jobbe med heile kommunen. I vår har kommunen lansert nye nettsider med ny profil, der er og all informasjon omarbeidd og meir tilgjengeleg. Til sommaren blir det i tillegg lansert ei eiga underside for Vakre Vindafjord. Hovudtema på denne sida er det gode med å bu-, arbeide og reise i Vindafjord. Den skal vise kva kommu-


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.